140233_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140233
Auke i industriproduksjonen
statistikk
2014-12-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskapning i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 1,6 prosent fra september til oktober 2014.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk opp 0,7 prosent frå august til og med oktober 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå september til oktober 2014, auka industriproduksjonen med 1,6 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Oktober 2014 / September 2014August 2014 - Oktober 2014 / Mai 2014 - Juli 2014Oktober 2014 / Oktober 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft1,44,410,7100,0
Utvinning og utvinningstjenester1,67,511,771,9
Bergverksdrift-2,53,28,80,6
 
Industri1,60,74,622,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,3-0,62,54,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri6,9-6,8-4,82,0
Metallindustri-1,71,00,91,1
Maskinindustri0,72,510,73,2
Bygging av skip og oljeplattformer4,71,910,62,4
 
Kraftforsyning-0,7-8,19,04,8

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 124,9 (2005= 100) i perioden august til og med oktober 2014, mot 124 i tremånadersperioden før.

Tremånaderssendring: Høg industriproduksjon frå august til og med oktober

Auken i industriproduksjonen var på 0,7 prosent frå august til og med oktober 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Produksjonsauken kan særleg knytast til stor aktivitet hos leverandørar til olje- og gassektoren, der enkelte aktørar har hatt høg oppdragsmengde. Det var mellom anna ein auke i produksjonen i næringar som maskinindustri og innanfor bygging av skip og oljeplattformer. Desse næringane har sidan 2005 hatt ein oppgang på høvesvis 126 og 123 prosent. Innanfor bygging av skip og oljeplattformer var veksten særleg knytt til høg produksjon blant dei store aktørane i næringa. For maskinindustri var produksjonen på eit rekordhøgt nivå frå august til og med oktober 2014. Det var samstundes også ein klår auke i metallvareindustrien i denne perioden.

Det var derimot ein nedgang innanfor oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, i tillegg til gummi, plast og mineralsk industri. I oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hang nedgangen mellom anna saman med stans for vedlikehald hos viktige produsentar i september 2014.

Månadsendring: Klår auke frå september til oktober 2014

Det var vekst i næringar som oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri og i bygging av skip og oljeplattformer, viser sesongjusterte månadstal. Auken i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri heng saman med igangsetting i oktober etter den nemnde produksjonsstansen hos viktige produsentar månaden før. Innanfor bygging av skip og oljeplattformer kan veksten i oktober særleg knytast til større aktivitet blant produsentar av supplyskip til olje- og gassektoren.

På den andre sida var det ein mindre nedgang innanfor blant anna næringsmiddelindustrien og i metallindustri i denne perioden.

Tolvmånaderssendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i september 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,1 prosent frå september 2013 til september 2014, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustrien medverka samen med maskinreparasjon og -installasjon særskild til oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,2 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Solid vekst i produksjonsindeksen samla (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 4,4 prosent frå august til og med oktober 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje voks med 8,2 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 8,2 prosent. Frå september til oktober 2014 gjekk utvinninga av råolje ned 3,7 prosent. Derimot steig naturgassproduksjonen 4,7 prosent, viser sesongjusterte tal. Sjå pressemelding frå Oljedirektoratet for fleire detaljer om olje- og gassproduksjonen i oktober 2014.

Produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 8,1 prosent frå august til og med oktober 2014, i høve til tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.