Samfunnsspeilet, 4/2015

Den norske skogen

Nye tider for skogeigaren

Publisert:

Dei siste tiåra har skogbruket i Noreg endra seg dramatisk. Hogstmaskinane har fortrengt mannen med motorsag, og gardbrukarane, som tidlegare dreiv i skogen vinterstid, har fått anna arbeid. Verdien av tømmeret er halvert sidan 1980-åra, og mykje av den norske skogindustrien har stengt dørene. Samstundes står det tre gonger så mykje tømmer i skogane våre no som for 90 år sidan, og årleg hogstmengd aukar.

Åpne og les artikkelen i PDF (630 KB)

I uminnelege tider har skogen vore ein ressurs for oss nordmenn. I første rekkje gav skogen tømmer og trevirke til eige bruk, men dette vart etter kvart også viktige handelsprodukt og eksportvarer. Skogen vart også nytta til jakt, fangst og beite for husdyra. Framleis er alt dette viktige bruksområde, men skogen har etter kvart fått fleire andre funksjonar. Mange nyttar skogen til mosjon og friluftsliv, han er viktig som leveområde for eit mylder av artar, og han har fått ei viktig rolle i klimadebatten. I tillegg til at skogen gir inntekter til skogeigaren og råstoff til skogindustrien, lyt dei som eig skog i dag ta omsyn til mange andre brukarinteresser.

Rundt 1900 var skogen uthoggen

Allereie på 1300-talet vart det eksportert trelast, og i hundreåra som følgde, vart det gjort forsøk på å føre ein restriktiv skogpolitikk, med periodar med hogst- og eksportforbod. På 1800-talet auka etterspørselen etter tømmer og ved. Tømmerfløyting og skipstransport førte til at mykje tømmer vart eksportert, og skogane vart meir og meir glisne, av di dei største trea vart hogde.

Tidleg på 1900-talet var skogane nokså utarma. Mange var urolege for situasjonen, og forstmannen Agnar Barth skreiv i 1916 ein artikkel i Tidsskrift for skogbruk der han hevda at «våre skoge gaar nu sin undergang i møde med stormskridt». Fleire andre meinte også at ein tilbakegang i skogproduksjonen ville vere svært uheldig for norsk økonomi. Eksportverdien av trevirke og skogprodukt utgjorde på slutten av 1800-talet over 40 prosent av samla norsk eksportverdi, og i 1920-åra var denne delen nesten like høg.

Med bakgrunn i denne uroa gjorde Statistisk sentralbyrå i 1916-1917 framlegg om at det skulle setjast i gang statistiske undersøkingar om norske skogar. Både Regjeringa og Stortinget gav samtykke til dette, og Socialdepartementet fekk som oppgåve å finne medlemmar til eit utval som saman med direktøren for Statistisk sentralbyrå, Nicolai Rygg, skulle planleggje arbeidet. Resultatet var blant anna at statistikk over skogareal og årleg hogstmengd skulle samlast inn, og at Landsskogtakseringa vart skipa som ein eigen institusjon. I 1920-åra vart skogane våre takserte for første gong, og etter det har takseringane halde fram med meir eller mindre jamne mellomrom.

Moderne driftsformer gir meir trevirke i skogen

Dei siste utrekningane frå 2014 syner at det no står tre gonger så mykje tømmer i skogane våre som i 1920-åra (sjå figur 1). Berre dei siste ti åra har tømmervolumet auka med 20 prosent.

Figur 1

Figur 1. Utvikling i ståande tømmervolum for ulike treslag

Ein viktig årsak til at det i heile perioden har blitt meir og meir skog, er innføring av bestandsskogbruket med flatehogst (sjå tekstboks om sentrale omgrep) og systematisk planting av ny skog. På den måten får vi raskt etablert ny og tett skog. Det har også blitt lagt vekt på å nytte produksjonsevna til skogen best mogeleg gjennom pleie av ungskogen og tynning av den litt eldre skogen.

Eit anna viktig tiltak som har auka skogproduksjonen, er skogreisinga som tok til i 1950-åra. Målet var å produsere skog på område utan skog eller byte til meir produktive bartreslag, enten vanleg gran eller innførte artar som sitkagran. Utover i 1960-åra var det årlege skogreisingsarealet på sitt største. Sjølv om skogreisinga gjekk raskt nedover etter at toppen var nådd, har det kvart år heilt til no blitt planta skog på nye område. Litt over halvparten av skogreisinga har skjedd på Vestlandet, medan resten har skjedd i Nord-Noreg. Om vi summerer opp skogreisingsarealet, kjem vi til 3,9 millionar dekar for heile perioden, som svarar til landarealet i heile Østfold fylke.

Attgroing av tidlegare innmark og beiteområde har også vore ein faktor som har gjeve meir skogsmark. Dessutan har vi sett at skoggrensa sakte kryp høgare oppover fjellsidene. Mindre husdyrhald og beiting er også her ein viktig årsak, men varmare klima fører også til at skoggrensa flyttar seg.

Personar eig det meste av skogen

Skogeigedomane i det langstrakte landet vårt er mange og stort sett små; til saman 128 200. Personar eig dei fleste av dei (sjå tabell 1). Berre vel 3 700 eigedomar har andre eigarar, til dømes aksjeselskap, stat og kommunar. I alt eig personar 78 prosent av skogarealet, følgd av staten med 9 prosent. Dei fleste eigedomane er små, og gjennomsnittsstorleiken er 550 dekar produktivt skogareal. For personlege eigarar er gjennomsnittet 450 dekar. Over 90 prosent av eigedomane har mindre enn 1 000 dekar produktiv skog, medan litt over 1 200 passerer 5 000 dekar (sjå tabell 2). I tillegg til at storparten av eigedomane på private hender er små, er dei også mange stader oppdelte i fleire lange og smale teigar som gjer det vanskeleg å drive effektivt skogbruk.

I 2014 var gjennomsnittsalderen til dei personlege skogeigarane 57 år, medan han i 1989 var 53 år. Ein av grunnane til at alderen aukar, er at fleire eigedomar har fått mindre verd som næringseigedom, og derfor ikkje blir omsette før eigaren døyr. Ein annan årsak er at gjennomsnittleg levealder har auka i denne perioden.

Sakte, men sikkert meir skog på kvinnehand

Statistikken syner at kvinner eig om lag kvar fjerde skogeigedom, og at kvinner har hand om ein knapp femtedel av skogarealet. Går vi tilbake til 1979, eigde kvinner 13 prosent av eigedomane. Det er derimot slik at vi finn ein mindre del kvinner som eigarar av dei største skogeigedomane: Medan kvinner eig nesten kvar tredje av dei små eigedomane, eig dei berre litt over kvar femte av dei største. Det er blant dei eldste skogeigarane delen kvinner er størst.

Sjølv om kvinnene eig meir no enn for 35 år sidan, er det likevel eit langt stykkje att til jamstelling mellom kjønna. Tek vi for oss eigedomane som vart overdregne i 2014, var 40 prosent av dei nye eigarane kvinner. Ser vi litt nærmare på tala, utgjorde kvinner 25 prosent av kjøparane av dei eigedomane som vart selde på den frie marknaden. For reine familieoverdragingar var denne delen 33 prosent. Det som dreg delen kvinnelege eigarar mest oppover, er overdragingar som følgje av dødsfall. Sidan kvinner i gjennomsnitt lever lengst, er det ei overvekt av kvinner som blir eigar ved tinglysing av retten til å sitje i uskifte bu når ein av ektefellene døyr.

Det er likevel fleire kvinner som eig skog enn det statistikken i første omgang syner. I utrekningane av gjennomsnittsalder blir det plukka ut ein referansebrukar for kvar eigedom som har fleire eigarar. Dette er den eldste personen, og for ektefellar som eig i lag, blir mannen plukka ut litt oftare enn kvinna, truleg fordi fleirtalet av menn giftar seg med yngre kvinner. Det er i alt 13 000 skogsameiger med til saman 39 900 personlege eigarar. I tillegg er det 11 000 eigedomar som ektefellar eig i lag. Når vi summerer opp talet på enkeltpersonar som eig skog åleine eller saman med andre, kjem vi til 158 000. Av desse er kvar tredje ei kvinne.

Granskogen dominerer – lauvskogen aukar mest

Om lag 45 prosent av landarealet er skogkledd, medan den produktive skogen utgjer om lag ein fjerdedel av landarealet. Taksten frå 2014 syner at grana er det vanlegaste treslaget og utgjer 45 prosent av skogen, medan furu og lauvskog utgjer høvesvis 31 og 25 prosent. Femti år tidlegare var over halvparten av skogen gran, medan lauvskogen utgjorde 17 prosent. Ein viktig grunn til at lauvskogen aukar mest, er at han i mindre grad enn tidlegare blir halden nede av husdyr på beite. Det er heller ikkje tradisjon for å produsere lauvskogtømmer i særleg omfang. Lauvskogen blir stort sett nytta til ved.

Ikkje berre blir det meir skog, men det blir meir gammal skog også. I seks av dei viktigaste skogfylka - Hedmark, Oppland, Buskerud, Østfold, Vestfold og Akershus - har delen av skogen som er gammal og hogstmogen, auka frå 22 prosent til 33 prosent dei siste 50 åra. Med tanke på biologisk mangfald er dette ei god utvikling, sidan gammal skog er det leveområdet som er det viktigaste for artsmangfaldet i naturen. Tal frå Landsskogtakseringa syner også at innslaget av liggjande og ståande daud ved aukar. Dette er også bra for det biologiske mangfaldet. Ei anna god side ved at skogressursane aukar, er at skogen bind opp meir av klimagassen karbondioksid.

Tømmermarknaden er internasjonal

Skogbruket er ei internasjonal næring, og tømmerverdien har svinga opp og ned gjennom åra avhengig av korleis den internasjonale marknaden for papirvarer og trelast har vore. Ser vi på gjennomsnittsprisen skogeigaren har fått for tømmeret dei siste tiåra, har verdien blitt halvert sidan 1980 om vi tek omsyn til den generelle prisstiginga i samfunnet (sjå figur 2).

Figur 2

Figur 2. Utviklinga i fast og nominell tømmerpris

Tilveksten større enn hogsten

Hogstkvantumet har dei siste tiåra lege på mellom 7 og 10 millionar kubikkmeter tømmer årleg. I 2014 hogg og selde skogeigarane nesten 10 millionar kubikkmeter tømmer til industriformål. Ikkje sidan rundt 1990 har hogsten vore så stor. I tillegg reknar vi med at det kvart år blir hogge 2-3 millionar kubikkmeter trevirke til brensel. Den samla verdien av industritømmeret var på 3,4 milliardar kroner. Hogstaktiviteten i 2014 var som vanleg størst i Hedmark, som er det fylket med flest store eigedomar (sjå figur 3).

Figur 3

Figur 3. Hogst av tømmer til industriformål i 2014

Dei siste ti åra har tilveksten av tømmer i den produktive skogen lege på rundt 24 millionar kubikkmeter. Sidan samla hogst av industrivirke for sal og ved til brensel vanlegvis er knapt halvparten av dette, aukar skogressursane kvart år (sjå figur 4). Ser vi litt nærmare på dette, er det monnaleg skilnad mellom fylka i kor stor del av tilveksten som blir hoggen. Så å seie all hogst til industriformål er nemleg bartre.

Figur 4

Figur 4. Utviklinga i årleg tilvekst av tømmer og hogst av tømmer til industriformål

I dei skogrike fylka på Austlandet blir over 70 prosent av tilveksten av gran hoggen kvart år. For furu er tilsvarande del 55 prosent. På Vestlandet og i Nord-Noreg blir berre knapt ein fjerdedel av tilveksten hoggen. Det er nokså stor skilnad mellom fylka når det gjeld kor lønsamt det er å hogge tømmer for sal. I 2014 varierte gjennomsnittleg tømmerpris for sagtømmer frå 431 kroner i Hedmark til 329 kroner i Møre og Romsdal og Rogaland. Når vi samstundes veit at drifskostnadene i gjennomsnitt er ein god del høgare der prisane er lågast, blir det stor skilnad i lønsemda.

Få tener store pengar

Ein av seks personlege skogeigarar hadde overskot i skogbruket i 2013. I gjennomsnitt oppnådde eigarane ei næringsinntekt på 37 000 kroner. Den gjennomsnittlege bruttoinntekta til skogeigarar med overskott i skogbruket var på 586 000 kroner dette året. Næringsinntekt frå skogbruk utgjorde 6 prosent av bruttoinntekta, anna næringsinntekt 31 prosent og lønsinntekt 41 prosent. Resten var pensjon og andre inntekter. Næringsinntekta frå skogbruket er sjølvsagt tett knytt til storleiken på eigedomen. For dei med mindre enn 1 000 dekar produktiv skog, som utgjer 90 prosent av eigedomane, var gjennomsnittleg næringsinntekt 25 000 kroner.

Dei 500 skogeigarane med mellom 5 000 og 20 000 dekar produktiv skog fekk eit gjennomsnitt på 195 000 kroner i inntekt frå skogbruket, medan dei knappe 50 personane som eig meir enn 20 000 dekar skog, nådde eit gjennomsnitt på 770 000 kroner. Det er med andre ord nokså få som tener store pengar på skogsdrift. Ser vi på skoginntektene i dei ulike fylka, er det også her skogfylket Hedmark som er på topp (sjå figur 5).

Figur 5

Figur 5. Gjennomsnittleg næringsinntekt frå skogbruket for skogeigarar med positiv næringsinntekt. Etter fylke. 2013

For dei fleste av dei med små skogeigedomar har dårlegare lønsemd ført til at skogen ikkje lenger er ein viktig del av inntektsgrunnlaget. Det er derfor færre som kvart år høgg tømmer for sal, men det samla årlege hogstkvantumet har halde seg oppe. Kvart år har i overkant av kvar tiande skogeigedom tømmerhogst for sal. I løpet av dei siste ti åra har til saman 37 prosent av eigedomane seld tømmer ein eller fleire gonger. Det er med andre ord ein stor del av eigedomane som sjeldan eller aldri har hogstaktivitet, og denne delen har auka jamt dei siste tiåra. Ikkje uventa er det i hovudsak på dei mange små eigedomane at øks og sag er lagt på hylla, men vi ser også klare fylkesvise skilnader. På Vestlandet er det no berre 5 prosent av eigedomane som kvart år har tømmer for sal, medan det i Nord-Noreg er halvparten av dette igjen.

Skogeigarar i Oslo og Akershus tener mest

Dei aller fleste skogeigarane bur der dei har skog. I dei mest skogrike fylka, som Oppland, Hedmark, Buskerud og Trøndelagsfylka, bur 85-90 prosent av skogeigarane i same kommune som skogen deira ligg. Skogeigarane i Oslo og Akershus er dei som skil seg mest frå resten av skogeigarane. Så å seie alle som eig skog og bur i Oslo, har ikkje overraskande skogen sin i ein annan kommune. I Akershus har halvparten av skogeigarane skog i ein annan kommune enn der dei bur sjølve. I alt er det over 9 000 personar som eig skog i desse to fylka, medan talet på skogeigedomar er rundt det halve.

Også på andre måtar skil desse eigarane seg frå skogeigarar flest; dei tener betre og fleire har høgare utdanning enn skogeigarar i andre fylke. I 2013 var gjennomsnittleg bruttoinntekt for skogeigarar frå Oslo og Akershus med skoginntekt 772 000 kroner. Det er 186 000 kroner meir enn gjennomsnittet for alle med skoginntekt. Blant skogeigarane i desse to fylka har 43 prosent høgare utdanning. I resten av fylka varierer dette mellom 20 og 27 prosent, medan gjennomsnittet for skogeigarane i landet er 26 prosent.

Skogbruket gav arbeid til mange etter andre verdskrigen

I åra etter andre verdskrigen nådde skogbruket på mange måtar ein topp. Prisane var gode, nye driftsmetodar fekk gjennomslag, og sysselsettinga var høg både i skogbruket og i skogindustrien. Berre i skogbruket arbeidde det godt over 30 000 personar i midten av 1950-åra, slik det kjem fram i figur 7. Etter det gjekk det nedover, og talet var rundt 10 000 då skogsmaskinane kom for fullt mot slutten av 1970-åra. I tillegg var det mange gardbrukarar som dreiv i skogen vinterstid, men som ikkje var rekna som sysselsette i skogbruket. Dei siste tiåra har rundt 5 000 hatt arbeidet sitt i skogbruket, men i dag er det få av dei som svingar motorsaga. Mange av dei heiltidstilsette skogsarbeidarane i dag køyrer store maskinar. Vi har også fått mange sesongarbeidarar, blant anna frå Polen og Baltikum, som tek hand om skogplanting og stell av ungskog.

Skogsarbeidaren forsvann

For førti år sidan vart alt tømmeret hogge av skogsarbeidarar med motorsag, og traktoren hadde i stor grad erstatta hesten. I slutten av 1970- åra kom dei første hogstmaskinane, og i løpet av tre tiår vart skogsarbeidaren med motorsag bytta ut med hogstmaskinar, og traktorar med vinsj laut vike for store lassberarar. Dette skiftet førte mellom anna til at mange heiltids gardbruk-arar, som hadde drive jorda om sommaren og hogge tømmer om vinteren, anten utvida jordbruksdrifta eller avvikla og fann seg anna arbeid. Det tunge skogsarbeidet, som hadde gjeve oss så mange seige og hardbarka skiløparar, var historie.

Figur 6 viser at hogstmaskinar i 2007 stod for 91 prosent av tømmerdriftene. Denne statistikken er ikkje laga etter 2007, men det er god grunn til å tru at denne delen er enda større i dag. Ei følgje av denne utviklinga er at mange skogeigarar også set bort planlegginga av skogsdrifter til skogeigarorganisasjonar og entreprenørar, eller lèt vere å hogge skog. Samstundes med den driftstekniske omveltinga fekk den lokale rådgjevingstenesta mykje mindre plass, og i mange kommunar forsvann desse tenestene heilt.

Figur 6

Figur 6. Delen tømmer felt og kvista med hogstmaskin

Frå skogindustrinasjon til råstoffleverandør?

Skogindustrien hadde i midten av 1950-åra bortimot 55 000 sysselsette. Fram til 1970-åra heldt nivået seg rundt 50 000, før det stupte. I 2014 arbeidde 15 400 personar i denne industrien (sjå figur 7). Trenden dei siste åra er at vi i aukande grad blir leverandør av råstoff til utanlandsk industri, og at eigen skogindustri blir lagt ned, i første rekkje papir- og celluloseindustrien. Dette gjev seg også utslag i lågare tømmerprisar, særleg for tømmer som ikkje held sagtømmerkvalitet. Samla eksportverdi av varer frå skogen er også på veg nedover. 

Figur 7

Figur 7. Utviklinga i sysselsettinga i skogbruket og skogindustrien

I 2014 utgjorde samla eksportverdi for tømmer og skogindustrivarer 8,8 milliardar kroner. Berre på tre år er denne verdien redusert med 25 prosent. Eksporten av tømmer har derimot auka monnaleg, og i 2014 utgjorde eksporten 3,3 millionar kubikkmeter, som svarar til ein tredjedel av hogstkvantumet. Dette er det største eksportkvantumet av tømmer i nyare tid. Det er likevel stor tru på at tømmer på mange område kan erstatte olje, og at ny industri vil erstatte det som er blitt nedlagt. I første rekkje gjeld det drivstoff og energi, men også på mange andre område ser ein for seg at trevirke kan nyttast, til dømes som erstatning for plast.

Skogeigar i ei ny tid

Dei store endringane i skogbruket har ført til at det å vere skogbrukar i våre dagar, for mange er noko heilt anna enn for berre nokre tiår sidan. Hogstmaskinane gjer arbeidet, og mykje av skogindustrien har forsvunne. På same tid har storsamfunnet blitt meir oppteken av skog som levestad for ulike artar og som arena for rekreasjon og friluftsliv. Allemannsretten, det vil seie retten til fritt å ferdast i skog og utmark, står sterkt, og i skogar som ligg rundt folketette område, tek mange skogeigarar store omsyn til friluftslivet i samband med hogst.

Skogen har også fått ein viktigare plass i klimadebatten, sidan skogen bind store mengder av klimagassen karbondioksid. Meir skog har vorte verna, og skogeigarane har fått eit større ansvar for å ta vare på ulike leveområde for alt som lever i skogen. Likevel har styresmaktene som mål at meir av den årlege tilveksten skal hoggast. I dei beste skogområda har ein greidd å auke hogsten dei seinare åra, med det resultatet at tømmereksporten har sett nye rekordar, sidan vi ikkje lenger har eigen industri som kan ta imot alt tømmeret.

Litteratur

Benjaminsen, Christina (2012, 19.01). Tre blir framtidas plast. Hentet 02.11. 2015, fra http://forskning.no/skog-materialteknologi/2012/01/tre-blir-framtidas-plast

Follo G., Nybakk E., Barstad J. & Talbot B. (2015) Forest Land Ownership Change in Norway. COST Action FP1201 - FACESMAP Country Report, European Forest Institute Central-East and South-East European Regional Office, Vienna. 43 pages. Hentet fra: http://facesmap.boku.ac.at/index.php/library2/cat_view/94-country-reports

Hoen, Hans Fredrik & Svendsrud, A. (2014) Skogbruk i Norge. Store norske leksikon. Hentet fra https://snl.no/Skogbruk_i_Norge

Norsk institutt for bioøkonomi. (2007). Bakgrunnen for en Landsskogtaksering. Hentet 02.10.2015 fra http://www.skogoglandskap.no/fagartikler/2007/bakgrunn_landsskogtakseringen/newsitem

Statistisk sentralbyrå. (1999). Fryktet rovdrift på skogressursene. Hentet fra http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/fryktet-rovdrift-paa-skogressursene

Statistisk sentralbyrå. (1927). Skogbrukstelling for Norge. 1927. I Norges offisielle statistikk VIII 34. Oslo: Statistisk sentralbyrå. http://www.ssb.no/a/histstat/nos/nos_viii_034.pdf

Tomter, S.M. (2014). Skogreising. I Tomter, S. M og Dalen, L. S /Red.), Bærekraftig skogbruk i Norge (s. 120-123). Ås: Norsk institutt for skog og landskap.

Vik, J. (2009). Samhandling i endring: Om makt og marked i skognæringa (rapport 1/09 fra Norsk senter for bygdeforskning). Hentet fra http://www.bygdeforskning.no/publikasjoner/samhandling-i-endring-om-makt-og-marked-i-skognaeringa

Kontakt