20340_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20340
Nedgangen i talet på gardsbruk aukar
statistikk
2002-12-18T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2002, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i talet på gardsbruk aukar

Det var 61 500 gardsbruk med jordbruksdrift her i landet per 1. juni 2002. Sidan 1999 har det blitt 9 200 færre gardsbruk, og det er ein nedgang på 13 prosent.

Talet på gardsbruk går framleis nedover, og nedgangen har blitt større frå år til år sidan 1999. I andre halvdel av 1990-talet blei det registrert ein gjennomsnittleg årleg nedgang i talet på gardsbruk på 2,3 prosent. Nedgangen frå 1999 til 2000 var på 3,1 prosent, medan nedgangen dei to påfølgjande åra var på 4,8 og 5,6 prosent. Talet på gardsbruk, som er rekna ut med bakgrunn i Statistisk sentralbyrå si årlege landbruksundersøking, er noko høgare enn talet på bruk som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket. Dette kjem av at landbruksundersøkinga også omfattar bruk som ikkje søkjer tilskott.

Prosentvis nedgang i talet på driftseiningar frå 2001 til 2002, etter fylke

Driftseiningar, etter storleiken på jordbruksareal i drift

Frå 2001 til 2002 har det vore størst nedgang i talet på gardsbruk i Agder-fylka og i Finnmark, med ein reduksjon på over 10 prosent siste året. Rogaland har minst nedgang, tett følgd av Oppland og Nord-Trøndelag. Dette er tradisjonelt store husdyrfylke, der endringar i regelverk og tilskottsordningar ikkje så snart gir verknad på omfanget av og takta i bruksnedlegginga.

Strukturendringa held fram

Talet på store bruk aukar, og i 2002 var det vel 2 000 bruk med minst 500 dekar jordbruksareal i drift. Tilsvarande tal for 1999 var 1 600. 30 prosent av bruka hadde minst 200 dekar jordbruksareal i drift i 2002, mot 24 prosent i 1999. Det blir stadig færre små bruk, og frå 1999 til 2002 har delen bruk med opp til 50 dekar jordbruksareal i drift minka frå 21 til 16 prosent.

Jordbruksarealet flatar ut

Dei førebelse tala for 2002 tyder på at jordbruksarealet etter fleire års vekst er i ferd med å flate ut. I 2002 blei det registrert 10,3 millionar dekar jordbruksareal i drift. Gjennomsnittleg storleik på jordbruksarealet per bruk auka likevel frå 161 dekar i 2001 til 167 dekar i 2002. Dei største gardsbruka finn vi i Akershus og Oslo, der gjennomsnittleg storleik ligg på 265 dekar, dei minste i Hordaland med 93 dekar.

Tabeller: