Dette er nokre av hovudresultata for 2021 innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett i 2021 var på 25,9 milliardar kroner, ein auke på 2,7 milliardar frå 2020. Dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på 1,9 milliardar kroner, og dei kommunale kulturutgiftene var på 15,7 milliardar kroner.

Sysselsetjing og føretak i kulturell og kreativ næring

I 2021 hadde 3 prosent av dei sysselsette i Noreg hovudjobben sin i kulturell og kreativ næring. Den høgaste delen sysselsette innanfor kulturell og kreativ næring hadde Oslo, der 7 prosent av alle sysselsette hadde hovud­jobben sin i denne næringa i 2021. Oslo, Viken og Vestland hadde til saman 65 prosent av dei sysselsette i kulturell og kreativ næring.

Kulturelle tiltak og vederlag

I 2021 vart det løyva 876 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturføremål, ein nedgang på 13 prosent frå 2020. Musikkføremål var det største hovudområdet under Norsk kulturfond og utgjorde 40 prosent. Statens kunstnarstipend delte ut 2 061 stipend i 2021, 368 færre enn året før. Biletkunstnarar var den desidert største gruppa og tok imot 606 stipend.

Musikk og scenekunst

Musikkinstitusjonane som omfattast av statistikkoppdraget til Norsk kulturråd, hadde til saman 1 115 arrangement for 269 100 besøkjande i 2021. Scenekunstinstitusjonane som omfattast av statistikkoppdraget til Norsk kulturråd hadde til saman 8 800 arrangement med litt over 600 100 besøkjande i 2021.

Museum

I 2021 var storleiken på samlingane i norske museum på 70 millionar objekt og fotografi. Samla vart det registrert 6,5 millionar besøk i musea i Noreg, 1,4 millionar fleire besøk enn i 2020. I 2021 var det totalt 2 600 utstillingar i musea, 180 fleire enn i 2020.

Bibliotek

Det vart lånt ut 11,2 millionar bøker frå folkebiblioteka i 2021, ein oppgang på 15 prosent frå 2020. Utlån av bøker utgjorde i gjennomsnitt 2,1 bøker per innbyggjar. Over 17,5 millionar besøk vart talt opp i 2021 mot 15,9 millionar besøk i 2020. Det var om lag 34 500 arrangement i folkebiblioteka i 2020, mot 30 600 arrangement i 2020.

Film og kino

I alt var det 5,7 millionar selde kinobillettar i 2021 mot 4,9 millionar i 2020. Det er ein auke i kinobesøket på om lag 17 prosent frå 2020. Bygdekinoane hadde om lag 54 000 selde billettar, ein nedgang på 15 prosent frå 2020.

Lyd og bilete

I 2021 høyrde 47 prosent av befolkninga på radio ein gjennomsnittsdag, om lag på same nivå som i 2020, då det var 49 prosent. Delen som såg vanleg lineær tv på ein gjennomsnittsdag var òg på om lag same nivå som året før, med 46 prosent i 2021 og 48 prosent i 2020.

Idrett

Ved utgangen av 2021 var det drygt 1,78 millionar ordinære medlemskap i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Dette er ein auke på 1,7 prosent frå 2020. Det var 58 500 idrettsanlegg i drift i 2021, ein auke på 186 anlegg frå 2020.

Kulturskular og Den kulturelle skulesekken

I 2021 var 13 prosent av alle born mellom 6 og 15 år elevar på kommunale kulturskular, det same som året før. I samband med Den kulturelle skulesekken var det 35 500 einskildarrangement i grunnskulen, 1 700 fleire enn året før. I den vidaregåande skulen var det 2 800 einskildarrangement i 2020, mot 3 500 året før.