På nasjonalt nivå er 78 prosent av dei kommunalt disponerte bustadene eigde av kommunane, ein nedgang på eitt prosentpoeng frå året før. Samtidig har talet på innleigde bustader auka med om lag 2 200 frå perioden 2021 til 2022.

Figur 1. Tal på bustader med kommunal disposisjonsrett og eigarskap av desse i år 2021-2022

Fleire nyinnflytta flyktningar i 2022

I 2022 vart det registrert i underkant av 15 300 nye husstandar som flytta inn i bustader som var disponerte for utleige av kommunane. Dette talet inkluderer berre nyinnflytta husstandar som ikkje budde i ein kommunal bustad på tidspunktet for søknaden. Det gjeld ikkje dei som har bytt til ein annan kommunal bustad eller som har fått forlengt leigeavtalen sin i noverande kommunale bustad. Dei nemnde 15 300 husstandane utgjer 69 prosent av det samla talet på i underkant av 22 200 husstandane som vart tildelte bustad i 2022. Dette markerer ein auke på 6 prosentpoeng samanlikna med året før.

Ifølgje kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) var det særleg bustadtildeling knytt til nyinnflytta flyktningar som opplevde den største auken blant dei ulike prioriterte brukargruppene i 2022. Talet på husstandane auka med omtrent 3 900, ein auke på 23 prosentpoeng frå året før, og det samla talet på nyinnflytta flyktninghusstandar i 2022 var omtrent 5 000. Denne totalsummen utgjer ein del på 33 prosent av det samla talet på nyinnflytta husstandar.

I perioden frå 2015 til 2022 var det gruppa nyinnflytta flyktningar som hadde størst svingingar blant dei ulike brukargruppene. I 2016 vart det registrert i underkant av 4 400 husstandar, noko som likevel er 3 prosentpoeng lågare enn tala frå 2022 som er året med det høgaste registrerte talet på nyinnflytta flyktningar. Vi har ikkje oversikt over kva land flyktningane som flytta inn i dei kommunale bustadene kommer frå, men toppane fall saman med år med store flyktningstraumar. I 2015/2016 var det ein auke i talet på flyktningar frå Syria, medan det i 2022 har kome mange flyktningar frå Ukraina.

Sjølv om det er blitt tildelt fleire kommunale bustader til flyktningar, ser det ikkje ut til å ha hatt ein påverknad på tildelinga av kommunalt disponerte bustader til andre brukargrupper. Utviklinga frå 2015 til 2022 viser relativt stabile trendar, med små variasjonar i vekst eller reduksjon i talet på husstandar frå år til år. Desse tala gjeld som sagt nye tildelingar i løpet av 2022, og seier ikkje noko om kor stor del av dei kommunalt disponerte bustadene på om lag 110 500 dei ulike brukargruppene opptek.

Figur 2. Tal på nyinnflytta husstandar i perioden 2015 til 2022, inndelt etter ulike brukargrupper

Ei fordobling i talet på husstandar med barn i mellombels bustader

Ein mellombels bustad er butilbod der ein kan opphalde seg heile døgnet utan inngåing av ein husleigekontrakt, som til dømes pensjonat, hospits eller campinghytter. I 2022 vart det registrert omtrent 5 700 husstandar i slike butilbod, kor om lag 1 200 av desse vart buande i meir enn 3 månader. Av desse inkluderte i underkant av 500 tilfelle husstandar med barn i aldersgruppa 0-18 år, noko som utgjorde 8 prosent av alle husstandar som nytta mellombelse bustader i same periode.

Figur 3 illustrerer utviklinga av talet på husstandar med barn i mellombelse butilbod, og kor mange av dei som vart buande i meir enn 3 månader. I tidsperioden frå 2020 til 2022 har talet på husstandar med barn i mellombelse bustader meir enn dobla seg. Dette utgjer ein vekst på 3 prosentpoeng i forhold til det samla talet husstandar i mellombelse butilbod. Figuren viser at fleirtalet av husstandane med barn, som har fått tildelt ein mellombels bustad, flyttar vidare før det er gått 3 månader.

Figur 3. Tal på husstandar med barn i mellombelse butilbod og dei som er busett der i meir enn 3 månader