894_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arbkonfl/arkiv
894
62 500 tapte arbeidsdagar
statistikk
2009-05-07T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
arbkonfl, Arbeidskonfliktar, streik, lockout, tapte arbeidsdagarArbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn
false

Arbeidskonfliktar2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

62 500 tapte arbeidsdagar

Om lag 62 500 arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av ti arbeidskonfliktar i 2008. Heile 55 000 av dei tapte arbeidsdagane gjekk tapt som følgje av streik blant lærarar og helsepersonell i offentleg sektor.

Til samanlikning var det tolv konfliktar ved førre hovudoppgjer i 2006, med tap av 146 000 arbeidsdagar. I 2007, då det var mellomoppgjer, var det fire konfliktar med 4 000 tapte arbeidsdagar.

I år med hovudoppgjer, slik som i 2008, er det som regel fleire tapte arbeidsdagar enn i år med mellomoppgjer. Det er hovudoppgjer annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei relativt store endringane i tala frå år til år.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar både i form av streik og lockout som varer minst ein dag. Oppgåvene blir innhenta frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane.

Tabeller: