Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden november 2023-januar 2024 var på 100,1 (2021=100) mot 100,2 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har hatt ein stabil utvikling (sjå figur 1).

Månadsendring: Nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at aktiviteten i industrien var uendra frå desember 2023 til januar 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest i negativ retning med eit fall på 1,7 prosent. Også metallindustri såg ein nedgang denne perioden med eit fall på 2,5 prosent.

På den motsette sida var det dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest i positiv retning med ein vekst på 1,6 prosent.

Tremånadarsendring: marginalt fall i aktiviteten

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein marginal nedgang på 0,1 prosent i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Næringsmiddel- og drikkevareindustrien bidrog mest til nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på 1,4 prosent. Den nedgåande trenden fortsett i trelast- og trevareindustrien med eit fall på 4,3 prosent i perioden. Samanlikna med same tremånadarsperiode året før hadde næringa eit kalenderjustert fall på heile 11,5 prosent.

På den anna side hadde næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer ein sterk oppgang på 5,2 prosent og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen. Fleire verksemder innanfor næringa melde om gode marknadsforhold og prosjekt i perioden som årsak til auke.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,4 prosent i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadersperiode. Aktiviteten i denne delen av industrien har auka mykje sidan starten på 2022. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien er ned 0,6 prosent i same periode og trenden har jamt over vore fallande dei siste to åra (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Tremånadarsendring: oppgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 0,5 prosent, medan utvinning av naturgass auka med heile 17,4 prosent. Oppgangen for naturgass kan sjåast i samanheng med ein omfattande vedlikehaldsperiode i september 2023. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,3 prosent i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 1,6 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning hadde eit fall på 6,3 prosent (sjå figur 3).

Figur 3. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Nytt basisår

Frå og med publiseringa av januarindeksen er referanseåret endra til 2021=100. Inntil desember 2023 var referanseåret 2005=100.

Merk at oppdatert referanseår ikkje påverkar endringar i indeksseriane over tid, utover avrundingseffektar som kan flytte enkelte endringsratar på desimalen.

Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2022. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2023 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Sokkeldirektoratet.

For industrinæringane var det vekta til metallindustri som gjekk mest opp medan trelast- og trevarenæringen gjekk mest ned frå 2023 til 2024. Samla sett for totalaggregatet (PII) fall vekta til industrien, medan vekta for utvinning og utvinningstenester gjekk opp.

Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med januar 2024. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei næringane der ein nyttar timeverk som indikator, og er eit gjennomsnitt for årene 2017 til og med 2021.