243860_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243860
Liten auke i industriproduksjonen
statistikk
2016-06-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 0,7 prosent fra mars 2016 til april 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningapril 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon hadde ein liten oppgang på 0,3 prosent i perioden februar-april 2016 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Dette betyr at produksjonsnedgangen i industrien no har flata ut. På månadsbasis, frå mars til april 2016, var det derimot ein nedgang på 0,7 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
April 2016 / Mars 2016Februar 2016 - April 2016 / November 2015 - Januar 2016April 2016 / April 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,8-0,23,2100,0
Utvinning og utvinningstjenester2,1-1,57,071,4
Bergverksdrift-10,99,8-15,90,5
 
Industri-0,70,3-5,223,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,2-0,9-0,64,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-1,20,12,22,4
Metallindustri-0,32,76,51,2
Maskinindustri0,1-7,2-18,33,0
Bygging av skip og oljeplattformer0,64,9-8,31,8
 
Kraftforsyning-3,06,16,54,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 115,9 (2005= 100) i perioden februar-april 2016, mot 115,6 i tremånadersperioden før.

Tremånadersendring: Oppgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer

Sesongjusterte tal viser ein beskjeden oppgang i industriproduksjonen på 0,3 prosent i perioden februar-april 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog mest til at det blei ein liten oppgang i industrien, med ein auke på 4,9 prosent. Det var og ein auke innanfor næringsgruppa gummi, plast, mineralsk industri i tillegg til i trelast- og trevareindustrien. Som ein kan sjå av figur 2, har den totale nedgangen i industriproduksjonen no flata ut etter ein periode med markant fall sidan hausten 2014. Ein ny artikkel om innleidd arbeidskraft i industrien forklarer korleis mindre bruk av slik arbeidskraft har bidrege til denne nedgangen.

På den motsette sida var det ein klår nedgang i maskinindustrien der produksjonen fall med 7,2 prosent. Også innanfor andre næringar som næringsmiddel- og drikkevareindustri, kjemiske råvarer og i metallvareindustrien var det ein nedgang i denne perioden.

Månadsendring: Produksjonsnedgang frå mars til april 2016

Sesongjusterte tal viser ein nedgang på 0,7 prosent i industriproduksjonen frå mars til april 2016. Dette har samanheng med ein mindre produksjonsnedgang innanfor fleire næringar i industrien. Dei største bidraga til nedgangen kjem frå næringane dataindustri og elektrisk utstyrsindustri saman med maskinreparasjon og -installasjon. Det var og ein nedgang innanfor kjemiske råvarer, som kjem frå vedlikehaldstans hos nokre sentrale aktørar i næringa.

Samstundes var det ein liten produksjonsoppgang innanfor mellom anna ikkje-jarnhaldige metall og bygging av skip og oljeplattformer.

Tolvmånadersendring: Markert nedgang i Noreg mot ei auke i eurosona i mars 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 7,1 prosent frå mars 2015 til mars 2016. Maskinindustrien bidrog saman med bygging av skip og oljeplattformer mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 0,2 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Liten nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall 0,2 prosent i perioden februar-april 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Utvinninga av råolje gjekk ned 3,4 prosent, medan produksjon av naturgass auka med 1,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i april 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein produksjonsnedgang på 1,9 prosent i perioden februar-april 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Verksemdene innanfor denne næringa leverer tenester til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har sterk samanheng med lågare investeringsaktivitet innanfor denne sektoren.

Sesongjusterte tal viser at norsk kraftforsyning på si side hadde ein produksjonsoppgang på 6,1 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein oppgang på 9,8 prosent.

Tal for utvinningstenester finst i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrenings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knyta til aktivitet offshore som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien og bli publisert med eige tal i Statistikkbanken og tabellar.

Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte talaÅpne og lesLukk

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutina for sesongjustering tek omsyn til tidspunktet for påska, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.