20877_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20877
Fleire sjukeheimsplassar
statistikk
2001-06-19T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2000, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sjukeheimsplassar

Tal for institusjonsplassar viser ein svak nedgang frå 1999. Likevel aukar talet på sjukeheimsplassar, medan det blir færre plassar i aldersheim. Samstundes aukar òg talet på bustader til pleie- og omsorgsføremål.

Av dei 42 900 plassane i institusjonar for eldre og funksjonshemma er 36 100 plassar i sjukeheim, ein auke på 400 plassar sidan 1999. Som tidlegare år er det talet på sjukeheimsplassar som stig, medan talet på plassar i aldersheimar går ned. Ved utgangen av 2000 var det 6 100 slike plassar igjen. I 2000 er det i alt 1 043 institusjonar, som er ein auke på seks institusjonar sidan 1999.

Institusjonane hadde i 2000 nær 37 700 rom. Om lag 86 prosent av desse var einerom. Sidan byrjinga av 1990-talet har delen einerom auka med 7,3 prosentpoeng. Ved utgangen av året budde 42 000 personar i institusjonar. Om lag 75 prosent av bebuarane var over 80 år, medan under 4 prosent var under 67 år. Nær 88 prosent av dei som bur i institusjon er skrivne inn for eit langtidsopphald, det vil seie eit opphald som var meint å vare meir enn tre månader då dei vart skrivne inn.

Fleire bustader

Talet på bustader til pleie- og omsorgsføremål har halde fram med å auke frå 1999 til 2000. Desse bustadene har hatt ein markert vekst i andre halvdel av 1990-tallet. Totalt 46 400 bueiningar er registrerte i statistikken i 2000, og meir enn tre firedelar er kommunalt eigde. Blant bustadene var i overkant av 13 100 omsorgsbustader bygde med oppstartingstilskott frå Husbanken. Talet på omsorgsbustader har auka med nær 7 700 bustader sidan dei første gongen blei registrerte i statistikken i 1997.

Ved utgangen av året budde 45 500 personar i ein bustad til pleie- og omsorgsføremål. Yngre bebuarar, det vil seie dei som er under 67 år, utgjer nær 30 prosent av alle som bur i ein slik bustad, medan dei som er 80 år eller eldre utgjer 43 prosent.

Fleire tek imot tenester heime

I overkant av 159 500 personar fekk hjelp frå heimetenestene ved utgangen av 2000, ein auke på 2 100 frå året før. Framleis får nær 40 prosent av brukarane berre praktisk bistand, det vil seie heimehjelp. Nær ein firedel (24 prosent) av mottakarane av heimetenester er under 67 år.

Nær 6 000 av brukarane fekk tenester frå heimehjelp eller heimesjukepleie meir enn 35,5 timar per veke, ein auke på 400 frå 1999. Om lag 700 personar hadde brukarstyrt personleg assistent.

19 600 personar hadde støttekontakt ved utgangen av året. 13 400 av desse var under 50 år. 7 900 personar fekk avlasting utanfor institusjon, 5 100 av dei er under 18 år.

Nær 6 300 personar fekk omsorgsløn frå kommunen for å gje hjelp til pleietrengjande born, foreldre eller andre nære slektningar. Talet på mottakarar av omsorgsløn har blitt meir enn fordobla sidan 1994.

Stadig fleire årsverk

Årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene auka med 2800 frå utgangen av 1999 til utgangen av 2000. I 2000 var det stillingar svarande til 89 200 årsverk i pleie- og omsorgstenestene, eller om lag 0,44 årsverk per brukar. Dersom ein ser årsverka relativt til befolkninga over 67 år, viser også desse ein stigande tendens frå 140 årsverk per 1 000 innbyggjarar i 1999 til 145 i 2000.

Tabeller: