15332_not-searchable
/utdanning/statistikker/barnegenend/aar
15332
Moderate endringar i barnehagetakstane
statistikk
2008-02-11T10:00:00.000Z
Utdanning;Priser og prisindekser
no
barnegenend, Eigenbetaling i barnehagar, endringstal, foreldrebetaling, barnehagesatsar, private barnehagar, offentlege barnehagarKonsumpriser, Barnehager, Utdanning, Priser og prisindekser
false

Eigenbetaling i barnehagar, endringstal15. januar 2008, Januar

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderate endringar i barnehagetakstane

Frå august 2007 til januar 2008 viste satsane for eigenbetaling i barnehagar ein svak auke på 0,2 prosent. Eigenbetalinga i private og kommunale barnehagar har auka med høvesvis 0,4 og 0,1 prosent sidan den førre rapporteringa. Fleirtalet av barnehagane har no innført maksimalpris på 2 330 kroner.

I dei private barnehagane auka foreldrebetalinga i gjennomsnitt med 0,4 prosent på landsbasis frå august 2007 til januar 2008. Dette kjem i all hovudsak av justeringar i kostpengar og andre utgifter som blir betalte utanom ordinær månadssats.

Det er ein svak auke i eigenbetalinga i kommunale barnehagar på 0,1 prosent. Årsaka ligg hovudsakleg i tilpassing av kostpengar og andre utgifter som blir betalte av foreldra utanom fast månadssats. I fleire kommunar blir også endringar vedtekne i kommunen sine brukarbetalingar i samband med årsskiftet. Nokre av dei som ikkje justerte til maksimalpris for eigenbetaling i barnehagar ved førre årsskifte, har gjort dette no.

Stortinget vedtok i 2005 at det skulle innførast ein maksimalpris for foreldrebetaling i barnehagar. For 2007 blei maksimalsatsen fastsette til 2 330 kronar per månad, og det er ikkje vedteke endringar for 2008. Dei fleste kommunale og private barnehagar har no tilpassa seg dette nivået.

Barnehagetakstar. Endring i prosent
     Januar 2007/
august 2007
    August 2007/
januar 2008
     Januar 2007/
januar 20084
Kommunale og private barnehagar           
Heile landet 0,2 0,2 0,5
Kommunale barnehager      
Heile landet -0,2 0,1 -0,1
Oslo og Akershus -0,9 0,1 -0,7
Hedmark og Oppland 0,3 0,3 0,5
Sør-østlandet1 0,2 -0,2 -
Agder/Rogaland2 -1,6 -0,3 -1,9
Vestlandet3 0,3 -0,2 0,1
Trøndelag - 0,8 0,9
Nord-Noreg 1,0 0,8 1,9
Private barnehagar      
Heile landet 0,8 0,4 1,2
1  østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark.
2  Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland.
3  Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
4  Berekna på bakgrunn av ikkje-avrunda endringsrater for januar og august.