Nedgang i eksportprisen for fersk laks

Publisert:

I veke 12 i 2020 var eksportprisen for fersk laks 61,29 kr/kg, ein nedgang på 7,4 prosent samanlikna med veka før.

Eksportkvantum for fersk laks i veke 12 enda på 15 332 tonn, 14,9 prosent lågare enn i veka før då volumet var 18 009 tonn.

I veke 12 i 2020 vart det eksportert 157 tonn frosen laks, og prisen var 56,66 kr/kg.

Det totale eksportvolumet til enkeltland svingar normalt ganske mykje frå ei veke til den neste. Nedgangen frå veke 11 til veke 12 kjem i stor grad av sterkt redusert eksport til store mottakarland som Frankrike, Danmark, Spania og Nederland. Samstundes hadde desse landa også ein oppgang i veka før, frå veke 10 til 11.

I motsett fall har Polen hatt ein vesentleg auke ifrå veke 11 til veke 12. Polen hadde derimot ein vesentleg nedgang i veka forut, frå veke 10 til 11. Lakseeksporten til Kina har hatt ein jamn oppgang sidan veke 5.

Figur 1. Eksportpris for fersk eller kjølt oppalen laks

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52
2018 58.52 57.28 55.46 56.96 56.86 54.69 56.52 62.20 65.16 67.57 67.94 65.12 71.75 71.50 68.21 67.32 66.79 71.16 75.40 76.09 73.71 66.17 61.34 65.00 61.70 58.25 58.55 55.40 55.14 56.07 57.44 57.33 53.62 52.99 57.43 62.60 62.10 60.28 59.15 57.93 58.49 58.95 57.77 59.07 57.37 55.90 53.84 55.76 59.50 58.87 58.20 65.15
2019 66.66 63.90 62.88 60.83 57.41 56.73 56.82 60.00 65.65 72.45 71.55 67.78 65.13 68.21 67.33 71.45 69.53 62.85 61.94 65.48 61.33 58.52 61.85 69.90 64.09 60.12 61.06 61.64 60.18 56.16 54.13 54.45 55.05 51.82 55.10 53.07 50.80 48.62 47.73 46.83 50.70 54.66 53.87 52.99 54.48 58.63 61.56 63.25 63.72 68.76 75.05 77.04
2020 78.20 77.63 76.38 75.53 70.25 65.56 64.49 68.42 72.80 67.74 66.17 61.29

Figur 2

Eksportkvantum for fersk eller kjølt oppalen laks

Kontakt