10859_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10859
Omsatte for 6,7 milliarder i første halvår
statistikk
2008-10-08T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning3. termin 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Omsatte for 6,7 milliarder i første halvår

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemdene var på 6,7 milliardar kroner i første halvår i år, ein auke på 10 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2007. I mai og juni i år var det ei omsetning på 2,3 milliardar kroner, ein auke på 11 prosent i høve til same periode i 2007.

Avløps- og renovasjonsverksemd. 1. termin 2001-3. termin 2008. Millionar kroner

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ei omsetning på 673 millionar kroner i første halvår, ein auke på 12 prosent samanlikna med første halvår i fjor. Samanlikna med omsetninga i mai og juni i 2007, auka omsetninga med 10 prosent i 3. termin i år.

Bedriftene som driv innsamling og handtering av anna avfall auka omsetninga si med 9 prosent i første halvår i år, samanlikna med første halvår i fjor. Frå mai og juni i fjor til same perioden i år auka omsetninga med 10 prosent.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ein oppgang i omsetninga på 21 prosent i første halvår i år, samanlikna med same perioden året førre. Omsetningsauken i tredje termin var på 40 prosent samanlikna med same perioden i fjor.

Tabeller: