Fleire brukarar, aukande bistandsbehov

Publisert:

I løpet av 2016 tok over 355 000 personar imot ein eller fleire kommunale omsorgstenester anten heime eller på institusjon. Det er ein auke på om lag 2 prosent frå 2015 og 8 prosent frå 2009. Bistandsbehovet er størst blant dei yngste og dei eldste, men har auka i alle aldersgrupper over tid.

I tida frå 2009 til 2016 har det kvart år blitt stadig fleire som har nytta eitt eller fleire tilbod i den kommunale omsorgstenesta. Medan det var 329 306 personar som mottok tenester i løpet av 2009, var tilsvarande tal 355 635 for 2016. Talet på brukarar ved utgangen av året viser same trend over tid sjølv om veksten er noko lågare. Det var i alt 278 161 personar som fekk tenester ved utgangen av 2016, noko som representerer ein auke på over 4 prosent frå 2009.

Figur 1. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året, totalt. 2009-2016
Figur 1. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året, totalt. 2009-2016
2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Tjenestemottakere 329306 327444 330468 336864 340093 342216 349419 355635

Flest kvinner i dei fleste aldersgruppene

Av alle dei som nytta eit tenestetilbod i løpet av 2016, var 6 av 10 kvinner. Det er berre i aldersgruppa 0-17 år det er færre kvinner enn menn, med høvesvis 38 og 62 prosent. Jo eldre aldersgrupper desto høgare del utgjer kvinnene. I aldersgruppa 80 år og eldre, utgjorde kvinnene 70 prosent av brukarane i 2016. 

Figur 2. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året, etter kjønn. 2016
Figur 2. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året, etter kjønn. 2016
0-17 år 18-49 år 50-66 år 67-79 år 80 år og eldre
Menn 62.2415669 49.0031204 47.2830624 42.2692055 30.492869
Kvinner 37.7584331 50.9968796 52.7169376 57.7307945 69.507131

Framleis auke i talet på brukarar under pensjonsalder

Talet på brukarar har gått opp i dei fleste aldersgruppene. Unnatak er dei yngste og eldste. I aldersgruppa 0-17 år har talet på dei som har motteke ein eller fleire tenester vore relativt stabil gjennom åra frå 2009 til 2016, og i gruppa 80 år og eldre har talet på brukarar gått ned i perioden.

Den største veksten i brukarar frå 2009 til 2016 har vore blant dei i alderen 18-49 år. Det var 57 165 personar i denne aldersgruppa som fekk ei eller fleire kommunale omsorgstenester i løpet av 2009, medan tilsvarande tal for 2016 var 74 475 personar. Det gir ein auke på litt over 30 prosent i perioden.

Talet på brukarar under pensjonsalderen på 67 år har auka frå 117 925 i 2009 til 140 288 i 2016, ein vekst på 19 prosent. Av alle som fekk ein eller fleire kommunale omsorgstenester i løpet av 2016, var om lag 40 prosent under pensjonsalder. 

Figur 3. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året, etter alder. 2009-2016
Figur 3. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året, etter alder. 2009-2016
2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
80 år og eldre 150495 149506 149345 150219 148329 146870 146289 145280
67-79 år 60874 59586 59524 61294 63170 64533 67318 70009
50-66 år 42796 43299 44129 45833 46189 47338 48611 50344
18-49 år 57165 57626 59810 62243 64915 66532 69780 72475
0-17 år 17964 17422 17652 17255 17462 16911 17388 17469

Ulike tenester, ulike behov

Den kommunale omsorgstenesta fatta totalt vedtak om over 800 000 einskilde tenester til brukarar i løpet av 2016, noko som er ein auke på om lag 10 prosent frå 2009.

Tenestetilbodet innan den kommunale omsorgstenesta er breitt, og tilbodet av tenester krev ulik innsats frå dei som jobbar i tenesta. Blant tenestene finn me alt frå tildeling av til dømes tryggleiksalarm til heimebuande til langtidsopphald på sjukeheim.

Omsorgstenestene er innretta for å dekkje ulike bistandsbehov blant brukarane, og i fleire tilfelle er tenestene å rekne som komplementære. Av tenestene som blir registrerte i fagsystema til kommunane og som inngår i rapporteringa til IPLOS-registeret, er helsetenester i heimen (tidlegare m.a. heimesjukepleie) den einskilde tenesta som blir ytt mest og som aukar mest over tid.

Medan det blei fatta 189 694 vedtak om helsetenester i heimen i løpet av 2009, var talet oppe i 223 780 i 2016, noko som inneber ein vekst på nær 18 prosent i perioden. Til samanlikning har ei anna teneste for heimebuande brukarar, praktisk bistand til daglege gjeremål, blitt redusert frå 124 407 vedtak om tenesta i 2009 til 107 335 i 2016. Det er ein nedgang på om lag 14 prosent i perioden.

Når det gjeld vedtak om institusjonstenester som plass på sjukeheim er desse meir stabile i volum over tid. Til dømes blei det fatta 47 647 vedtak om langtidsopphald i institusjon i løpet av 2016 mot 48 989 i 2009. 

Figur 4. Kommunale omsorgstenester gjennom året, totalt og etter utvalde typar tenester. 2009-2016
Figur 4. Kommunale omsorgstenester gjennom året, totalt og etter utvalde typar tenester. 2009-2016
2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Helsetenester i heimen 189694 191415 194699 201819 205340 209529 217142 223780
Praktisk bistand - daglege gjeremål 124407 122034 119937 118395 116666 113616 110676 107335
Dagopphold i institusjon 8319 8063 7844 8362 7396 7035 6562 6374
Tidsbegrenset opphold - utredning/behandling 20307 20954 21933 26833 27611 27528 27927 28477
Tidsbegrenset opphold - rehabilitering/habilitering 12190 12532 13505 14754 15352 15200 15716 16139
Tidsbegrenset opphold - annet 20863 20221 19869 21679 22314 21925 22372 22814
Langtidsopphold i institusjon 48989 48563 48333 48543 48205 48063 47955 47647
Totalt 733308 736453 746581 765348 770706 773616 789436 805569

Auka bistandsbehov blant personar i alle aldrar

Helse- og omsorgstenesta i kommunen vurderer kva for bistandsbehov den einskilde personen har, og desse vurderingane blir lagt til grunn ved vurdering av kva for tenester kvar einskilt får tilbod om. Sjølv om rapporteringa av bistandsbehov frå kommunane blir betre over tid er det stadig ein del brukarar i dei ulike aldersgruppene som av ulike grunnar ikkje har fått oppgitt noko bistandsbehov. Delen er størst blant dei yngste og fell med stigande alder.

Samlemålet for bistandsbehov viser at det frå 2009 til 2016 har vore ein auke i delen brukarar som anten har middels til stort eller omfattande bistandsbehov i alle aldersgruppene frå 2009. Det er særleg i den yngste aldersgruppa 0-17 år og blant dei eldste 80 år og eldre at bistandsbehovet har auka. Medan i overkant av 61 prosent av  dei yngste brukarane til og med 17 år hadde middels til stort eller omfattande bistandsbehov i 2009, var tilsvarande del litt over 72 prosent i 2016, ein auke på 11 prosentpoeng. For dei eldste 80 år og eldre var veksten på om lag 5 prosentpoeng i same periode.

Figur 5. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året med middels til stort eller omfattande bistandsbehov, etter alder. 2009-2016
Figur 5. Brukarar av kommunale omsorgstenester gjennom året med middels til stort eller omfattande bistandsbehov, etter alder. 2009-2016
2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
0-17 år 61.5 65.5 66.8 68.8 69.6 70.5 71.2 72.1
18-49 år 50.6 51.9 52.4 52.6 52.4 52.3 52.3 52.0
50-66 år 51.1 52.3 52.9 53.1 53.1 53.8 52.9 52.6
67-79 år 52.2 53.2 54.7 55.3 55.8 56.4 56.5 57.2
80 år og eldre 61.3 62.4 63.3 63.8 64.3 64.8 65.2 65.8

IPLOS-registeret

IPLOS-registeret er eit sentralt helseregister der Helsedirektoratet er databehandlingsansvarleg medan Statistisk sentralbyrå (SSB) er databehandlar på vegner av direktoratet. Registeret er individbasert og inneheld informasjon om brukarar og søkjarar av kommunale omsorgstenester, dessutan informasjon om tenestene som blir ytt i kommunane. Opplysingane baserer seg på årlege innsendingar av uttrekk frå lokale fagsystem i kommunane, og er ei viktig kjelde til informasjon om eit tenesteområde som kommunane bruker mykje ressursar på.

Data frå IPLOS-registeret inngår i fleire publiseringar i SSB. I tillegg til å inngå i KOSTRA-publiseringa i mars og juni kvart år, blir det mellom anna produsert ein eigen rapport med oppdaterte tal frå siste årgang kvar haust (august). Årleg blir det òg publisert ein kvalitetsrapport på hausten (september) som gir meir innsyn i metadata i form av til dømes datakontrollar som blir gjennomførte og kjende feil og avvik i rapporteringa.

Data frå IPLOS-registeret inngår elles i ei rekke leveransar til sentrale helsestyresmakter, forskarar og andre som nyttar opplysingane til ulike føremål. Det er grunn til å understreke at registeret er heimla i Helseregisterlova (2001-05-18 nr 24) og at det er fatta vedtak om ei eiga forskrift for IPLOS-registeret (2006-02-17 nr 204). Sistnemnde stiller vilkår til publisering og strenge krav til utlevering av data frå IPLOS-registeret.

Kontakt