135767
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
135767
Arbeidsløyse på 3,4 prosent
statistikk
2013-11-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrkenSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise tal, viser utviklinga i sysselsetjinga og arbeidsløysa på kort sikt. Arbeidsløysa var 3,4 prosent i september 2013.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløyse på 3,4 prosent

I september var det 93 000 arbeidslause, som utgjorde 3,4 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
September 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar93 0004 000
I prosent av arbeidsstyrken3,40,1
 
Sysselsette personar2 620 00011 000
I prosent av befolkninga68,80,1

Ifølgje sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløyseprosenten opp med 0,1 prosentpoeng frå juni (gjennomsnitt av mai-juli) til september (gjennomsnitt av august-oktober), men denne auken er innanfor feilmarginen .

Dei sesongjusterte tala frå AKU viser ein auke på 4 000 i talet på arbeidslause frå juni til september, men dette er som nemnt innanfor feilmarginen. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 2 000 personar i den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Fleire sysselsette

Justert for sesongvariasjonar viser AKU at det var 11 000 fleire sysselsette i september enn i juni. Auken er innanfor feilmarginen, men i tråd med utviklinga gjennom 2013. Dei sysselsette utgjorde 68,8 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, opp 0,1 prosentpoeng frå juni.

Arbeidsløysa opp i Danmark

I september utgjorde dei arbeidslause 7,1 prosent av arbeidsstyrken i Danmark, opp 0,3 prosentpoeng frå juni. I Sverige gjekk arbeidsløysa opp med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 8,0 prosent i september. I Tyskland var arbeidsløysa 5,2 prosent i september, ned 0,1 prosentpoeng frå juni. I Frankrike gjekk utviklinga andre vegen, opp frå 10,9 prosent i juni til 11,1 prosent i september. I EU15 samla gjekk arbeidsløysa opp med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 11,3 prosent i september. I USA gjekk arbeidsløysa derimot ned, frå 7,6 prosent i juni til 7,2 prosent i september.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB