402097
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
402097
statistikk
2020-02-27T08:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
true

Befolkning

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

5 367 580

folketalet i Noreg 1. januar 2020

Befolkning og endringar siste år
2019
Befolkning ved starten av året5 328 212
Folkevekst39 368
Befolkning ved slutten av året5 367 580
 
Fødselsoverskot13 811
Fødde54 495
Døde40 684
Nettoinnvandring25 327
Innvandring52 153
Utvandring26 826

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Befolkningen fordelt på aldersgrupper per 1. januar

Befolkningen fordelt på aldersgrupper per 1. januar
2020Endring i prosent
2019 - 20202015 - 20202010 - 2020
I alt5 367 5800,73,910,5
 
0 år54 827-1,0-7,7-11,7
1-5 år296 332-1,5-5,8-1,7
6-12 år451 246-0,34,16,0
13-15 år191 1301,31,2-0,5
16-19 år255 214-1,0-2,8-1,2
20-44 år1 789 8140,61,78,1
45-66 år1 501 5971,05,412,3
67-79 år596 7102,918,847,3
80-89 år185 4802,54,80,6
90 år eller eldre45 2300,64,026,9

Tabell 2 
Sivilstand, kjønn og alder

Sivilstand, kjønn og alder
2020
I altSivilstand
UgifteGifteEnkjer/enkjemennSkildeSeparerteRegistrertet partnararSeparerte partnararSkilde partnararGjenlevende partnarar
 
Begge kjønn
I alt5 365 9332 837 5311 807 383225 584431 34961 3891 3181351 099145
0-4 år290 063290 06300000000
5-9 år315 295315 29400000000
10-14 år324 769324 76500000000
15-19 år318 622318 509830400000
20-24 år340 829334 0716 27761562210101
25-29 år370 923318 99047 5341022 2991 7411110
30-34 år374 224238 944120 5893179 5214 48910151
35-39 år356 323169 049159 84974519 4046 770495883
40-44 år347 515131 055175 6241 39630 6298 263116211617
45-49 år376 148118 994196 6932 42447 49210 0291572319411
50-54 år371 93197 682199 7204 25760 5319 1762113722413
55-59 år331 89969 692185 9516 60461 7457 3802552018622
60-64 år307 22346 272184 05911 52059 8735 1431931410421
65-69 år275 27226 814174 09518 25152 1983 65315047116
70-74 år259 45217 219165 02031 25143 2862 49010563932
75-79 år176 3829 359104 17436 82624 6741 261593137
80-84 år113 7155 14855 42740 16112 41353717027
85-89 år71 7653 29224 53238 6725 0611973014
90-94 år34 4501 7246 84124 2121 638341000
95-99 år9 6615208747 88837540000
100 år eller eldre1 11975419525010000
 
Menn
I alt2 705 5531 515 894921 50250 171186 23630 22777474574101
0-4 år149 413149 41300000000
5-9 år161 579161 57900000000
10-14 år166 586166 58600000000
15-19 år163 702163 690110100000
20-24 år176 434174 7111 636131550000
25-29 år189 560171 29616 983226655921010
30-34 år190 837133 36452 289563 3571 7650060
35-39 år183 12196 39176 3351417 3662 807313452
40-44 år178 51974 36487 58731012 5243 5756217755
45-49 år192 74766 480100 04855920 5454 89892101087
50-54 år190 72955 051102 7831 00526 9054 720125181139
55-59 år169 40739 77496 0011 54727 7934 028139109718
60-64 år154 80627 09194 7952 78127 0382 903115105815
65-69 år137 03515 87091 0334 47823 3602 1569413211
70-74 år127 40010 12488 7367 91619 0261 4776342925
75-79 år83 2465 15258 2758 70110 32075236172
80-84 år49 5222 68933 0558 4934 92733913024
85-89 år27 4871 51916 2317 7781 8171353013
90-94 år10 9236164 9904 818477220000
95-99 år2 3101196841 4327320000
100 år eller eldre19015301331110000
 
Kvinner
I alt2 660 3801 321 637885 881175 413245 11331 1625446152544
0-4 år140 650140 65000000000
5-9 år153 715153 71500000000
10-14 år158 179158 17900000000
15-19 år154 894154 819720300000
20-24 år164 299159 3604 64151251660101
25-29 år181 109147 69430 551801 6341 1490100
30-34 år183 040105 58068 3002616 1642 7241091
35-39 år172 84172 65883 51460412 0383 963182431
40-44 år168 75356 69188 0371 08618 1054 688544862
45-49 år183 27052 51496 6451 86526 9475 1316513864
50-54 år181 12242 63196 9373 25233 6264 45686191114
55-59 år162 44829 91889 9505 05733 9523 35211610894
60-64 år152 39319 18189 2648 73932 8352 240784466
65-69 år138 21710 94483 06213 77328 8381 497563395
70-74 år132 0487 09576 28423 33524 2601 013422107
75-79 år93 1304 20745 89928 12514 35450923265
80-84 år64 1902 45922 37231 6687 4861984003
85-89 år44 2751 7738 30130 8943 244620001
90-94 år23 5271 1081 85119 3941 161121000
95-99 år7 3514011906 45630220000
100 år eller eldre92960118193900000

Tabell 3 
Utanlandske statsborgarar fordelt på statsborgarskap

Utanlandske statsborgarar fordelt på statsborgarskap
Statsborgarskap2020
Menn og kvinnerMennKvinner
I alt604 516327 130277 386
Av dette (15 største):
Polen108 56569 06339 502
Litauen46 86826 95219 916
Sverige44 23923 10521 134
Syria31 95818 66213 296
Tyskland25 28713 32611 961
Danmark22 85112 45910 392
Eritrea18 86611 0817 785
Storbritannia17 20811 2455 963
Romania16 6049 5117 093
Filippinene12 8412 9499 892
Latvia12 0876 9695 118
Thailand12 0431 82510 218
Somalia11 9846 1935 791
Russland11 7724 0247 748
USA9 8834 8545 029

Om statistikken

Statistikken gir folketalet for Noreg og alle norske fylke og kommunar. Folketalet ved årsskiftet blir gitt etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap. Nye tal for fødde, døde, innanlandske flyttingar og inn- og utvandringar som viser endringane i befolkninga kjem kvart kvartal.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Middelfolkemengd: Gjennomsnitt av folkemengda ved byrjinga og utgangen av året.

Busett: Kven som blir rekna som busett i Noreg og kvar i Noreg ein person skal reknast som busett, er fastlagd i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til lova er endra fleire gonger, siste gong 1.10.1998.

Nokre hovudpunkt frå registreringsreglane som fortel kven som blir rekna som busett i Noreg: Personar som kjem frå land utanfor Norden, blir rekna som busett i Noreg når dei har teke opphald her eller har tenkt å bli her minst 6 månader, sjølv om opphaldet her er mellombels. Tilsvarande 6-månadersregel gjeld ved flytting frå Noreg til eit land utanfor Norden. Ved flytting mellom Noreg og eit anna nordisk land gjeld ikkje alltid denne 6-månedarsregelen, fordi landa har ulike tidsgrenser. For personar som kjem/flytter til Noreg frå eit anna nordisk land, gjeld likevel 6-månadersregelen, ettersom bustaden blir avgjord etter reglane i innflyttingslandet, jf. ein nordisk avtale om internordisk flytting datert 8. mai 1989. Denne avtalen avløyste ein liknande avtale frå 5. desember 1968. Personar som oppheld seg på Svalbard, Jan Mayen eller norske biland, og som ved utreisa var folkeregisteret i ein norsk kommune, skal framleis reknast som busett i denne kommunen. Tilsvarande regel gjeld for personar på den norske kontinentalsokkelen. Norsk personale ved norsk diplomati og konsulatvesen og norsk militært personell beordra til teneste i utlandet, blir rekna som busett i Noreg. Det same gjeld husstandane deira. Utanlandsk personale ved framandt diplomati og konsulatvesen og utanlandsk personell tilknytt NATO, vert ikkje rekna som busett i Noreg. Det same gjeld husstandane deira. Hovudregelen for kvar i Noreg ein skal reknast som busett: der han/ho har si regelbundne døgnkvile (nattesøvn). Dersom døgnkvila vert teken skiftevis på to eller fleire stader, skal ein person reknast som busett der han/ho etter ei samla vurdering kan seiast å ha sin meir faste tilhaldsstad. Ektefellar med felles heim og personar som har felles heim med barna sine, blir rekna som busette i denne heimen utan omsyn til kvar døgnkvila blir teken. Einslege personar som tek utdanning i ei anna kommune, skal som hovudregel framleis bli rekna som busett der dei budde før utdanninga tok til (bustaden til foreldra). Tilsvarande registreringsprinsipp gjeld også for vernepliktige under førstegongsteneste, sivilarbeidarar, personar i fengsel og personar innlagde på sjukehus. Personar som er innlagde eller plasserte i andre institusjonar eller i privat pleie, blir som hovudregel rekna som busett der når opphaldet er tenkt å vare, eller syner seg å vare, i minst 6 månader. Frå og med mars 1987 til og med januar 1994 vart asylsøkjarar som regel rekna som innflyttarar til Noreg - og derfor også som busette i landet - sjølv om søknaden om opphaldsløyve ikkje var ferdig behandla. Før og etter denne perioden har berre asylsøkjarar med opphaldsløyve blitt registrerte som busette.

Folketilvekst: Det er to måtar å berekne folketilvekst på; 1) summen av fødselsoverskot og nettoinnflytting, eller 2) differensen av folkemengd 1.januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober (eller 1. januar år n). Ideelt sett skulle dei to måtane gje same resultat. Lang erfaring har synt at det alltid er eit avvik i befolkningsrekneskapet, noko som skyldast korreksjonar, annulleringar, forsinka meldingsgang osb.

I all kvartalsstatistikk fram til 4. kvartal 2005, og alle førebels endringstal for heile året til og med 2004 har folketilveksten blitt rekna som summen av fødselsoverskot og nettoflytting, og gitt grunnlag for førebels folketal. Folketalet 1. april, 1. juli og 1. oktober vil halde fram med å bli berekna på dette viset. Fordi førebels tal er erstatta av endelege tal for folkemengd frå 1. januar 2006 vil folketilveksten for eit år i alle samanheng bli rekna som folkemengd 1. januar år n+1 minus folkemengd år n, og tilsvarande vil folketilveksten for 4. kvartal bli rekna som folkemengde 1. januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober.

Fødselsoverskot: Fødde minus døde, òg kalla "naturleg folketilvekst". Minusteikn tyder fødselsunderskot.

Fødde: Levendefødde.

Innflyttingar, utflyttingar: Som flytting reknas flytting for ein person mellom to norske kommunar eller mellom ein norsk kommune og utlandet. Viss ein person flyttar fleire gonger innan same kalenderår, tel kvar gong som ei flytting. I flyttetala for fylker er flyttingar mellom kommunane i fylket ikkje rekna med.

Nettoinnflytting: Innflyttingar minus utflyttingar. Minusteikn tyder netto utflytting.

Opprydding i folkeregisteret. Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg. 

Standard klassifikasjonar

Standard for land og statsborgarskap i personstatistik

Standard for sivilstand

Standard for kommuneinndeling

Standard for bydelsinndeling

Standard for kommuneklassifisering

Standard for landsdelsinndeling

Standard for sentralitet

Standard for økonomiske regioner

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Befolkning
Emne: Befolkning

Ansvarleg seksjon

Seksjon for befolkningsstatistikk

Regionalt nivå

Kommune, bydel i dei 4 største byane og grunnkrinsar, men for kvartalsstatistikken og berekna folkemengd er det kommune og fylke som er regionalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Årleg. Kvartalsstatistikken blir publisert ca 6 veker etter referansetidspunkt, som er 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober

Internasjonal rapportering

Rapportering til FN og Eurostat

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Filer på individnivå blir langtidslagra. Kvartalsstatistikken og statistikken over berekna folkemengd blir bare korttidslagra. 

Bakgrunn

Føremål og historie

Hovedtala og dei detaljerte tala for folkemengd skal syne samansetjinga av befolkninga (etter kjønn, alder, sivilstand, statsborgarskap, bustad mv) ved siste årsskifte og utviklinga over tid. Dei berekna tala er ein hutigstatistikk som bereknar folketalet fram i tid, ved det komande årsskiftet. Utviklinga i desember framskrivast ut frå den utviklinga som har vore for desember månad dei siste par åra, saman med det ein kan venta seg, sett ut frå utviklinga i inneverande år. Kvartalsstatistikken og dei årlege befolkningsendringane skal vise endringar i utviklinga av befolkninga. Endringane omfattar hendingar som fødslar, dødsfall og flyttingar, samt totalt folketal.

Årlege tal for folkemengd etter kjønn, alder, sivilstand og statsborgarskap finst attende til 1.1.1976, medan tilsvarande tal utan statsborgarskap finst attende til 1.1.1971. Før det finst tal frå dei ti - årlege folketeljingane og ein del berekna tal for mellomliggjande år.

Dei berekna folketala ved komande årsskiftet er laga sidan 1980, men berre for heile landet. 1. januar 2000 er fyrste gongen berekningane er gjort for fylka og kommunane i landet. Kommunetala vil vere noko meir usikre enn tala for fylka og heile landet, og berekna folketal i dei minste kommunane vil vere meir usikre enn berekningane for større kommunar.

Medan SSB på grunnlag av folkeregistermateriale har laga årleg statistikk over utviklinga i befolkninga frå og med 1951, har SSB sidan 1974 også laga kvartalsvis statistikk over fødde, døde, flyttingar og folketal.

Brukarar og bruksområde

Statistikken har eit vidt spekter av brukarar og bruksområde, som forskningsmiljø innan demografi og levekår, offentleg forvalting, massemedia og privatpersonar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Befolkningsframskrivingar Innvandrere og norskfødte med innvandreforeldre Flyttinger, inn- og utvandring   Fødte . Døde . Familie- og husholdninger . Samboertall

Lovheimel

Statistikkloven §§ 2-1, 2-2, 3-2

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Folkemengd:

Gjeld alle personar registrerte som busette i Noreg 1. januar, det vil seie personar som skal ha sin faste bustad i Noreg i minst eit halvt år, og som har gyldig upphaldstillatelse. Personar som har innvandra for å arbeide i Noreg for mindre enn eit halvt år er ikkje med i statistikken, og personar som har flytta til utlandet utan å registrere seg er heller ikkje med. Kven som skal reknast som busett i Noreg, sjå deinisjoner. Definisjon av viktige begrep og variabler. Alle tal gjeld heimehøyrande (de jure) folkemengd.

Kvartalsstatistikken

Kvartalstal 1985-1999:

Tala for endringar i siste kvartal byggjer på meldingar om hendingar i kvartalet (fødslar, dødsfall, flyttingar) som gjaldt personar busett i Noreg, og som blei motteke seinast éin månad etter slutten av kvartalet. Meldingar som kom seinare, blei ikkje teke omsyn til, så sant det ikkje blei nevnt i fotnote.

Hendingar som fann stad i tidlegare kvartal innan same kalenderår, blei teke med i "endringane hittil i 19xx". Desse hendingane blei det også teke omsyn til i folkemengda ved inngangen til siste kvartal (omtala i fotnote).

I perioden 1985-1999 omfatta altså statistikken bare hendingar som faktisk fann stad innan kalenderåret, og altså ikkje meldingar om hendingar i tidlegare år som kom for seint til å bli teke med i statistikken.

Kvartalstal frå og med 2000:

Frå og med 1. kvartal 2000 blei òg for seint innkomne meldingar med i kvartalstala. I tillegg til hendingar som faktisk fann stad i det aktuelle kvartalet, tek ein og med alle meldingar motteke meir enn éin månad etter slutten av førre kvartal, og som gjaldt hendingar i alle tidlegare år og i tidlegare kvartal i inneverande år.

Eit resultat var at tala i kvartalsstatistikken for folkemengd blei meir i samsvar med seinare publiserte tal for folkemengd enn det dei var tidlegare, ettersom registeret (DSF) blir oppdatert fortløpande, også med seint mottekne meldingar.

Førebelse tal for folkemengd og endringstal for året fram til 2004

Eit resultat av summen av dei fire kvartalsstatistikkane har frå og med 2000 til og med 2004 blitt publisert som førebelse årstal for fødde, døde, flyttingar og folkemengd ved inngangen til nytt år fram til endelege tal har blitt utarbeidd. Tidlegare, før 2000, blei det også publisert tilsvarande førebelse tal for heile året, men desse blei ikkje rekna som summen av dei allereie publiserte tala for 1. til 4. kvartal. Framgangsmåten var litt annleis. Tala som var publisert for første kvartal blei først publisert. Lenger ut på året da tal for andre kvartal blei publisert blei tala for første kvartal enda meir oppdatert, og når tredje kvartal blei publisert var andre kvartalstala noko meir oppdatert. Slik blei og tala for tredjekvartal enda meir oppdatert. Summen av fjerde kvartal og dei meir oppdaterte tala for første til tredje kvartal blei publisert som førebelse tal for heile året fram til 2000.

Endelege tal for folkemengd og endringstal frå og med 2005:

Det førebelse folketalet ved siste årsskifte og endringstala for kalenderåret 2005 og seinare år har blitt erstatta med endelege tal av di det er mogeleg å gjøre dei nødvendige kontrollar tidlegare enn før.

Folketilveksten frå 2005 er satt lik differansen mellom folkemengd 1. januar 2006 og 1. januar 2005. Tilsvarande er folketilveksten i 4. kvartal lik differansen mellom folkemengd 1. januar 2006 og 1. oktober 2005. Da førebelse folketal (også kvartalstal, medrekna 4. kvartal) blei publisert tidlegare, blei folketilveksten rekna som summen av fødselsoverskot og nettoinnflytting, og ga grunnlaget for førebels folketal. Alle seinare folketal for 1. april, 1. juli og 1. oktober vil bli berekna slik.)

Dei to visa å berekne på som er nemnt ovafor skulle ideelt sett gi same resultat, men ut frå tidlegare erfaring blir det kvart år eitt visst avvik i "befolkningsrekneskapen" på grunn av forsinka meldingar, annulleringar, korreksjonar o.a.

Datakjelder og utval

Statistikken etter 1970 byggjer på folkeregisteropplysningar.

Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til lova. Frå 2005 blei arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det blei 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Frå 2008 blei det oppretta nokre får regionkontor som tok over registreringa. Folkeregistra får meldingar om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa for.

Det sentrale personregisteret (DSP) ble bygget opp i årene 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som deltok i folketeljinga, og seinare alle som har vært busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og før det DSP). Kontoret ble frå 1991 overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet. Oppdateringa i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved de lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen (DSF) via terminalar, delvis sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Frå januar 1998 er meldingar (elektroniske kopiar) blitt overførde dagleg frå DSF til SSB, tidlegare månadleg. Før mai 1995 tok SSB imot meldingane på magnetband kvar månad.

Folkemengd (busette personar) blir summert opp til grunnkrets, bydel og kommune

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

På grunn av kommunesamanslåingar og -delingar, samt grensereguleringar, er ikkje tala alltid til å samanlikne når vi til dømes vil lage ein tidsserie for ei kommune. Endringane kan òg påverke fylkesgrensene og dermed også grunnlaget for samanlikning der. Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen 1838-1996

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Nokre feil i samband med innsamling og bearbeiding av data er ikkje til å unngå. Det kan være kodefeil, revisjonsfeil, feil i edb-behandlinga etc. Det er gjort eit omfattande arbeid for å minimalisere slike feil, så ein i statistikk samanhang som oftast kan sjå bort frå dei.

Fråfallsfeil vil finnast i den grad det er personar som oppheld seg i Noreg som ikkje er registrert som busett i fylgje regelverket, fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Sjå punkt 4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa.

Ingen, då det ikkje vert nytta utvalsmateriale, men totalmateriale.

Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske formål. Eit minus er likevel bustadsregistreringa - til dels fordi for mange er registrerte som busette, men òg fordi visse grupper er registrerte med ein annan bustad enn den faktiske. I mange tilfelle skuldast det at registreringsreglane ikkje er følgde (flytting ikkje meldt), i andre tilfelle at registreringsreglane ikkje gir faktisk adresse. Det viktigaste eksemplet på det siste er at ugifte studentar ifølgje reglane skal stå som busette i heimen til foreldra.

Bustadsregistreringa Til statistisk bruk kan bustadregistreringa synast feilaktig. Spesielt gjeld dette i forhold til den ideelle situasjonen, der alle busette er registrert i samsvar med døgnkvileprinsippet. Også manglande og forseinka flyttemeldingar gjer sitt til slike avvik. For mange analyse- og planleggingsformål vil den faktiske bustaden vere av interesse. Ei undersøking i etterkant av Folke- og bustadteljinga i 1990 konkluderte med at 5,5 prosent av personane blir plasserte på feil bustad. Mykje av avviket skuldast den juridiske bustaddefinisjonen som er lagt til grunn i Det sentrale folkeregister, som for eksempel krev at studentar og bebuarar i felleshushald skal være registrert busett ein annan stad enn der dei for tida faktisk bur. I forhold til bustaddefinisjonen er mellom 1,8 og 3,0 prosent av personane plasserte på feil bustad. Arnfinn Schjalm: "Kvalitetsundersøkelsen for Folke- og boligtelling 1990", Rapporter 96/10, Statistisk sentralbyrå.

Utregistreringar Flytting til utlandet utan å melde ifrå har også i dei seinare åra vore ei betydeleg feilkjelde. Undersøkingar i 1993 førte til at folkeregistra registrerte nær 3 000 utlendingar som utflytta som viste seg å ha reist frå Noreg utan å melde utflytting. Også i 1994, 1995, 1997 og 1998 blei det gjort slike utregistreringar. For Oslo vart det utregistrert nærare 2 000 utlendingar til saman i 1997 og 1998

Trass i tiltak for å utregistrere innvandrarar som har reist frå landet utan å melde frå, vil det alltid være ein del personar som står registrert som busettei Noreg utan å være det lenger. På den andre sida er det, (utanom asylsøkjarar som ventar på opphaldsløyve), til ei kvar tid eit ukjent tal personar som oppheld seg ulovleg i landet, og som derfor ikkje er med i folketalet. Dei fleste av desse held til i Oslo. Sidan dei registreringsproblema dreg i kvar si retning, kan dei i tal i nokon mon oppvege kvarandre.

Revisjon

I tillegg til dei kontrollane som blir gjort i DSF, utfører SSB kontrollar for statistiske formål. Detaljerte opplysningar om kontrollar som blir gjort kan ein finne i dokumentasjon om i notatet; Interne dokumenter 11/2013 Uttak til befolkningsstatistikk fra populasjonsregisteret BeReg

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB