Førebelse tal frå Landbruksundersøkinga 2023 viser at det i alt vart lagt ned 80,3 millionar arbeidstimar i jord- og hagebruk i 2023. Det svarer til ein nedgang på 2,3 millionar dei siste tre åra.

–Sjølv om talet på arbeidstimar har gått ned, held likevel arbeidsinnsatsen per Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrenser. seg stabil. Dette fordi det har blitt færre jordbruksbedrifter, seier seksjonssjef Dagfinn Sve.

Reduksjonen i arbeidsinnsats held fram

I perioden 1. oktober 2022 til 30. september 2023 vart det utført 43 512 årsverk á 1 845 timar. Dette er ein nedgang på 2,7 prosent frå førre registrering i 2020. Nedgangen i arbeidsinnsatsen har vore stabil dei siste ti åra med om lag eitt prosentpoeng i året.

Figur 1. Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk. 1999-2023¹. Millionar timar

¹Tal for 2023 er førebelse.

Nedgangen i arbeidsinnsats er ikkje like stor no som i tidlegare periodar. Til dømes var reduksjonen i perioden frå 1999 til 2010 på 37 prosent, medan den frå 2013 til 2023 var 9 prosent. Den same utviklinga finn vi i talet på jordbruksbedrifter, som òg hadde ein sterkare nedgang tidleg på 2000-talet enn i dag.

Stabilt timetal per jordbruksbedrift

Nedgang i talet på jordbruksbedrifter gjer at arbeidsinnsatsen per bedrift held seg stabil, sjølv om det totale timetalet går ned. Både timar i alt og talet på bedrifter har falle med om lag tre prosent sidan 2020.

Flest arbeidstimar i mjølkeproduksjon

Størstedelen av arbeidsinnsatsen vert utført på jordbruksbedrifter med husdyrproduksjon. Til dømes utgjer dei arbeidsintensive Driftsform fastsettast ut frå delen som dei ulike plante- og husdyrproduksjonane i jordbruksbedrifta utgjer av bedrifta si totale standard omsetning (SO). storfe med mjølkeproduksjon og storfe med kombinert mjølke- og kjøtproduksjon om lag ein tredel av den totale arbeidsinnsatsen i jordbruket.

Av reduksjonen i arbeidsinnsats frå 2020 står driftsforma mjølkeproduksjon for om lag 70 prosent. Mykje kan forklarast med at talet på einingar med mjølkeproduksjon har gått ned med 11 prosent i perioden.

Figur 2. Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk etter driftsform. 2023¹. 1000 timar.

¹Førebelse tal.

Nokså stabil fordeling av arbeidstimane

Brukar og ektefelle/sambuar utførte 63 prosent av dei 80,3 millionar timeverka i jord- og hagebruk i 2023. Andre familiemedlemmar stod for 9 prosent av arbeidet i jord- og hagebruk, medan anna fast og tilfeldig hjelp utførte 28 prosent.

Andelen anna fast og tilfeldig hjelp gjekk ned 1 prosentpoeng frå 2020. Arbeidsinnsatsen frå denne gruppa var på 22,1 millionar timar – ein nedgang på 1,9 millionar. Storfe med mjølkeproduksjon stod for 50 prosent av nedgangen.

 

Landbruksundersøkinga er ei utvalsundersøking, og det er alltid hefta uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper som er basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet.

Variansberekningar viser at det totale timetalet i jord- og hagebruk kan variere med ±1,95 millionar på landsnivå.