9383_om_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
9383_om
statistikk
2017-01-27T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
true
Statistikken gir oversikt over fangst av laks, sjøaure og sjørøye i elvane. I 2016 blei det fiska 180 300 fisk. Av desse blei 79 prosent avliva og 21 sleppt levande ut i elva igjen.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye2016, førebelse tal

Endelege tal vert publisert i Statistikkbanken om lag to månader seinare.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Anadrome laksefisk : Laksefisk som vandrar mellom sjø og ferskvatn og som er avhengig av ferskvatn for å reprodusere seg, samt rogn og ungar av slik fisk. Rømt eller utsett oppdretta laksefisk som kan vandre frå sjø til ferskvatn reknast som anadrom laksefisk når dei lever fritt i sjø eller vassdrag.

Vekt : Vekta av fisken gjeld kilo rund fisk.

Fang og slepp : Fisk som blir fanga og sett levande ut i elva igjen.

 

Standard klassifikasjonar

Før 1993 er talet på laks og vekta av laksen spesifisert på gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Tal for kvar enkelt elv og fylkestal.

Kor ofte og aktualitet

Årleg. Statistikken blir publisert i januar året etter fisket har gått føre seg.

Internasjonal rapportering

Miljødirektoratet rapporterer til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet blir langtidslagra i Statistisk sentralbyrå. Registerdata og fangstdata ligg i Oracle-tabellar. Endeleg datafil lagrast på Linux.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.

 

Brukarar og bruksområde

Fangststatistikken er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske verdien av laksefiske.

Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før han er publisert til same tid for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førhandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Les meir om prinsippet for lik handsaming av statistikkbrukarar på ssb.no. 

Samanheng med annan statistikk

Talet på registrerte fiskarar i vassdraga henta frå DN si oversikt over betalt fiskaravgift.

2008: 7 5 000

2009: 75 300

2010: 6 8 000

2011: 69 900

Tal for sjøfiske etter laks og sjøaure blir presenterte i eigne artiklar frå SSB.

Lovheimel

Offentleg register, Statistikkloven §§ 2-2, 3-2

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar fangst av laks, sjøaure og sjørøye teke med stong i elvane. Rømt oppdrettsfisk skal reknast med i statistikken. Frå og med 2009 er det rapportert tal for gjenutsett fisk (fang og slepp).

Datakjelder og utval

Fiskerettshavarane samlar inn fangstmelding frå den enkelte fiskar.

Totaltelling. Alle som fiskar etter laksefisk i elvane skal rapportere.

Datainnsamling, editering og beregninger

Fangstmelding frå den enkelte fiskar samlast inn av fiskerettshavar. Fiskerettshavar sender samla fangstmelding til fylkesmannen eller legg tala inn i rapporteringsløysinga for elvefangst i Lakseregisteret. Fylkesmannen er ansvarleg for at det blir registrert rapportar for kvar elv i Lakseregisteret (tidligare Elvefangstregisteret). Frå og med 2004 kan fiskerettshavar eller fiskeforvaltar nytte elektronisk rapportering via Internettadressa http://www.fangstrapp.no.

 

Data frå Lakseregisteret blir lasta ned og overført til eit kontroll og rettesystem. For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Om naudsynt, blir fylkesmennene kontakta for å drøfte datagrunnlaget.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Fram til 1993 vart statistikken samla inn av laksestyra, og statistikken var knytt til innbetaling av lakseskatt. Dette gjorde at det var vanskeleg å få inn rapportar ein kunne lite på. Frå 1993 vart lakseskatten borte, og fylkesmennene overtok ansvaret for å samle inn fangstrapportane og rapportere vidare til Statistisk sentralbyrå. Etter det er det grunn til å tru at kvaliteten har vorte betre.

Kor mange elvar og vassdrag det blir fiska i har variert over tid. Frå byrjinga av 1800-talet omfatta statistikken berre 54 av dei viktigaste elvane. Talet på elvar med registrert fangst auka monnaleg på midten av 1900-talet, og det var omkring 170 elvar med registrert fangst i 1960-åra. Dei seinare åra har det vore registrert fangst i om lag 350 elvar.

I 1989 var 15 prosent av laksevassdraga i Noreg stengt for fiske av laks av ulike årsaker. I 2011 var 25 prosent av elvane stengt for fiske. I tillegg til freding er det dei siste åra teke i bruk døgnkvoter, vanlegvis på ein til tre fiskar per døgn.

Også lenger tilbake i tid har det vore endringar som kan ha verka inn på fangstmengda. Etter ei sterk avkorting av fisketida for bruk av fast fangstreiskap som laksekasser, garn og teiner i elv etter laks frå 1850 til 1900 var lengda på fiskesesongen nærmast uforandra frå 1900 til 1960. Denne typen fiske vart forbode i nesten heile landet i 1980. Berre i nokre få elvar i Finnmark og i Numedalslågen har det vore opent for bruk av fast fangstreiskap etter 1980. Allereie i 1930 var det forbode å fiske i laksetrappene, og alt fiske vart forbode rett ovanfor og nedanfor dei. Den gjennomsnittlege perioden for stong- og handsnørefiske i elv etter laks er redusert frå vel 200 dagar i 1850 til om lag 75 dagar i 2010.

 

 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Denne statistikken gir eit bilete av den registrerte innrapporteringa av fangsten. Undersøkingar har vist at den reelle fangsten er noko høgare. Miljødirektoratet estimerer eit tillegg for urapportert fangst i si rapportering til NASCO.

Manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane kan vere eit problem for fangststatistikken i vassdraga. Det er også mangelfull statistikk frå ein del småvassdrag der fisket er dårleg organisert. Statistikken er difor ikkje så fullstendig som ein skulle ønske.

2009 er første året med påbod om innrapportering av gjenutsett fisk, og kvaliteten på denne statistikken er derfor noko usikker.

Undersøkingar har synt at den reelle fangsten er noko høgare enn den offisielle statistikken syner. Dels kjem det av manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane, og dels på grunn av ulovleg fangst.

Revisjon

Ikkje relevant

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB