Foreldrebetaling i barnehagar

Oppdatert: 25. april 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Gjennomsnittleg foreldrebetaling kvar månad
Gjennomsnittleg foreldrebetaling kvar månad
2024
2 884
kroner
Gjennomsnittleg månadleg foreldrebetaling. Ti største kommunar og heile landet.
Gjennomsnittleg månadleg foreldrebetaling. Ti største kommunar og heile landet.1
Kroner
20232024
Oslo2 8772 881
Bergen2 8602 910
Trondheim - Tråante2 9273 116
Stavanger2 7602 768
Bærum3 1263 189
Kristiansand2 7562 959
Drammen2 6332 664
Asker3 0223 076
Lillestrøm2 9142 915
Fredrikstad2 4082 367
Hele landet2 8942 884
1Inkludert friplassar, kostpengar og andre tilleggsutgifter
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Gjennomsnittleg månadleg foreldrebetaling

Om statistikken

Statistikk over kor mykje føresette betaler for å ha barn i barnehagen. Tala inkluderer friplassar, kostpengar og andre tilleggsutgifter i tillegg til betaling av barnehageplass. Statistikken viser nivåtal og er aggregert til kommune- og landsnivå.

Friplass: Ein friplass er ein gratis barnehageplass. Ulike vilkår kan liggje til grunn for friplassane.

Makspris: Myndigheitene bestemmer den høgste prisen hushalda skal betale per barnehageplass.

Tilleggsutgifter: Utgifter for ulike aktivitetar, utflukter og arrangement som i somme tilfelle kan tilkomme utover sjølve opphaldsbetalinga og kostpenger.

Gratis kjernetid: Dette inneberer at barnet har et visst antal timar gratis i barnehagen. Dersom barnet berre nyttar seg av seg av desse timane, vil ein ha gratis barnehage.

Inndeling på kommune- og landsnivå.

Namn: Foreldrebetaling i barnehagar
Emne: Utdanning

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for prisstatistikk.

Publisering av nivåtall på kommune- og landsnivå.

Hyppigheit: Årleg undersøking.

Aktualitet: Statistikk basert på januartal vert publisert om lag tre månader etter måletidspunkt.

Ikkje relevant.

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Føremålet med denne statistikken er å kartleggja gjennomsnittsnivået på faktisk foreldrebetaling for barnehageplass. Undersøkinga vart etablert i 1992 på oppdrag frå Barne- og Familiedepartementet (no Kunnskapsdepartementet). Undersøkinga vert utarbeida på data innsamla i januar kvart år. Frå januar 2003 vart dei aggregerte størrelsane for dei kommunale og private barnehagane vekta. I notat utgjeve til og med august 2002 vart det berre nytta uvekta snitt i berekningane. Frå og med januar 2003 skilde ein ikkje lenger mellom private barnehagar som mottar kommunalt tilskot og dei som ikkje mottar kommunalt tilskot. I 2007 gjennomgjekk undersøkinga ei større omlegging og det vart lagt om til ei fullteljing blant kommunane basert på elektronisk datafangst gjennom KOSTRA. Skjemaet til kommunane vart noko utvida i 2007 med fleire spørsmål for tilleggsutgifter og moderasjonsordningar i barnehagane. Skjema til de private barnehagane vart også noko utvida, og omfatta i stor grad dei same spørsmåla som til kommunane. Frå og med januar 2016 gjekk ein over frå KOSTRA til BASIL, noko som utvida datamaterialet betydeleg. Ein fekk med dette sjølvstendig rapportering frå alle barnehagar i landet.

Undersøkinga nyttast til å sjå på gjennomsnittleg foreldrebetaling i barnehagar. Statistikken nyttast blant anna av UDIR.

Ikkje relevant.

Det vert utarbeidd ein rapport på bakgrunn av same datamateriale som denne statistikken. Same datagrunnlag inngår også i Konsumprisindeksen.

Ikkje relevant

Undersøkinga omfattar alle kommunar i landet, og alle barnehagar, uavhengig av eigar.

Elektroniske dataskjema i BASIL for alle registrerte barnehager, og alle kommuner.

Både kommunar og barnehagar rapporterer på elektronisk skjema via BASIL. Rapporteringen er årleg, med frist i januar.

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data. Data vert sjekka opp mot førre data ved førre måling for å kunne fange opp avvik. Ved store avvik eller opplagte feil nyttast internett som kontrollkjelde og/eller den enkelte kommune/private barnehage kontaktast.

Det vert berekna ein gjennomsnittleg foreldrebetaling per barn ut frå det me får inn av data. Her tek ein omsyn til inntekta til hushalda, kor mange barn som får søskenmoderasjon, friplasser, lokale makssatsar, kostpengar og andre tilleggsutgifter.

Ikkje relevant.

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarane vil skje i samsvar med krav stilt av Datatilsynet. Opplysningane vil bli oppbevart og eventuelt tilintetgjort på en forsvarleg måte.

Foreldrebetalinga i dei kommunale barnehagane er samanliknbare frå 1992 og fram til 2007 på kommunenivå. Dei aggregerte størrelsane er derimot ikkje direkte samanliknbare tilbake i tid grunna innføringa av vekter i januar 2003. Frå og med januar 2017 vart tidligare tidsseriar avslutta, då innføringa av nasjonale inntektsgraderte satsar gjer punktestimat mindre interessante.

Enkeltfeil kan oppstå ved at somme av dei som rapporterer oppfattar enkelte spørsmål forskjellig, eller at ein har delvis fråfall ved rapportering. I enkelte tilfelle vil dette vera vanskeleg å oppdage under revidering, medan ein i andre tilfelle plukkar dette opp gjennom logiske kontrollar og store relativar. Vi har derimot ingen indikasjonar på at vi har et systematisk problem med denne typen feil.

Sidan det er fullteljing av alle kommunar og alle barnehagar skal det i utgangspunktet ikkje vera problem med skeivt utval.

Ikkje relevant.

Kontakt

Birte Larsen Sandstå

birte.sandsta@ssb.no

92 60 56 03