3325_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3325
Framleis svak nedgang i konsumet
statistikk
2006-03-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenfebruar 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis svak nedgang i konsumet

Sesongjusterte tal viser ein svak nedgang i konsumet frå januar til februar. Nedgangen kjem i stor grad av lågare konsum av matvarer. Auke i konsumet av bilar medverka til å dempe nedgangen.

Etter ein kraftig vekst frå desember til januar, gikk konsumet av mat og drikke samla sett ned med 0,7 prosent frå januar til februar. Drikkevarer, både alkoholhaldige og alkoholfrie, gikk noko opp, mens konsumet av mat gikk ned.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" gikk ned med 0,4 prosent i februar. Det var konsumet av teleutstyr samt bøker og fritidsartiklar som trekte ned. Det var òg ein svak nedgang i konsumet av klede, ei utvikling ein har sett sidan andre halvår i fjor. Samstundes gikk konsumet av møblar og kvitevarer noko opp.

I februar synast det som om det var ei vriding i konsumet av energivarer. Konsumet av brensel og fjernvarme voks med om lag 13 prosent, mens konsumet av elektrisitet gikk ned med nesten 1,5 prosent. Dei sesongjusterte tala viser at auken i konsumet av brensel og fjernvarme var om lag på nivå med nedgangen i konsumet av elektrisitet. Såleis var konsumet i gruppa "elektrisitet og brensel" om lag uendra. Vridinga i konsumet må sjåast i samanhang med sterk vekst i prisane på elektrisitet, samstundes med ein moderat auke i prisane på brensel og fjernvarme.

I februar tok konsumet av bilar seg noko opp, etter svake tal i januar. Salet av bilar auka med 1,9 prosent i denne perioden. Samstundes gikk konsumet av bensin litt ned frå januar til februar.

Dei ujusterte tala viser ein auke i varekonsumet på 1,5 prosent frå februar i fjor til februar i år. Det var særleg auke i "andre varer" som trekte konsumet opp, mens lågt sal av bilar trekte konsumet ned.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noka ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, februar 2006. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Februar 2005-februar 2006. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå same
månad året før
2005        
Februar  137,7 3,5            119,4 2,1
Mars  133,2 -3,2  130,5 -2,6
April  140,9 5,7  133,2 5,6
Mai  137,7 -2,2  131,4 4,3
Juni  139,3 1,1  142,9 2,6
Juli  139,9 0,4  139,1 3,1
August  140,0 0,1  141,9 5,8
September  138,9 -0,8  133,7 3,0
Oktober  137,4 -1,1  134,2 0,5
November  138,1 0,5  141,3 1,5
Desember  140,5 1,7  186,0 0,7
         
2006        
Januar  140,1 -0,3  132,9 5,7
Februar  139,7 -0,2  121,2 1,5
1  Merk at indeksane er reviderte.