8533_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
8533
Uendra industriproduksjon
statistikk
2010-03-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra industriproduksjon

Produksjonen i norsk industri var uendra frå november 2009 til og med januar 2010 samanlikna med august til og med oktober 2009, viser sesongjusterte tal. Det er likevel klare forskjellar mellom bransjane i industrien.

Det var ein vekst på 7,1 prosent i norsk metallindustri i denne siste perioden grunna ei viss betring i etterspurnaden. Samla produksjon av metallar var framleis klart lågare enn tida før finanskrisa. I ikkje-jarnhaldig metallindustri var det ein vekst på 3,5 prosent. Produksjonen av kjemiske råvarer har også hatt ein klar oppgang på 13,5 prosent, mellom anna knytt til vidare vekst i solcellerelatert verksemd.

Produksjonsindeksen. Trendseriar. Januar 2003-januar 2010. 2005=100

Produksjonsindeksen for industri. Januar 1999-januar 2010. 2005=100

Nedgang for skip og plattformer

Produksjonen av skip og plattformer gjekk ned med 4,4 prosent frå november 2009 til og med januar 2010 samanlikna med månadene før. Dette heng saman med den låge ordretilgangen og det markerte fallet i ordrereservane gjennom 2009 for denne næringa ( Sjå Ordrestatistikk for 4. kvartal 2009 ). Dette har virka inn på verkstadnæringane elles. Produksjonen i maskinindustri og metallvareindustri gjekk til dømes ned med 1,2 og 1,0 prosent den siste perioden.

Kulda virka inn på produksjonen

Næringsmiddelindustrien hadde ein nedgang i produksjonen på 1,4 prosent frå november 2009 til og med januar 2010 samanlikna med dei førre tre månadane. Det har også vore ein nedgang i gummi-, plastindustri og mineralsk industri på 5,8 prosent. Streng kulde i januar 2010 har virka inn på norsk byggeverksemd og dermed etterspurnaden etter mineralprodukt. Kuldeperioden har også dempa aktiviteten i næringsmiddelindustrien gjennom problem for slakteriverksemda.

Nedgang frå januar 2009 til januar 2010

Virkedagskorrigerte tal viser at produksjonen i industrien gjekk ned med 1,9 prosent frå januar 2009 til januar 2010. Det var ein klar vekst i næringar som metallindustri og kjemiske råvarer, medan produksjonen i bygging av skip og plattformer gjekk ned med 9,3 prosent.

Frå desember 2009 til januar 2010

Sesongjusterte tal viser at det var ein nedgang i norsk industriproduksjon på 0,4 prosent frå desember 2009 til januar 2010. Næringsmiddelindustrien og bygging av skip og plattformer hadde ein nedgang, medan produksjonen i kjemiske råvarer gjekk opp.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon gjekk ned 2,6 prosent frå desember 2008 til desember 2009, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 5,1 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2010. Prosentvis endring
 
  Virkedagskorrigert1 Sesongjustert
  Januar 2009-
januar 2010
November 2008-januar 2009-
november 2009- januar 2010
Desember 2009-
januar 2010
August 2009-oktober 2009-
november 2009-januar 2010
 
Totalindeksen -3,1 -4,6 0,3 -
         
Utvinning og utvinningstenester -5,1 -6,1 0,8 -0,2
Industri -1,9 -2,6 -0,4 -
Kraftforsyning 7,2 1,1 1,2 1,7
         
Etter varetype        
Innsatsvarer 1,1 1,2 2,6 4,3
Investeringsvarer -2,1 -1,2 -0,2 1,0
Konsumvarer -4,3 -3,8 -2,9 -1,3
Energivarer -3,2 -5,8 1,6 0,2
 
1  Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og helgedagar i Noreg.

Viktig melding: Framskrivne vekter

Vektgrunnlaget i produksjonsindeksen for industrien vert basert på seinaste tal frå årleg strukturstatistikk, som for tida er 2008-tal. Desse tala er framskrivne med månadlege omsetningstal frå 2009 for å nytta så oppdaterte vekter som mogleg. Årsaka til framskrivinga er betydelege volum- og prisendringar i industrien etter 2008. For meir om vekter i statistikken, sjå kapitlet 3.6 Berekningar i Om statistikken .

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen