10865_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10865
11 prosent auke for avløp og renovasjon
statistikk
2008-04-23T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning6. termin 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

11 prosent auke for avløp og renovasjon

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på 12,6 milliardar kroner i 2007. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med året før.

Avløps- og renovasjonsverksemd. 1. termin 2001-6. termin 2007. Millionar kroner

I sjette termin (november og desember) 2007 var omsetninga på 2 milliardar kroner. Dette tilsvarar ein auke på 4 prosent jamført med same periode i 2006.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ei omsetning på 1,3 milliardar i 2007. I november og desember 2007 var omsetninga på 238 millionar kroner. Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 291 millionar kroner i 2007. I sjette termin var omsetninga på 80 millionar kroner.

I 2007 stod omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for 87 prosent av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på 11 milliardar kroner i 2007. I november og desember var omsetninga på 1,7 milliardar.

Tabeller: