Føremålet med skjemaet

Føremålet med skjema 35D er å innhente data om energibruken i fylkeskommunale føremålsbygg. Dette er nødvendig styringsinformasjon i samband med arbeidet fylkeskommunane gjer innafor klima- og energiplanlegging. Rapporteringa er iverksett fordi ei samla oversikt over eigen energibruk i fylkeskommunane ikkje er tilgjengeleg frå andre datakjelder.

Faktorar for omrekning til kWh (oppgåvegivar kan bruke eigne faktorar dersom oppgåvegivar meiner at desse er sikrare)

EnergivareEnhetOmregnet til kWh
Fyringsolje1 liter10,056 kWh
Fyringsolje1 kg11,972 kWh
Fyringsparafin1 liter9,694 kWh
Fyringsparafin1 kg11,972 kWh
Naturgass, i gassform1 Sm39,92 kWh
Naturgass, flytende (LNG)1 kg12,5 kWh
LPG (propan og butan)1 liter6,778 kWh
LPG (propan og butan)1 kg12,815 kWh
Pellets1 kg4,8 kWh
Flis1 kg4,3 kWh
Ved og treavfall1 m3 fast mål2330 kWh
Bioetanol1 liter5,5 kWh
Bioetanol1 kg7,4 kWh
Biodiesel1 liter8,6 kWh
Biodiesel1 kg10,2 kWh
Biogass1 kg2,8 kWh

Rettleiing

Dette skjemaet skal berre rapporterast av/for fylkeskommunale føretak (FKF) som eig føremålsbygg (fylkeskommunar skal ikkje rapportere på skjema 35D).

Rapporteringa av energibruk i skjema 35D gjeld for den parten av arealet som rapporterast i skjema 34D som det fylkeskommunale føretaket eig.

Følgjande skal ikkje rapporterast:

  • Energibruk i lokalar som det fylkeskommunale føretaket leiger
  • Energibruk til andre føremål enn dei som er oppførte på skjemaet
  • Lokalar som leiges ut til private aktørar

Lokalar som mellombels ikkje er i aktiv bruk, førast på føremålet dei tidlegare har vore brukt til.

Dersom fullstendige opplysningar om energibruken for det eigde arealet manglar, ber vi om at dette blir berekna, slik at det blir samsvar mellom rapporteringa av energibruk i skjema 35D og eigd areal i skjema 34D.

Energibruken skal fordelast på desse føremåla:

  • Funksjon 430 Administrasjonslokale
  • Funksjon 510 Skolelokale og internat

For kva som inngår i dei ulike funksjonane, sjå regjeringas KOSTRA-rettleiing (regjeringen.no).

Tala skal gjelde brutto tilført energi av dei ulike energivarene, målt i kWh. Dette kan avvike frå det som er kjøpt inn eller betalt for gjennom året pga. lagerendringar eller forskotts- eller etterskottsbetaling. Det betyr òg at ein ikkje skal korrigere forbrukstala i høve til utnyttingsgraden (verknadsgraden) eller unormalt forbruk pga. temperaturavvik frå normalen.

Alt energiforbruk skal plasserast på energitypane som er oppgitt i skjemaet. ”Gratisvarme” frå varmepumper, solfangarar og liknande skal ikkje rapporterast, men energien (vanlegvis elektrisitet) som blir brukt til å drive slike varmekjelder skal rapporterast. Biogass skal førast som bioenergi, ikkje saman med naturgass.

Dersom det fylkeskommunale føretaket har eit lokalt fjernvarmeanlegg (nærvarmeanlegg), skal energivareforbruket førast på energivarene som blir brukt til å drive anlegget. Da skal den distribuerte eller forbrukte fjernvarmen ikkje rapporterast. Dette gjeld òg for fjernkjøling.

Dersom bygningane blir brukt på fleire tenesteområde eller føremål, og det ikkje er mogleg å fordele energibruken på desse ut frå opplysningane som føretaket har om energiforbruket, skal forbruket fordelast på dei aktuelle tenesteområda etter skjøn.