Skjema for lokale folkeavrøystingar skal brukast til registrering og sending av data om lokale folkeavrøystingar som er haldne i dykkar kommune førre år. Statistisk sentralbyrå (SSB) skal publisera offisiell statistikk over lokale folkeavrøystingar.

Lokale folkeavrøystingar er beslutta med heimel i Kommunelovea § 16-1 kor det skal avgis stemme om eit lokalt tema.

Ordinære val til Stortinget, Fylkesting eller Kommunestyre etter Valglova er ikkje ein lokal folkeavrøysting og skal ikkje rapporterast.

Dette dokumentet inneheld rettleiing i korleis skjemaet skal brukast og sendast inn til SSB.

Om å bruka skjemaet

Fyrste gong du opnar skjemaet, finn du det under arkfana Nytt skjema. Deretter, dei neste gongane du skal opna skjemaet, finn du det under arkfana Påbyrja skjema/sende skjema.

Hurtig utfylling

Her er trinna som skal gjennomførast:

  1. Fyll inn resultata som skal innrapporterast.
  2. Kontrollér skjemaet ved å klikke på "Kontrollere".
  3. Ved feilmeldingar, sjekk meldingane og fyll ut dei korrekte opplysningane.
  4. Gjenta kontrollane ein gong til.
  5. Klikk på knappen "Send inn"
  6. Om skjema manglar tal, kjem det ei påminning om dette. Ikkje send inn skjema utan at det er korrekt utfylt.
  7. Stadfesting på at skjema er sendt vert synt.
  8. Klikk på "Til hovedsiden" etter at skjema er innsendt.

Utfylling av skjemaet, punktvis

I denne delen vert heile skjemaet gått gjennom punktvis for kvar enkelt del av skjemaet.

For dei kommunane som ikkje har hatt ei lokal folkeavrøysting førre år er skjemaet ferdig utfylt under punkt 2.

1. Kommune

Opplysningane under punkt 1 av skjemaet skal vere fylt ut på førehand.

2. Lokale folkeavrøystingar

Har kommunen gjennomført ei eller fleire lokale folkeavrøystingar førre år?

Her skal det rapporterast om det har vore ei eller fleire lokale folkeavrøystingar i kommunen førre år.

Om det ikkje har vore nokre lokale folkeavrøystingar, blir svaret ”nei” og skjemaet er ferdig utfylt. Klikk deretter på "Send inn"-knappen en og deretter på "Til Hovedsiden"-knappen.

Gjeld den lokale folkeavrøystinga heile eller delar av kommunen?

Her skal det rapporterast om folkeavrøystinga gjeld heile eller delar av kommunen. Om enkeltkretsar deltok, kryss av for delar av kommunen.

Kor mange lokale folkeavrøystingar har funne stad?

Her skal det faktiske talet lokale folkeavrøystingar førast. Dersom det har vore fleire enn ei lokal folkeavrøysting må det fyllast ut eit skjema for kvar av dei.

3. Tema og tidspunkt for den lokale folkeavrøystinga

Under punkt 3 av skjemaet treng me opplysningar om:

  • Kva var temaet/spørsmålet for den lokale folkeavrøystinga?
  • Dato for valdagen for den lokale folkeavrøystinga.
  • Var det høve for å røyste på førehand?
  • Dato for eventuell førehandsrøysting.

4. Røystealternativ og resultat

Under punkt 4 av skjemaet skal det innrapporterast opplysningar om: alle røystealternativ som var tilgjengelege for veljarane og korleis desse fordelte seg på førehands- og valtingsrøyster.

5. Sluttresultat

Under punkt 5 av skjemaet treng me informasjon om kva kommunen gjorde etter den lokale folkeavrøystinga. Svara i skjemaet skal omhandle behandlinga av den lokale folkeavrøystinga i eigen kommune, uavhengig av korleis resultatet vart følgt opp av andre styresmakter:

  • Om kommunestyret handsama resultatet av den lokale folkeavrøystinga, kva vart vedtaket? Vart avrøystingsresultatet teken til følje?
  • Om kommunestyret har fatta vedtak i samband med den lokale folkeavrøystinga, treng me datoen for vedtaket
  • Om avrøystingsresultatet ikkje blei handsama i kommunestyret, korleis blei resultatet handsama? I skolestyret eller andre fora? Blei avrøystingsresultatet teken til følje?

6. Røysterett

Under punkt 6 av skjemaet skal fylgjande rapporterast:

  • Det totale talet røysteføre til den lokale folkeavrøystinga.

7. Stemmegjevingar

Under punkt 7 av skjemaet skal det totale talet stemmegjevingar skrivast inn. Med bakgrunn i talet på personar med stemmerett og talet på stemmegivingar blir talet for valdeltakinga i i prosent berekna av skjemaet.

8. Røystesetlar

Under punkt 8 av skjemaet treng me opplysningar om røystesetlar:

  • Alle godkjende røystesetlar skal fordelast på førehand og valting.
  • Alle vraka røystesetlar skal fordelast på førehand og valting.
  • Alle blanke røystesetlar skal fordelast på førehand og valting.

Kontroller og send inn skjemaet

  • Når alt er fylt ut, bruk kontrollknappen ("Kontrollere")
  • Ved feilmeldingar, sjekk meldingane og fyll ut dei korrekte opplysningane
  • Klikk på "Kontrollere" ein gong til.
  • Klikk deretter på "Send inn"
  • Stadfesting på at skjema er sende inn vert synt.
  • For å avslutte, klikk på "Til Hovedsiden"

Retting av feil i sende resultat

Dersom feil tal er sende eller resultata av andre årsaker må sendast inn på nytt, gjer slik:

  1. Opne det aktuelle skjemaet.
  2. Klikk på ”Lås opp skjema for ny innsending”. Då får felta kvit bakgrunn.
  3. Rett opp tala som er feil. IKKJE gjer endring der det ikkje er feil (dvs. la tala stå uendra).
  4. Kontrollér at det no er korrekt både ved å klikka og ved å sjå at tala er riktige.
  5. Send inn på nytt.
  6. Stadfesting på at skjema er sendt på nytt vert synt.
  7. For å avslutte, klikk på på "Til hovedsiden"