199308_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
199308
HKPI opp 0,5 prosent
statistikk
2015-11-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk opp 0,5 prosent frå september til oktober.

Harmonisert konsumprisindeksoktober 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,5 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk opp 0,5 prosent frå september til oktober. Høgare prisar på elektrisitet, klede og flyreiser drog HKPI opp, medan lågare matprisar trakk i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
August 2015September 20151Oktober 20151
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,81,92,4
Island1,10,9...
Sverige0,60,9...
Danmark0,30,3...
Finland-0,2-0,7...
Tyskland0,1-0,2...
Storbritannia0,0-0,1...
EØS0,1-0,1...
EU0,0-0,1...
Euroområdet0,1-0,10,0
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 121,7 (2005=100) i oktober 2015, mot 118,8 den same månaden i 2014. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,4 prosent i oktober, opp 0,5 prosentpoeng frå september.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om oktobertala.

EU, EØS og euroområdet

Tal for september 2015 viser at HKPI var 120,9 (2005=100) for EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,0 (2005=100). For EU, EØS og euroområdet svarar dette til ein negativ tolvmånedersvekst på -0,1 prosent frå september 2014 til september 2015. Tolvmåndersveksten i euroområdet er estimert til 0,0 prosent for oktober 2015.

Detaljerte tal for oktober 2015 vert publiserte av Eurostat 16. november.