Rettleiinga til KOSTRA-skjema 4b Utgifter til heimetenester er implementerte i skjemaet, som du finn i KOSTRA-portalen.

Om skjema 4b

  • I KOSTRA-skjema 4b skal kommunane fordela utgiftene frå KOSTRA-funksjon 254 Helse- og omsorgstjenester til hjemmeboende (F254) for 2023, i inndelingar for verksemdstypar og målgrupper. Ta derfor utgangspunkt i F254-talet til kommunen for 2023 (som vart rapportert inn våren 2024) når du fyller ut skjemaet.
  • Kommunen skal berre rapportera inn tal som dei har lett tilgjengeleg i rekneskapssystema sine. Viss kommunen ikkje har tala tilgjengeleg, skal dei kryssa av for "nei" i 3.1 og 4.1, eventuelt fylla ut resten av skjemaet og deretter senda inn skjemaet.
  • Svarfristen for skjema 4b er 15. april. Grunnen til at skjemaet har ein seinare frist enn resten av KOSTRA-skjemaa, er at kommunane skal ha tala frå KOSTRA rekneskapsrapportering tilgjengeleg når dei fyller ut skjemaet.

Endringar for rapportering i 2024 (tal per 31.12.2023)

Vi har gjort følgjande endringar for rapporteringa i 2024:

  • Del 3.2: Lagt til "avlasting" som ny rad i tabellen over utgiftsfordeling etter verksemdstypar.
  • Fjerna del frå 2023-skjemaet: "Del 4 Utgifter til F254 fordelt på målgrupper".
  • Ny del: "5 KOSTRA funksjonskontoplan 257 og 258", der kommunane kan gi tilbakemeldingar på dei nye KOSTRA-funksjonane 257 og 258.