Langt fleire årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta

Publisert:

Årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta har auka med vel 9 prosent frå 2015 til 2016. Auken gjeld særleg for sjukepleiarar, fysioterapeutar og jordmødrer. Vel 3,5 milliardar kroner blei brukte på desse tenestene i 2016.

Det var totalt 4 900 årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2016. Dette er vel 400 fleire enn i 2015. Hovudårsaka til den store auken i årsverk er fleire helsesystrer og andre sjukepleiarar i tenestene. Årsverk av andre sjukepleiarar auka med nær ein tredel mellom 2015 og 2016.

Figur 1. Årsverk innan helsestasjons- og skulehelsetenesta, etter utdanning

2015 2016
Utan fagutdanning 332.2 339.2
Annan fagutdanning 457.1 518.8
Andre sjukepleiarar 504.8 668.7
Helsesystrer 2469.4 2586.6
Jordmødre 322.7 361.5
Legar 210.1 213.6
Fysioterapeutar 202.0 228.8

Færre årsverk i mange småkommunar

Helsestasjons- og skulehelsetenesta er ei kommunal helse- og omsorgsteneste. Det betyr at ein auke i årsverk på landsnivå ikkje nødvendigvis kjem barn, ungdom og foreldre i alle kommunar til gode. Ein gjennomgang av årsverkstala på kommunenivå viser at om lag 60 prosent av kommunane hadde ein auke i årsverk mellom 2015 og 2016, medan 40 prosent hadde ein nedgang eller inga endring. Det er særleg små kommunar som har opplevd ein nedgang i årsverk.

Den store auken i årsverk ser me att i auken av utgifter til helsestasjons- og skulehelsetenesta. Vel 3,5 milliardar kroner blei brukte på tenesta i 2016, vel 11 prosent meir enn året før. Lønsutgifter utgjer om lag 85 prosent av dei totale utgiftene til helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2016.

Fleire kvinner blir fastlegar

Delen kvinnelege fastlegar har auka dei siste 10 åra. I 2007 var delen 33 prosent, medan han var 42 prosent i 2016. Ei av hovudårsakene er at langt fleire kvinner enn tidlegare vel å studera medisin. Det var om lag 1950 kvinnelege fastlegar i 2016. Talet på kvinner som er i gang med medisinstudium i 2016, tyder på at delen kvinnelege fastlegar vil halda fram med å auka òg i tida som kjem.

 

Figur 2. Delen kvinnelege fastlegar

2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Delen kvinnelege fastlegar, prosent 33 34 35 36 37 38 39 41 41 42

Endringar i Fastlegeregisteret gjer det vanskelegare å samanlikna tala

Tidlegare var det NAV som forvalta Fastlegeregisteret, men frå 2016 har Helsedirektoratet overteke ansvaret. Det har i den samanheng blitt gjort nokre endringar i variablar og organisering av registeret, endringar mellom 2015 og 2016 må difor tolkast med ei viss varsemd.

Faktaside

Kontakt