Vi jobber med å migrere disse sidene til SSB Dataportal. Variabeldefinisjonene kan derfor være utdatert og/eller ufullstendige.
Variabeldefinisjon
Ledige stillingar
| Norwegian (bokmål) English | |
| Namn | Ledige stillingar |
|---|---|
| Definisjon | Betalt stilling som er utlyst, formelt eller uformelt, slik at eksterne kan søkje på henne. |
| Gyldig frå | |
| Gyldig til | |
| Eigar | 260 - Seksjon for arbeidsmarkedsstatistikk |
| Kommentarar | NAV lagar statistikk over ledige stillingar for kvar månad, men statistikken har ikkje same omfang eller avgrensing av ledig stilling. NAV sin statistikk over ledige stillingar omfattar ledige stillingar som anten vert meldt til NAV-kontora som oppdrag, registrert av arbeidsgjevar på nav.no eller som er offentliggjorte i media (avisar, tidsskrift o.l.). NAV sin statistikk dekkjer dermed ikkje uformelle utlysningar eller ledige stillingar som utelukkande vert lyste ut på anna sett enn ved metodane nemnt ovanfor (til dømes utlysningar på eigne heimesider på internett). Sidan denne typen utlysningar er svært vanleg, spesielt i visse næringar, får Statistisk sentralbyrå høgare tal for talet på ledige stillingar enn det NAV får. Dette kjem framfor alt av at definisjonane er ulike. Formelle utlysningar vil til dømes vere annonsering i aviser, på internett, registrering hos NAV eller rekrutteringsfirma. Uformelle utlysningar vil vere til dømes oppslag i butikkvindauge eller oppslagstavler eller formidling via tilsette, venner eller familie. |
| Statistisk eining | Verksemd |
| Statistikkemne | 06.01 - Yrkesdeltaking |
| Statistikk | Ledige stillingar |
| Sensitivitet | Sensitiv |
