Ved utgangen av mars var folketalet i Noreg 5 562 350. Det var 18 900 innvandringar i 1. kvartal, medan det var 8 100 utvandringar. Det vart fødd 13 000 barn, og 11 600 døde. Dermed auka storleiken på befolkninga med 12 200 personar, viser nye tal frå statistikken Befolkning. Innvandring frå Ukraina er også dette kvartalet ein stor bidragsytar til den høge veksten.  

Fleire fødde enn same kvartal i fjor

13 025 barn vart fødd i første kvartal 2024. Det svarar til ein auke på om lag 700 barn frå same kvartal i fjor. Fødselstalet er likevel lågt samanlikna med same kvartal dei siste 25 åra. Fødselsratane steig for alle aldersgruppene det er vanleg å rekne fødselsratar for, med unntak av den yngste gruppa, frå 15–19 år.

– Dersom denne utviklinga held fram ut året, vil det samla fruktbarheitstalet stige i 2024, seier Magnus Haug, seniorrådgjevar i SSB.

At fleire utset å føde er ein trend vi har sett ei god stund no. Fødselsratane for kvinner over 35 år har stige dei 25 siste åra. Medan talet på fødslar i førstekvartal per kvinne i 20-åra har sokke i same periode.

Figur 1. Fødde i 1. kvartal per 1000 kvinne


Det er framleis fleire som fødast enn som døyr i Noreg. Frå i fjor auka fødselsoverskotet noko, fordi talet på fødslar auka meir enn talet på dødsfall. I absolutte tal var det størst i Oslo, der det vart fødd 2 200 barn, medan 1 050 døydde. Det gav eit fødselsoverskot på 1 150 i hovudstaden.

Trass i fødselsoverskot på nasjonalt nivå, var det mange kommunar som hadde fleire dødsfall enn fødde. I alt hadde 214 kommunar eit fødselsunderskot det første kvartalet av 2024. 

I første kvartal i år var det eit samla fødselsunderskot i dei minst sentrale kommunane i Noreg. SSB deler Noregs kommunar inn i 6 grupper som representerer ulike nivå av sentralitet. Kommunane innanfor sentralitet 4, 5 og 6, altså dei tre minst sentrale nivåa, hadde fødselsunderskot i 1. kvartal. Dette er ein trend som har gått føre seg lenge. Kommunane på sentralitetsnivå 6 har hatt fødselsunderskot i kvart einaste førstekvartal sidan SSB byrja med kvartalsstatistikk i 1998.

Framleis høg innvandring

Det var i alt 18 900 innvandringar til Noreg i det første kvartalet i år. Rundt ein tredel av dei som innvandra, var ukrainske statsborgarar. Polske, syriske og svenske statsborgarar var neste i rekkja blant dei som innvandra. 

Figur 2. Inn- og utvandringar av ukrainske statsborgarar


Vel to år etter at fullskalainvasjonen i Ukraina tok til, er det framleis mange ukrainske statsborgarar som innvandrar til Noreg. Det var likevel ein nedgang frå 11 200 i 4. kvartal 2023 til 6 650 i 1. kvartal 2024. Dei siste kvartala har det også vore ein liten auke med utvandringar blant denne gruppa. I første kvartal utvandra 1 100 ukrainske statsborgarar.
 
Det var dei mest folkerike kommunane og kommunar nær Oslo som hadde størst vekst i talet på innbyggjarar i første kvartal i år. Oslo kommune hadde størst vekst målt i absolutte tal, med ein befolkningsvekst på 2 150 personar. Over halve veksten skuldast eit stort fødselsoverskot, og kommunen hadde ved utgangen av kvartalet 719 850 innbyggjarar. Trondheim, Bergen, Asker og Lillestrøm følgjer etter i rekka av kommunar med høgast vekst målt i absolutte tal.

 

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:
Østfold

Akershus

Oslo

Buskerud

Innlandet

Vestfold

Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark