910_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arbkonfl/arkiv
910
Få tapte arbeidsdagar
statistikk
2002-05-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
arbkonfl, Arbeidskonfliktar, streik, lockout, tapte arbeidsdagarArbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn
false

Arbeidskonfliktar2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Få tapte arbeidsdagar

Berre 600 arbeidsdagar gjekk tapt i arbeidskonfliktar i 2001. Ved førre mellomoppgjer i 1999 gjekk det tapt 7 148 arbeidsdagar. Til samanlikning var det heile 497 000 tapte arbeidsdagar i 2000, eit år med hovudoppgjer ved lønnsforhandlingane.

Det blei registrert tre arbeidskonfliktar med til saman 29 involverte arbeidstakarar. Flest tapte arbeidsdagar finn ein i hotell- og restaurantverksemder med 519 dagar eller heile 83 prosent av alle tapte arbeidsdagar dette året. Til samanlikning var det 15 ulike arbeidskonfliktar i 1999, der 651 arbeidstakarar blei råka av konfliktane.

I år med mellomoppgjer, slik som i 2001, er det som regel færre arbeidskonfliktar enn i år med hovudoppgjer, og vi må heilt attende til 1964 for å finna eit år med så få arbeidskonfliktar. Det er hovudoppgjeret annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei store endringane i statistikken frå år til år.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar, eller arbeidsstogg, som varer i minst ein dag. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Statistikken omfattar følgjande typar streikar: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske streikar eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstogg som er sett i verk av tilsette og roterande streikar. Streik som er avbroten, men som seinare blir teken opp att av same grunn, blir talt som ein streik dersom avbrotet ikkje går over to månader. Er avbrotet lenger blir dette rekna som ein ny streik. Ein konflikt som er oppstått eitt år og som held fram neste år, skal takast med i begge åra og tel altså som to streikar.

Statistikken kjem ut kvart år på Statistisk sentralbyrås webside og i NOS Statistisk årbok.

Tabeller: