140231_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140231
Oljedriven auke i 3. kvartal
statistikk
2014-11-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklinga i verdiskapning i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gjekk ned 2,1 prosent frå aug. til sep. 2014.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oljedriven auke i 3. kvartal

Produksjonen i norsk industri gjekk opp 1,1 prosent frå 2. til 3. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal. Kvartalsveksten blir likevel noko dempa av eit fall i industriproduksjonen på 2,1 prosent frå august til september 2014.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
September 2014 / August 2014Juli 2014 - September 2014 / April 2014 - Juni 2014September 2014 / September 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft4,42,47,7100,0
Utvinning og utvinningstjenester7,84,37,871,9
Bergverksdrift-1,44,411,60,6
 
Industri-2,11,12,122,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-1,0-0,92,04,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-8,6-2,0-9,12,0
Metallindustri0,7-0,44,61,1
Maskinindustri1,14,110,53,2
Bygging av skip og oljeplattformer-11,24,71,02,4
 
Kraftforsyning5,5-10,47,04,8

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 124,6 (2005= 100) i 3. kvartal 2014, mot 123,3 i kvartalet før.

Tremånadersendring: Stor aktivitet i sommarmånadene blant leverandørar til olje- og gassektoren

Auken i industriproduksjonen var på 1,1 prosent frå 2. til 3. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal . Dette heng i stor grad saman med stor aktivitet hos leverandørar til olje- og gassektoren i juli og august. Næringar som bygging av skip og oljeplattformer og maskinreparasjon og -installasjon, hadde ein særskilt stor aktivitet i desse to månadene på grunn av høg oppdragsmengd hos enkelte store aktørar. Innanfor bygging av skip og oljeplattformer var den store aktiviteten særleg knytt til produksjon av oljeplattformer og modular. Stabil vekst i maskinindustrien bidrog også til oppgang i den totale industriproduksjonen frå 2. til 3. kvartal, viser sesongjusterte tal. Næringa har sidan 2005 hatt ein oppgang på 125 prosent. Ordrestatistikken for 3. kvartal 2014 viser at høge ordrereservar innanfor desse oljerelaterte næringane bidreg til at aktiviteten ligg på eit høgt nivå, sjølv om ordretilgangen fall kraftig frå 2. til 3. kvartal.

Det var samstundes ein nedgang for gummi, plast og mineralsk industri, og innanfor oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri frå 2. til 3. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal.

Månadsendring: Tydeleg fall frå august til september 2014

Det var eit tydeleg fall i bygging av skip og oljeplattformer, og i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri frå august til september 2014, viser sesongjusterte månadstal. Ferdigstilling av store prosjekt i bygging av skip og oljeplattformer i august bidreg til at tala for september viser ei negativ utvikling. Innanfor oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hang nedgangen mellom anna saman med stans for vedlikehald hos viktige produsentar i september 2014.

På den andre sida var det ein mindre oppgang i maskinindustrien og ikkje-jarnhaldige metall frå august til september 2014, viser sesongjustere tal.

Tolvmånadersendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i august 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 5,2 prosent frå august 2013 til august 2014, viser kalenderjusterte tal . Maskinindustrien og bygging av skip og oljeplattformer medverka særskild til oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona fall med 1,5 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Solid vekst i produksjonsindeksen samla (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 2,4 prosent frå 2. til 3. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje voks med 8,2 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 1 prosent. Frå august til september 2014 gjekk utvinninga av råolje og produksjonen av naturgass opp med høvesvis 4,8 og 7,1 prosent, viser sesongjusterte tal. For fleire detaljer om olje- og gassproduksjonen i september 2014, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet .

Produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 10,4 prosent frå 2. til 3. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal.