5126_om_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/aksjer/aar-forelopige
5126_om
statistikk
2017-06-30T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
true

Aksjer og kapitalutdelinger2016, foreløpige tall

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Aksjer og kapitalutdelinger
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Ansvarlig seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Aksjeselskap er eit selskap der ingen av deltakarane har personleg ansvar for selskapets forpliktingar, utover det deltakarane har investert i selskapet. Selskapet vert sett på som ein sjølvstendig (juridisk) eining. Selskapet må ha eit stiftingsdokument, aksjekapital må skytast inn og selskapet skal meldes til Føretaksregisteret. Eit aksjeselskap er eit allmennaksjeselskap dersom det nemner seg slik i vedtektene og registrerast med same nemning i Føretaksregisteret. Alle eller ein stor del av aksjane skal vere fritt omsetjelege og desse skal registrerast i Verdipapirsentralen. Meir utfyllande informasjon om krava til aksjeselskap finst i Lov om aksjeselskap og Lov om allmennaksjeselskap.

Aksje er ein eigardel i eit selskap med avgrensa ansvar.

Eigenkapitalbevis (tidlegare kalla grunnfondsbevis) vert ferda ut av sparebankar og har klare likskapstrekk med aksjar. Ulikskapen er hovudsakleg at eigaren av eit grunnfondsbevis kun har ein avgrensa eigarrett til banken, og avgrensa innverknad på banken. Høve til å fordele utbytte er også avgrensa.

Aksjeklasse . Styret kan avgjere å dele selskapets aksjar inn i ulike klassar. Klassane kan ha ulik utbytte- og/eller stemmerett, eller andre skilnader som vert gjort meir utfyllande rede for ved utferding.

Aksjonær eller aksjeeigar er ein fysisk eller juridisk person eller annan samanslutning som eig aksjar i eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Dersom ein person eller samanslutning eig aksjar i fleire selskap, vil dei teljast for kvart selskap dei eig aksjar i.

Aksjekapital . Ved stiftinga av eit aksjeselskap må stiftarane (aksjonærane) skyte inn kapital. Minstekravet til aksjekapital er 30 000 kroner. For allmennaksjeselskap er minstekravet til aksjekapital 1 million kroner. Aksjekapitalen kan aukast på eit seinare tidspunkt ved å auke pålydande verdi eller ved å teikne nye aksjar. Om ein aksjonær betalar inn meir enn pålydande verdi, har det vorte betala ein overkurs. Aksjeselskapet kan seinare betala tilbake både aksjekapital og overkurs til aksjonærane. Statistikk på aksjekapital famnar om aksjeselskap som var til per 31.12 i teljeåret.

Pålydande verdi er aksjens verdi da den vart utferda. Aksjens pålydande verdi multiplisert med talet på aksjar skal vere lik aksjekapitalen. Pålydande verdi kan endrast ved aksjesplitt eller omvendt splitt.

Utdelt utbytte er utdelt utbytte frå aksjeselskap til aksjonærar i teljeåret. Statistikk på utdelt utbytte famnar om alt utbytte utdelt av aksjeselskap i løpet av teljeåret, uavhengig om aksjeselskapet var til per 31.12 eller var opphøyrt.

Motteke utbytte er utbytte som er motteke av aksjonærane i teljeåret.

Motteke aksjekapital er aksjekapital som aksjeselskapet har nedsett og betala tilbake til aksjonærane. Dette er ei skattefri overføring.

Motteke overkurs er overkurs som aksjeselskapet har nedsett og betala tilbake til aksjonærane. Dette er ei skattefri overføring.

Motteke annan innskutt eigenkapital er annan innskutt eigenkapital som aksjeselskapet har nedsett og betala tilbake til aksjonærane. Dette er ei skattefri overføring.

Vinst ved sal av aksjar . Dersom ein aksjonær sel ein eller fleire aksjar og salgsprisen overstiger prisen aksjen vart kjøpt for, oppstår ein skattemessig vinst.

Skjermingsfrådrag . Med innføringa av aksjonærmodellen frå 1. januar 2006 vert det utlikna skatt på utbytte og vinst ved sal av aksjar/partar til personar dersom utbyttet/vinsten overstiger ei berekna risikofri avkastning, kalt skjermingsfrådrag. Skjermingsfrådraget vert som hovudregel utrekna ved å ta aksjens/partens kostpris (skjermingsgrunnlag) multiplisert med ei rente (skjermingsrente). Det er personen som eig aksjen då skjermingsfrådraget vert utrekna (31.12 kvart år) som har krav på frådraget. Dersom heile eller delar av skjermingsfrådraget ikkje vert nytta eit år, kan det framførast til seinare år og nyttegjerast då.

Skattepliktig utbytte er den delen av motteke utbytte som overstig skjermingsfrådraget.

Skattepliktig vinst er den delen av vinsten ved sal av aksjar/partar som overstig skjermingsfrådraget.

Børsnotert / unotert . Børsnoterte aksjar er aksjar som er notert og omsett på Oslo Børs per 31.12 i teljeåret. Unoterte aksjar er ikkje notert på Oslo Børs per 31.12 i teljeåret. Frå og med statistikken for 2007 er også aksjar notert på Oslo Axess inkludert i gruppa for børsnoterte.

Standard klassifikasjoner

Næringsgrupperinga som nyttast i statistikken er i samsvar med revidert norsk Standard for næringsgruppering (SN94) som byggjer på EUs næringsstandard NACE Rev. 1 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3. Frå og med statistikken for inntektsåret 2004 nyttast versjon SN2002 som byggjer på EUs standard NACE Rev. 1.1, og frå og med inntektsåret 2008 nyttast versjon SN2007 som byggjer på EUs standard NACE Rev. 2. Selskap som driv verksemd i fleire bransjar, er prinsipielt gruppert etter den verksemd som medverkar mest til selskapets samla omarbeidingsverdi.

Institusjonell sektor er ei statistisk gruppering av aktørane i fyrste rekkje etter samfunnsøkonomisk funksjon, men og etter organisasjonsform og eigarskap. Institusjonell sektorgruppering byggjer på FNs standard "System of National Accounts" (SNA) frå 1993. Frå og med inntektsåret 2012 nyttast ny institusjonell sektorgruppering som byggjer på FNs standard "System of National Accounts" (SNA) frå 2008 og EUs "European System of National Accounts" (ESA) frå 2010.

Grupperinga etter land og verdensdel byggjer på FNs standard for land- og regionsgruppering (M49) . Statistikken landfordelast etter landet kor eigaren av aksjen er registrert. Dersom til dømes eit amerikansk selskap eig eit holdingselskap i Nederland, og holdingselskapet eig aksjar i eit norsk aksjeselskap, vil aksjonæren i det norske aksjeselskapet framstå som nederlandsk i statistikken, sjølv om den ultimate eigaren er amerikansk.

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå

Hyppighet og aktualitet

Frekvens: Årleg, førebelse og endelege tal.

Aktualitet: Førebelse tal 26 veker etter teljeåret.

Internasjonal rapportering

Ikke relevant

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Den endelege statistikkfila vert dokumentert og lagra.

Bakgrunn

Formål og historie

Føremålet med statistikken er å presentere aksjeverdiar og utdelingar frå norske aksjeselskap og allmennaksjeselskap til eigarane.

Statistisk sentralbyrå har publisert årleg aksjestatistikk sidan 1984, med unntak av åra 1991-1993 og 2000-2003.

Brukere og bruksområder

Sentrale brukarar er Finansdepartementet og forskingsmiljø både internt og eksternt, samt Nasjonalrekneskapet og Noregs Bank.

Statistikken kan brukast til å studere konsernstrukturar, eigarforhold i aksjeselskap og fordeling av utbytte frå aksjeselskapa til aksjonærane med meir.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Sammenheng med annen statistikk

Statistikken dekkjer tilnærma same populasjon som rekneskapsstatistikk for ikkje- finansielle aksjeselskap. Rekneskapsstatistikken famnar om resultatrekneskap og balanse, og kan såleis gje fleire opplysningar om selskapa.

Skattestatistikken for etterskotspliktige rommar mellom anna alle aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Skattestatistikken er tufta på Skattedirektoratets likningsregister for etterskotspliktige skattytarar (etterskotsregisteret), og gjev mellom anna samla alminneleg inntekt.

Skattestatistikken for personar rommar alle personar som er likna. Denne statistikken gjev mellom anna data på mottekne aksjeutbytte som ligg til grunn for likninga. Dette vil vere utbytte både frå norske og utanlandske selskap.

Lovhjemmel

Statistikklova § 3-2.

EØS-referanse

Ikke relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken dekkjer frå og med inntektsåret 2004 alle norske aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Frå og med endelege tall for 2006 dekkjer statistikken også eigenkapitalbevis (tidlegare kalla grunnfondsbevis).

Tidlegare famna statistikken om alle norske aksjeselskap registrert i Skattedirektoratets aksjedel av etterskotsregisteret. For årgangane 1997-1998 famna ikkje statistikken for unoterte selskap om selskap som vart skattlagt etter særskilde reglar for skattlegging av kraftføretak.

Datakilder og utvalg

Frå og med 2004 vert statistikken danna på bakgrunn av opplysningar frå uttrekk av Skattedirektoratets Aksjonærregister. I statistikken over skattepliktig utbytte og vinst og skjermingsfrådrag, brukast i tillegg uttrekk frå Skattedirektoratet på elektronisk innleverte oppgåver over Aksjar og fondsdelar (RF-1059).

I perioden 1984 til 1999 vart statistikken danna på bakgrunn av Skattedirektoratets aksjeregister om unoterte aksjar og årleg statistikk for børsnoterte selskap frå Oslo Børs.

Data om kvart enkelt selskap er tilført opplysingar om næring og institusjonell sektor frå Statistisk sentralbyrås virksomhets- og føretaksregister.

Datainnsamling, editering og beregninger

Frå og med inntektsåret 2004 hentar Statistisk sentralbyrå årleg inn eit uttrekk frå Aksjonærregisteret i Skattedirektoratet. Registeret inneheld informasjon om talet på aksjar, aksjekapital, overkurs og utdelt utbytte m.m. for alle norske aksjeselskap. Registeret inneheld også informasjon om aksjonærane med aksjepostar og motteke utbytte. I tillegg hentar Statistisk sentralbyrå inn årlege uttrekk frå Skattedirektoratets SL-system med informasjon om utbytte.

Statistisk sentralbyrå henta frå 1984 til 1999 inn aksjeregisteret, ein del av Skattedirektoratets likningsregister for etterskotspliktige skattytarar. Aksjeregisteret inneheldt opplysingar om talet på aksjar og pålydande verdi for norske aksjeselskap, samt likningsverdi og avsett aksjeutbytte for ikkje-børsnoterte selskap. Opplysingar for børsnoterte selskap vart innhenta frå Oslo Børs, dels gjennom deira publiserte statistikk (pålydande verdi og marknadsverdi) og dels som bestilt elektronisk uttrekk (avsett utbytte).

Skatteetaten gjennomfører ei rekkje maskinelle kontrollar for å sikre at nødvendige opplysingar er rapportert inn og at data er rett registrert. Statistisk sentralbyrå gjennomfører i tillegg maskinelle og manuelle kontrollar for å sikre nødvendig intern konsistens i registeret og konsistens mot andre datakjelder.

Analyseeininga i statistikken er det enkelte aksjeselskap og den enkelte aksjonær. Statistikken vert rekna ut ved å telje alle einingar med ein bestemd eigenskap, f.eks. talet på aksjeselskap etter hovudnæring, og ved at ein bestemd eigenskap for alle einingar i statistikken summerast opp og eventuelt fordelast på klassifikasjonsvariable, til dømes motteke utbytte etter institusjonell sektor.

Sesongjustering

Ikke relevant

Konfidensialitet

Om færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller ein eining står for 90 prosent av verdien, eller to står for 95 prosent av verdien, vert talet som hovudregel ikkje offentleggjort.

Sammenlignbarhet over tid og sted

Tala frå og med 2004 representerer eit brot med tidlegare årgangar av aksjestatistikken, då statistikken byggjer på ei anna kjelde. Dette har mellom anna medført at sentrale variablar har skifta innhald. Til dømes omfatta tidlegare årgangar berre avsett utbytte, medan statistikken få og med 2004 og rommar utdelt utbytte.

Statistikken er fullt ut mogleg å samanlikne frå 1994 til 1999.

For 1990 og tidlegare årgangar av aksjestatistikken vart det presentert ein berekna marknadsverdi for dei ikkje-børsnoterte selskapa. Berekninga vart gjort ved at marknadsverdi vart sett lik likningsverdi, og dersom likningsverdien var 0 vart marknadsverdi sett lik pålydande verdi. For perioden før 1990 vart det publisert tal for utbetalt utbytte. Denne verdien vart sett lik avsett utbytte frå året før. Frå 1994 og framover viser tal for utbytte, avsett utbytte som kan kome til utbetaling året etter.

Dei endringar som skattesystemet og rekneskapslovgivinga har gjennomgått i åras løp, vert reflektert i datagrunnlaget og har verknad på kontinuiteten i tidsseriane. Til dømes vil innføringa av fritaksmetoden frå og med 2004 og aksjonærmodellen frå og med 2006 kunne påverke statistikken.

Ved samanlikning av tal for ulike år vil endringar i næringsplassering og strukturelle endringar i ulike næringar kunne påverke tala.

Innføring av ny institusjonell sektorgruppering i 2012 medfører at den sektorfordelte statistikken ikkje er fult ut samanliknbar med tidlegare år. Dette påverkar særleg avgrensinga mellom finansielle og ikkje-finansielle føretak.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Feil i grunnlagsdata kan skuldast at aksjeselskapet har fylt ut aksjonæroppgåva på ein feilaktig, upresis eller ufullstendig måte. Dersom feilen ikkje vert retta under maskinelle eller manuelle kontroller, kan opplysningane i Aksjonærregisteret vere feil. Og i det vidare arbeidet med data kan det finnast feilaktige korreksjonar og feilregistreringar. I hovudsak vert kontrollarbeidet konsentrert om eventuelle feil som har mykje å sei for storleiken på totaltala. Opplysingar om enkeltselskap kan innehalde feil som har mindre å sei for totalen.

Ein del feil ved innsamling og vidare arbeide på data er ikkje til å unngå. Det kan vere kodefeil, editeringsfeil, feil i IT-handsaming etc. Det er utført eit omfattande arbeid for å avgrense desse feila, og vi reknar feil av denne typen for å vere få og utan vektig betyding.

Statistikken byggjer på eit administrativt register og er ei totalteljing. Likevel kan det vere aksjeselskap som av ulike årsaker ikkje finst i registeret. Dei siste åra har fråfallet vore på mellom 3 og 7 prosent av populasjonen. Det kan vere fleire årsaker til dette fråfallet. Blant anna ser vi at det er eit høgare fråfall blant selskap som er nyoppretta og selskap som er oppløyst i løpet av inntektsåret. Vi ser også eit større fråfall blant selskap som har aksjonærar som ikkje er underlagt aksjonærmodellen. Dette vil typisk vere selskap med ein eller to eigarar, der eigarane anten er eit utanlandsk selskap eller ein offentleg etat.

Kvaliteten på registergrunnlaget og dei påkopla data frå administrative register har innverknad på kvaliteten på det ferdige resultat. Både dei administrative og statistiske registra vert kontinuerleg oppdatert, og vil dermed endre seg undervegs i produksjonsprosessen.

Statistikken presenterar verdiar både for aksjeselskap og aksjonærar. Samanlikningar av aksjekapital og utdelt utbytte på dei to nivåa kan syne noko avvik.

Revisjon

Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte (til dømes ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal). I Aksjar og kapialutdelingar blir det kvart år publisert førebelse tal for siste inntektsår og endelige tal for føregåande inntektsår. Se også SSBs prinsipp for revisjon.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB