3410_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3410
Auke i forbruket av varer
statistikk
2002-11-14T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenseptember 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i forbruket av varer

Varekonsumindeksen viste ein auke på 1,2 prosent målt i volum frå august til september, korrigert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i september 4,1 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før.

Varekonsumindeksen har som siktemål å talfesta hushaldas forbruk, medan detaljomsetningsindeksen er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa.

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen, har varekonsumindeksen eit anna innhald, rekna ut frå omsetning i fleire næringar og med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som gjeng til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet. Varekonsumindeksen nyttar konsumprisindeksen, medan detaljomsetningsindeksen nyttar prisindeks for detaljhandel til fastprisutrekningar. Sjå delindeksar i konsumprisindeksen .

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks, september 2002. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
September 2001-september 2002. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2001        
September  118,0 -1,0  111,0 -0,7
Oktober  119,6 1,4  119,5 7,1
November  121,8 1,9  123,8 6,5
Desember  120,9 -0,8  158,6 2,9
2002        
Januar  121,2 0,2  117,4 4,2
Februar  121,7 0,4  104,3 3,5
Mars  122,4 0,6  115,0 -0,8
April  122,5 0,1  115,3 8,4
Mai  121,9 -0,4  119,5 3,6
Juni  121,7 -0,2  121,5 1,4
Juli  120,6 -0,9  121,7 3,8
August  121,8 1,0  126,0 1,9
September  123,3 1,2  115,5 4,1