Bergverksdrift og utvinning auka sine investeringar til miljøvern med 72 prosent i 2022. Industrien hadde ein nedgang på 6 prosent. Det viser nye tal frå statistikken for miljøvernutgifter.

Næringslivet auka sine driftskostnader knytt til miljøvern med 13 prosent. Avlaup og avfall utgjorde største del av kostnadene.

Offentlege Miljøvernutgifter er utgifter knytte til tiltak og aktivitetar som har som hovudføremål å førebygge, redusere eller behandla forureining eller andre skader på det fysiske miljøet. auka totalt 7 prosent. Fordelt på miljøformål var avlaupsbehandling den største posten. Fordelt på utgiftspostar bidrog subsidier mest. Mykje av auken i subsidier kan tilskrivast prosjektet Langskip, som skal fange, transportere og lagre CO2.

Det blir understreka at 2022 var eit år med uvanleg høg prisauke. Dette kan ha påverka tala, sidan dei blir presenterte i laupande prisar. Noko av auken kan difor skrivast til prisar.

Stor auke i investeringar til miljøvern i bergverksdrift og utvinning

Bergverksdrift og utvinning har vist ein stor auking i investeringar til miljøvern, frå 5 285 millionar kroner i 2021 til 9 076 millionar kroner i 2022, noko som representerer ein oppgang på heile 72 prosent. Industrien kan på si side vise til ein nedgang på 6 prosent i tilsvarande periode med 1 004 millionar i 2021 og 942 millionar i 2022.

Figur 1. Miljøverninvesteringar utvalde næringar. Laupande priser

Driftskostnadar til avlaup og avfall dominerande

Figur 2 visar at i næringslivet auka driftskostnadene knytt til miljøvern kraftig i 2022, og kom til saman opp i 9 465 millionar kroner. Det er ei auke på 13 prosent frå 2021. Handtering av avlaup og avfall utgjorde største delen av kostnadene, med høvesvis 3 786 og 3 463 millionar kroner. Til saman utgjorde desse to 77 prosent av dei totale driftskostnadene til miljøvern.

Vern av luft og klima spela også ei vesentleg rolle, med kostnader på 885 millionar kroner. Innanfor denne kategorien vart 539 millionar kroner brukt for å redusere klimagassutslepp, i tillegg til 346 millionar kroner for å motverke andre luftutslepp.

Figur 2. Driftskostnadar til miljøvern, fordelt på klassifisering etter miljøformål. Millionar kroner, laupande priser

B-E36 Bergverksdrift og utvinning, industri, elektrisitets- og vassforsyning

Statistikk for miljøvernutgifter inneheld tal både for næringslivet og offentleg forvaltning. Til tross for dette kan ikkje tala summerast for å gi ein nasjonal total for miljøvernutgifter. Dette kjem av mellom anna at tala for næringslivet ikkje dekkjer alle næringar i økonomien. Merk også at overføringar frå offentleg forvaltning til næringslivet kan verta ført som ein miljøvernutgift for aktiviteten overføringa er meint å støtte, og dermed verta ført i både næringslivet og offentleg sektor. 

Statistikk for miljøvernutgifter for offentleg forvaltning nyttar kommune- og statsrekneskap som kjelde. Statistikk for miljøvernutgifter i næringslivet dekkjer næringane bergverksdrift, industri, energiforsyning og vatnforsyning. Dette baserer seg på opplysningar frå miljøvernundersøkinga. 

Avlaupsbehandling bidrog mest til offentleg auking

Offentlege miljøvernutgifter var på 47 136 millionar kroner i 2022. Det er ein auke på 2 904 millionar kroner, eller 7 prosent. Fordelt på miljøformål var avlaupsbehandling den største posten, med utgifter på 19 835 millionar kroner i 2022. Avlaupsbehandling bidrog også mest til totalauken, med ei auke på 1 081 millionar kroner.

Avfallshandtering var nest største post med utgifter på 11 715 millionar kroner i 2022, opp 804 millionar kroner frå 2021. Alle postar auka unntatt jord, grunnvatn og overflatevatn, som fall med 332 millionar kroner. Generelt sett er fordelinga for postane ganske stabile over tid, med lite endring frå år til år.

Figur 3. Miljøvernutgifter i offentleg forvaltning. Fordelt på miljøvernmål. Laupande priser

Ein endring ved årets publisering er at CO2-kompensasjon for industrien ikkje lenger reknast som miljøvernutgift. Denne ordninga skal hindre at kraftkrevjande industri flyttar produksjon til land med mindre streng klimapolitikk, såkalla karbonlekkasje. Sidan dette i teorien kan hindre ein auke i CO2-utslepp, har ordninga tidlegare blitt klassifisert som ein miljøsubsidie. Samstundes har miljøeffekten av ordninga vore diskutert, sidan det er usikkert i kva grad utslepp faktisk vert redusert.

Debatten har auka dei siste åra på grunn av ein markant auke i faktiske utbetalingar dei siste åra og forventa utbetalingar i komande år. Årsaka til auken er at kompensasjonen er nært knytt til kvoteprisen, som har auka sterkt dei siste åra.

Etter ei ny vurdering klassifiserer SSB ikkje lenger CO2-kompensasjonen som ein miljøsubsidie. Ein reknar det ikkje som tilstrekkeleg godtgjort at ordninga er bra for miljøet. Det kan til og med vere at miljøeffekten er negativ, noko som gjer at den kanskje skulle vore rekna som ein fossil subsidie, men det er det ikkje teke stilling til enno. Bortfallet av ordninga gjer at vern av luft og klima står for ein langt mindre del av totalen enn tidlegare. I tillegg gjer det at totaltala, særleg dei siste åra, er noko lågare enn dei elles ville ha vore.

Offentlege subsidier auka mest

Fordelt på utgiftsposter var det subsidier som bidro mest til totaløkningen, da denne posten økte med 1 241 millioner kroner. Mye av økningen i subsidier kan tilskrives prosjektet Langskip, som skal fange, transportere og lagre CO2. Kjøp av varer og tjenester økte med 1 164 millioner kroner, og var derfor nest største bidragsyter. Andre overføringer falt med 1 122 millioner kroner og dempet dermed totaløkningen.

Figur 4. Miljøvernutgifter i offentleg forvaltning. Fordelt på utgiftspostar. Laupande priser