318008
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/aar-forelopige
318008
statistikk
2018-03-06T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Vi har fått henvendelser de siste dagene fra publikum om at noen utgir seg for å være SSB. De har fått e-post med beskjed om at de har vunnet en mobil. Dette er ikke fra Statistisk sentralbyrå og vi oppfordrer alle til å slette den.

Landbruksundersøkinga

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

17 %

av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2016

Jordbruksbedrifter med investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk
Jordbruksbedrifter med investeringProsent jordbruksbedrifter med investering
2005200820112014201620052008201120142016
Heile landet6 4006 8006 8005 4007 0001214151317
Austlandet2 6002 9003 1002 2002 8001214161216
Agder og Rogaland1 0001 3001 1009001 2001419171421
Vestlandet1 2001 1001 2001 1001 4001111131216
Trøndelag1 0001 1009008001 1001415131419
Nord-Norge6005006004005001413161217

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. Faste 2016-kroner

Investering i driftsbygningar for jord- og hagebruk. Faste 2016-kroner
Investering i alt (1000 kroner)Investering per jordbruksbedrift som har investert (kroner)
2005200820112014201620052008201120142016
Heile landet3 187 0003 984 0004 213 0003 470 0004 036 000500 000551 000616 000641 000577 000
Austlandet1 307 0001 516 0001 602 0001 210 0001 452 000511 000496 000520 000555 000527 000
Agder og Rogaland583 000822 000902 000661 000821 000575 000604 000799 000730 000663 000
Vestlandet355 000539 000742 000557 000648 000308 000473 000638 000522 000466 000
Trøndelag663 000792 000553 000739 000825 000655 000713 000638 000876 000770 000
Nord-Norge280 000315 000414 000302 000291 000435 000560 000691 000734 000537 000

Tabell 2 
Vedlikehald av driftsbygningar for jord- og hagebruk

Vedlikehald av driftsbygningar for jord- og hagebruk
Jordbruksbedrifter i altJordbruksbedrifter med vedlikehaldProsent jordbruksbedrifter med vedlikehaldVedlikehald i alt, 1 000 kronerUtgifter til vedlikehald per jordbruksbedrift med vedlikehald1
1Faste 2016-kroner
201144 80036 800821 210 00033 000
201441 90032 500781 629 00050 000
201640 30030 600761 763 00058 000
 
Austlandet16 70012 60075812 00065 000
Agder og Rogaland6 0004 60078319 00069 000
Vestlandet8 6006 60077272 00041 000
Trøndelag5 8004 40076227 00051 000
Nord-Norge3 3002 40074133 00055 000

Tabell 3 
Investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Faste 2016-kroner

Investering i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Faste 2016-kroner
Investering i alt (1 000 kroner)Investering per jordbruksbedrift som har investert (kroner)
2005200820112014201620052008201120142016
Heile landet3 025 0003 258 0003 451 0002 654 0002 834 000216 000218 000242 000204 000217 000
Austlandet1 432 0001 479 0001 654 0001 255 0001 395 000235 000229 000276 000216 000242 000
Agder og Rogaland360 000469 000466 000344 000349 000197 000215 000222 000212 000191 000
Vestlandet416 000490 000505 000457 000429 000170 000180 000182 000177 000171 000
Trøndelag504 000536 000506 000423 000411 000228 000236 000239 000223 000217 000
Nord-Norge313 000285 000319 000176 000251 000216 000216 000255 000162 000236 000

Om statistikken

Statistikken gjer informasjon om arbeidsinnsatsen på jordbruksbedriftene, fordelt på timeverk i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar. Den gjer også informasjon om utgifter til investeringar og vedlikehald i jordbruksbedriftene.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrensar. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.

Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Virksomhets- og foretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.

Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Tilleggsnæring: Ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.

Bruttoinntekt: Summen av alle inntektene utan mva. før det er trekt frå kostnader.

Standard klassifikasjonar

I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Fylke, standard omsetning og driftsform.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Landbruksundersøkinga
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Landsdel.

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Data blir levert til Eurostat etter avtale. Spesielt omfattande krav er definert for årgangane 2003, 2005, 2007 og 2013.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Gjennomgåtte og reviderte mikrodata blir lagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med Landbruksundersøkinga er å skaffe relevante data som ikkje er å finne i administrative datasystem, og å skaffe data for einingar som ikkje blir omfatta av administrative system.

Landbruksundersøkinga skal danne eit bilde av landbruksnæringa i Noreg gjennom ulike spørsmål. Hovudtema varierar frå år til år, men somme tema kjem att med nokre års mellomrom:
2000 Jordarbeiding, skogbruk
2001 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, jordarbeiding, beiting
2002 Jordarbeiding, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, grøfting og nydyrking, arrondering
2003 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, gjødsel
2004 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2005 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, utdanning, traktorar, maskinar og reiskap
2006 Grøfting og nydyrking, arrondering, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2007 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar og vatning
2008 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2009 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2011 Produksjonsmetodar
2012 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2013 Arbeidsinnsats
2014 Leigejord og driftsbygningar                                                                                                                             2015 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

Brukarar og bruksområde

Data frå undersøkinga blir mellom anna nytta av Budsjettnemnda for jordbruket, næringsorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning og Seksjon for miljøstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 10.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Populasjonen tek utgangspunkt i aktive jordbruksbedrifter som er registrerte i Landbruksregisteret til Statens landbruksforvaltning og omfattar alle som fyller eit eller fleire vilkår knytt til minstemål for drifta. Døme på slike vilkår er at ei eining som hovudregel skal ha minst 5 dekar jordbruksareal i drift.

Datakjelder og utval

Storparten av opplysningane kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema til den årlege landbruksundersøkinga. Opplysningar om storleiken på jordbruksareal og skogareal, personar med tilknyting til eigedomen/jordbruksbedrifta og kva for tilknyting dei har til eigedomen/jordbruksbedrifta blir henta frå Landbruksregisteret.

Det blir kvart år trekt eit utval som skal gi oppgåve til Landbruksundersøkinga. Storleiken på utvalet varierar mellom     10 000 og 12 000 av dei jordbruksbedriftene som er registrert som aktive. Utvalet blir stratifisert utifrå ein berekna økonomisk storleik (standard omsetning) og driftsform innan kvart fylke. Til og med 2011 vart storleiken på jordbruksareal nytta i staden for standard omsetning.

Datainnsamling, editering og beregninger

Det blir sendt ut brev til dei jordbruksbedriftene som blir trekt ut til å vere med i undersøkinga. Det er brukaren av jordbruksbedrifta som skal gi oppgåve. Frå og med 2015 skal skjema fyllast ut og leverast gjennom Altinn.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og editeringar for å sikre konsistensen både innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Populasjonen blir gruppert etter fylke, standard omsetning og driftsform. Kvar eining som er med i utvalsundersøkinga får berekna ei vekt under estimeringa av totalar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar, og ved for få observasjonar blir tala undertrykt ved publisering av resultata.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variable vil det jamvel vere eit brot i tidsserien. Til dømes mellom 1998 og 1999, då metoden som blei brukt for å berekne talet på jordbruksbedrifter før 1999 gradvis førte til for høge tal. Dette kom klart til uttrykk ved den fullstendige jordbruksteljinga i 1999, som resulterte i ei nedjustering. Etter 1999 er utvala til Landbruksundersøkinga baserte på eit årleg oppdatert register, og det skulle gi betre tal. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift innskrenka til å vere alt innan ein kommune.

For åra etter 2000 er opplysningane i tabellane om talet på jordbruksbedrifter og storleiken på jordbruksareal i drift henta frå SSBs system for berekning av totaltal i jordbruket. Grunnlagsdata for dette systemet er opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket. Gjennom kopling mot andre administrative register, slik som Landbruksregisteret, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar og leveranseregisteret for slakt, er det henta inn opplysningar om produksjonen også på einingar som ikkje søker om produksjonstilskott. Desse produksjonsopplysningane dannar grunnlag for berekning av areal og talet på husdyr på einingar som ikkje søker om tilskott.

I 2007 vart spørsmålsstillinga kring tilleggsnæringar utvida. I tillegg til spørsmål om type tilleggsnæring vart det spurt om kva bruttoinntekt tilleggsnæringa(ne) gav. Endringa kan ha ført med seg at nokon kan ha unnlata å gi opp tilleggsnæring. Vi reknar likevel med å ha fanga opp alle som driv med eit visst omfang ved å kontrollere mot opplysningar frå næringsoppgåva.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta av dei som går gjennom skjema ved editering  i Statistisk sentralbyrå. Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved editering, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mye som mogleg.

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar, eller at ein eigedom er selt eller ikkje lenger blir drive som ei aktiv sjølvstendig jordbruksbedrift.

Varians: Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet. Slike ekstreme verdiar er difor gitt ei vekt lik 1, slik at dei berre representerer seg sjølve i materialet.

Skakke: I utvalet til Landbruksundersøkinga skal alle typar jordbruksbedrifter inngå. For å gi ein betre representasjon i enkelte fylke med få einingar, er det trekt ein høgare prosent av jordbruksbedriftene i desse områda.

Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget reknast som god.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB