10879_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10879
5 prosent auke for avløp og renovasjon
statistikk
2007-02-15T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning5. termin 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

5 prosent auke for avløp og renovasjon

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på om lag 2,2 milliardar kroner i september og oktober 2006. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med den same perioden året før.

Avløps- og renovasjonsverksemd. Millionar kroner

Bedriftene som driv med oppsamling og handtering av avløpsvatn, hadde ein auke i omsetninga i femte termin på 16 prosent samanlikna med femte termin i 2005. Omsetninga var på 226 millionar kroner.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd, hadde ei omsetning på 50 millionar kroner i femte termin 2006. Omsetninga gjekk opp med 14 prosent jamført med den same perioden året før.

I september og oktober 2006 stod omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for om lag 9/10 av den totale omsetninga innan avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på om lag to milliardar kroner i femte termin 2006. Dette er ein auke i omsetninga på 4 prosent jamført med den same perioden i 2005.

Tabeller: