92244
statistikk
2013-04-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrkenSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
true

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte månadsvise talfebruar 2013

Innhald

Uendra arbeidsløyse

I februar 2013 utgjorde dei arbeidslause 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er uendra frå november 2012.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Februar 2013 Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar 95 000 0
I prosent av arbeidsstyrken 3,5 0,0
 
Sysselsette personar 2 599 000 7 000
I prosent av befolkninga 68,8 0,0
Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2013. 1 000
Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2006-2013. I prosent av arbeidsstyrken
Sysselsette (AKU).  Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2013. 1 000
Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2013. Prosent av arbeidsstyrken
Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2013. 1 000Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2006-2013. I prosent av arbeidsstyrkenSysselsette (AKU).  Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2013. 1 000Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2013. Prosent av arbeidsstyrken

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 95 000 arbeidslause personar i februar 2013 (gjennomsnitt for perioden januar-mars), justert for sesongvariasjonar. Dette er om lag det same som i november 2012 (gjennomsnitt av oktober-desember).

Stabil sysselsetting

Dei sesongjusterte tala frå AKU viser at sysselsettinga gjekk opp med 7 000 personar frå november 2012 til februar 2013, noko som er innanfor feilmarginen i AKU. Sidan juni 2012 har talet på sysselsette berre vist variasjonar som er innanfor feilmarginen. Dette representerer eit brot med ein om lag to år lang auke i talet på sysselsette før den tida. Dei sysselsette i prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år var 68,8 prosent i februar, uendra frå november.

Framleis auke i arbeidsløysa i EU15-området

I EU15 gjekk arbeidsløysa opp frå 10,9 prosent i november til 11,1 prosent i februar. Medan dei arbeidslause i Tyskland utgjorde 5,4 prosent av arbeidsstyrken i både november og februar, auka arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng, til 10,8 prosent, i Frankrike. I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i løpet av same perioden, til 7,7 prosent i februar. I Danmark gjekk arbeidsløysa opp frå 7,3 prosent i november til 7,4 prosent i februar. Derimot gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng til 8,2 prosent i Sverige i same perioden. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå statistikkontoret i EU, Eurostat.

Tilbakemelding

Fant du det du lette etter?