10855_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10855
2,7 milliardar på avløp og renovasjon
statistikk
2009-02-11T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning5. termin 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

2,7 milliardar på avløp og renovasjon

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på 2,7 milliardar kroner i 5. termin 2008. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med den same perioden i 2007.

Avløps- og renovasjonsverksemd. 1. termin 2001-5. termin 2008. Millionar kroner

Bedriftene som arbeider med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ei omsetning på 328 millionar kroner i 5. termin i fjor, ein auke på 23 prosent samanlikna med 5. termin året før.

Dei bedriftene som driv innsamling og handtering av anna avfall hadde ei omsetning på 2 299 millionar kroner i september og oktober 2008. Dette er ein auke på 7 prosent i forhold til den same terminen i 2007.

Bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 64 millionar kroner i 5. termin i 2008. Omsetningsauken i 5. termin i 2008 var på 28 prosent samanlikna med same perioden i 2007.

Tabeller: