7489_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elregn/aar
7489
Auke i salsinntektene
statistikk
2001-05-04T10:00:00.000Z
Energi og industri
no
elregn, Elektrisitet, regnskap, kraftverk, e-verkEnergi, Energi og industri
false

Elektrisitet, regnskap1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i salsinntektene

Salsinntektene i kraftbransjen auka med 51 prosent frå 1998 til 1999. Likevel hadde bransjen ein nedgang i driftsresultat på 2 prosent. I 1999 var driftsresultatet på 10,5 milliardar kroner.

Distribusjonsverk, engrosverk og låg- og høgintegrerte verk hadde ein nedgang i driftsresultatet, medan produksjonsverk, nettselskap og andre verk opplevde eit oppsving i driftsresultatet.

 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren. 1994-1999

Høge salsinntekter, lite utslag i driftsresultatet

Driftsresultatet for kraftbransjen har vore stabilt sidan 1996. Prisen på elektrisitet har vore jamt fallande og tilsiget av vatn har vore høgt. I 1999 var den gjennomsnittlege prisen for elektrisk kraft på spotmarknaden 11,6 øre per kilowattime. 1999 inngår såleis i historia som eit lågprisår.

Tilsvarande var prisen om lag 25 øre per kilowattime i tørråret 1996. Driftsinntektene og -kostnadene nådde ein topp dette året. Kaldt vêr førte til høgare etterspurnad og lite nedbør førte til lågare produksjon. Medan 1996 var prega av høge prisar og låg produksjon, har åra etter vore prega av fallande prisar og høgare produksjon. Kraftproduksjonen var på om lag 123 terawattimar i 1999, 4,8 prosent høgare enn i 1998. For første gong sidan 1995 var Noreg nettoeksportør av kraft, og inntektene ved energisal var på 48 milliardar kroner til trass for nedgang i prisar. Det er ein auke på 20 prosent frå 1998.

Høvet mellom driftsresultatet og driftsinntektene vert spegla i driftsmarginen. Denne var 18 prosent i 1998 og vart i 1999 redusert til 16,81 prosent. Til samanlikning utgjorde dette nøkkeltalet 7 prosent i snitt for alle aksjeselskapa i norsk industri. Produksjonsverk og nettselskap hadde høvesvis 29,91 og 23,5 prosent på driftsmarginen.

Lågare overskot

Overskotet har hatt ein fallande tendens sidan 1996, og vart redusert med 24 prosent frå 1998 for alle elektrisitetsverka. Som følgje av overgangen til rekneskapslova av 1998 er det kome nye grensedragingar mellom ordinære og ekstraordinære postar. Det er færre postar som kan førast på ekstraordinære inntekter og kostnader. Dette har ikkje uventa slått ut i lågare verdiar på desse postane enn åra før. Ekstraordinære inntekter vart redusert med nesten 2 milliardar kroner frå 1998, medan ordinære finansinntekter fekk eit oppsving på i overkant av 1 milliard. Skattekostnaden har auka med om lag 18 prosent, i tillegg til at driftsresultatet har gått ned.

 Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 1999

Store kapitalverdiar i kraftbransjen

Anleggsmiddel, det vil seie kraftstasjonar, distribusjonsnett og andre driftsmiddel, står for 84 prosent av totalkapitalen i kraftbransjen. Til samanlikning stod anleggsmiddel for 48 prosent av totalkapitalen for alle aksjeselskapa i industri-Noreg.

Resultatgraden seier noko om kor stor del av kvar salskrone som går som godtgjersle til selskapet, det vil seie lønnsemda i høve til dei totale inntektene. Denne viste ein liten nedgang på 1 prosentpoeng til 18 prosent. Til samanlikning var denne 4,7 prosent for alle aksjeselskapa i norsk industri. Også her framstår nettselskapa og produksjonsverka med høge verdiar, med høvesvis 24,9 og 23,6 prosent av kvar krone som går som godtgjersle til kapitalen.

Totalkapitalen sin rentabilitet - eller totalrentabiliteten - kastar lys over avkastninga på kapitalen i selskapa. Denne var på 5,8 prosent og var uendra frå 1998. Til samanlikning var totalrentabiliteten 6,4 prosent for alle aksjeselskapa i norsk industri.

1Tallene er rettet 17. januar 2002.

Tabeller: