Den største prosentvise nedgangen var i Rogaland med 47 prosent færre konkursar. Deretter følgde Vestland som hadde 33 prosent nedgang.

Det var og desse fylka som hadde størst nedgang målt i absolutte tal, med høvesvis 61 og 49 færre konkursar samanlikna med 1. kvartal 2023.

Finnmark og Vestfold skil seg ut med ein markant auke i talet på konkursar. Finnmark med 62 prosent og Vestfold med 34 prosent.

970 av konkursane var føretakskonkursar, unnateke  einskildpersonføretak. Talet gjekk ned med 11 prosent samanlikna med første kvartal i fjor. 28 prosent av føretakskonkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Dei resterande 163 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. Det er 64 færre konkursar enn det var i same periode i fjor, og tilsvarar ein nedgang på 28 prosent.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal