10857_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10857
Avløp og renovasjon for 2,2 milliardar
statistikk
2008-12-08T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning4. termin 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Avløp og renovasjon for 2,2 milliardar

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på 2,2 milliardar kroner i juli og august 2008. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2007.

Avløps- og renovasjonsverksemd. Millionar kroner

Bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 44 millionar kroner i 4. termin i 2008. Omsetningsauken i 4. termin i år var på 16 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.

Dei bedriftene som driv innsamling og handtering av anna avfall, hadde ei omsetning på 1 926 millionar kroner i juli og august 2008. Denne næringsgruppa hadde ein auke på 7 prosent.

Bedriftene som arbeider med oppsamling og handtering av avløpsvatn, hadde ei omsetning på 223 millionar kroner i 4. termin 2008, ein nedgang på 1 prosent samanlikna med den same terminen i fjor.

Tabeller: