220601
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
220601
Auka fangst i sjølaksefisket
statistikk
2015-11-20T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Statistikken gir oversikt over fangst av laks og sjøørret tatt med kilenot og krokgarn. I den ordinære sesongen i 2015 ble det fisket 237 tonn villaks og ørret i norske fjorder.

Sjøfiske etter laks og sjøaure2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka fangst i sjølaksefisket

I den ordinære sesongen i 2015 blei det fiska 237 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 10 prosent meir enn året før. Mest laks blei fiska i Finnmark.

Sjøfiske etter laks og sjøaure.
KiloProsentTal
20152014 - 20152010 - 20152015
Fangst i alt236 90310-1258 125
Laks i alt233 0779-1156 237
Under 3 kg46 328-36-2520 769
3-7 kg138 377502129 934
7 kg og over48 3721-435 534
Sjøaure3 82622-541 888

Fangsten fordelte seg på 233 tonn laks og 4 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,1 kilo i 2015 mot 3,6 kilo året før. 20 prosent av laksen vog under 3 kilo, 59 prosent vog mellom 3 og 7 kilo, medan 21 prosent var storlaks over 7 kilo. Prosenttala for 2014-sesongen var respektive 34, 43 og 21.

Nedgang i Finnmark

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska 90 tonn laks i fjordane. Dette er ein nedgang på 25 prosent frå året før, og fangsten utgjorde 38 prosent av den totale laksefangsten i sjøen i Noreg. Det var auke i dei fleste andre fylka, og størst auke hadde trøndelagsfylka. Ein oppgang i talet på fiskarar i Sør-Trøndelag førte til ein fangst på 38 tonn laks i 2015, 31 tonn meir enn året før.

Ser vi på kommunane, hadde Namsos, Alta og Sør-Varanger dei største fangstane.

Meir rømt oppdrettsfisk fanga

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar, og fangsten er hovudsakleg rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.

Kraftig uvêr i januar 2015 førte til at laks og regnbogeaure rømte frå fleire oppdrettsanlegg i Hordaland. Gjenfangsten førte til auka fangst i den utvida sesongen. Da blei det fiska 67 tonn, som er 62 tonn meir enn sesongen før. Gjennomsnittsvekta for laksen var 6,1 kilo.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB