Variabeldefinisjon

Fiske som leveveg

  Norwegian (bokmål) English
Namn Fiske som leveveg
Definisjon Variabelen viser om ein fiskar har fiske som hovudyrke eller attåtyrke.
Gyldig frå 1977-01-01
Gyldig til
Eigar 430 - Seksjon for primærnæring
Kommentarar Hovudyrke: Ved hovudyrke må ein person ha minst 20 veker med fullt arbeid i fiske eller fangst og ei skattbar inntekt av fiske og fangst minst svarande til grunnbeløpet i folketrygda. Personar som har full alderspensjon, kan ikkje stå oppførte som hovudyrkesfiskar. Ein person kan ikkje ha fiske som hovudyrke dersom inntekter frå anna verksemd utgjer meir enn tre gonger folketrygda sitt grunnbeløp. I tillegg må inntekt frå fiske utgjere minst 2/3 av samla inntekt. Attåtyrke: Ved attåtyrke er det krav om at personen driv fiske og at skattbar inntekt frå fiske utgjer minst halvparten grunnbeløpet i folketrygda. Dersom inntekter frå anna verksemd utgjer meir enn fire gonger grunnbeløpet i folketrygda, kan ein ikkje ha fiske som attåtyrke.
 
Statistisk eining Person
Statistikkemne 10.05 - Fiske og fiskeoppdrett
Statistikk Fiskeri
Sensitivitet Sensitiv
 
Lenket til Variabeldefinisjon Fiskar
Lenka til Statistikkbanktabellar