3372_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3372
Forbruket av varer veks
statistikk
2004-04-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenmars 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket av varer veks

Hushalda sitt forbruk av varer auka med 2,9 prosent målt i volum frå februar til mars i år. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Sjølv om varegruppene mat, drikkevarer og tobakk og andre varer viser ein klar sesongjustert vekst på 2,1 og 3,0 prosent frå februar til mars, er det varegruppa kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje som trekk sterkast opp med ein vekst på 7,1 prosent. Dei sesongjusterte tala for konsumet av elektrisitet og brensel gir ein nedgang på 3,7 prosent frå februar til mars i år.

I sesongjusteringa er det vanskeleg å korrigere for effektar av handel i samanheng med påska. Dette gjer at den sesongjusterte varekonsumindeksen for mars er noko meir usikker enn indeksane for dei andre månadene.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 11,0 prosent høgare i volum i mars i år enn han var i same månad i fjor. Ujustert var konsum av mat, drikkevarer og tobakk 3,2 prosent høgare i mars 2004 enn i mars 2003. I same periode auka kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje med 20,2 prosent. Veksten i konsumet av andre varer heldt fram, denne månaden med 15,3 prosent frå same periode i fjor.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytta førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, mars 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Mars 2003-mars 2004. 1995=1001
Periode    Sesongjustert    Prosentendring
frå månaden før
     Ujustert   Prosentendring frå
same månad året før
2003        
Mars  122,6 -2,0  116,0 0,8
April  126,9 3,6  118,2 2,9
Mai  126,5 -0,3  124,6 4,2
Juni  127,8 1,0  126,1 4,0
Juli  128,1 0,2  130,2 6,8
August  127,7 -0,3  128,9 2,6
September  129,8 1,7  124,1 7,6
Oktober  130,7 0,7  133,2 5,4
November  129,7 -0,7  129,8 0,5
Desember  130,2 0,4  174,3 7,4
2004        
Januar  131,9 1,3  128,3 6,7
Februar  131,1 -0,6  113,5 6,0
Mars  135,0 2,9  128,8 11,0
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt reviderte.