Variabeldefinisjon

Landbrukseigedom

  Norwegian (bokmål) English
Namn Landbrukseigedom
Definisjon Eigedom som blir nytta eller kan bli nytta til jord- og/eller skogbruk. Alt som høyrer til same eigar i ein kommune høyrer til same landbrukseigedom utan omsyn til om den omfattar fleire matrikkelnumre (grunneigedomar).
Gyldig frå
Gyldig til
Eigar 430 - Seksjon for primærnæring
Kommentarar I offisiell statistikk er det vanleg å avgrense landbrukseigedom til eigedom med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. Det er nokre unntak frå regelen om at alle eigedomar som høyrer til same eigar i ein kommune høyrer til same landbrukseigedom. Det gjeld t.d. ein del offentlege eigedomar som høyrer til ulike forvaltningsområde. Dei fullstendige jordbruksteljingane før 1979 og i 1999 omfatta berre jordbruksbedrifter. SSB gjennomførte fullstendige teljingar av skogeigedomar i 1957 og 1967, basert på spørjeskjema. I 1979 og 1989 gjennomførte SSB skjemabaserte teljingar av alle landbrukseigedomar og jordbruksbedrifter. I 1991 blei Landbruksregisteret etablert i regi av Landbruksdepartementet. Registeret blir i dag forvalta av Landbruksdirektoratet og er eit løpande oppdatert register over landbrukseigedomar og jordbruksbedrifter samt personar som er knytt til eigedomane og bedriftene som eigarar og/eller brukarar. Landbruksteljing 2010 omfatta ei teljing av alle landbrukseigedomar, basert på data frå administrative register. I hovudsak var 3 register grunnlag for statistikken: Landbruksregisteret, Matrikkelen frå Kartverket og arealressurskart frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). F.o.m. 2012 byggjer statistikken over landbrukseigedomar på eit endra datagrunnlag. Det digitale eigedomskartet i Matrikkelen saman med Landbruksregisteret og arealressurskart frå NIBIO er grunnlag for ei GIS-analyse som har ført fram til eit nytt datagrunnlag. Over tid byggjer statistikken på ulike datakjelder og metodikk. De siste åra har det gått føre seg ei kvalitetssikring av areal, einingar og eigaropplysingar i de nytta registera. Dette fører med seg at endringar frå eit år til eit anna ikkje alltid viser den verkelege endringa.
 
Statistisk eining Grunneigedom
Ekstern kjelde Landbruksdirektoratet
Statistikkemne 10.04 - Jordbruk og skogbruk
Referanse Landbruksdirektoratet: Landbruksregisteret - håndbok: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/eiendom/grunndata-og-kart/publikasjoner/landbruksregisteret-h%C3%A5ndbok
Sensitivitet Sensitiv
 
Lenka til Statistikkbanktabellar