20857_om_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20857_om
statistikk
2001-06-19T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2000, førebelse tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester
Emne: Helse

Ansvarleg seksjon

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Årsverk er meint å romme alt arbeid innanfor heimetenestene og institusjonane, dvs. at dataregistreringane ikkje berre er avgrensa til funksjonane knytte direkte til brukarane og bebuarane, men famnar òg om administrasjon og leiing, reinhald og kjøken. Dei tilsette vert registrerte etter utdanning per 31. desember. Ein registrerer berre avtalt arbeidstid. Overtid skal ikkje takast med. Alle deltidsstillingar vert rekna om til heiltidsstillingar.

Brukarar av omsorgstenester
IPLOS omfattar alle brukarar og søkjarar av kommunale pleie- og omsorgstenester. Statistikken omfattar alle som er aktive brukarar av tenestene registrerte på ein gjeven dato ved utgangen av året. Kvar person som tek imot tenester blir rekna som brukar. Eit unnatak er hushald der fleire personar tek i mot heimehjelp, praktisk hjelp eller anna teneste retta mot hushaldet. Desse blir rekna som ein brukar, ikkje fleire.

Institusjonar for eldre og funksjonshemma
I statistikken for pleie og omsorg skal ein institusjon vere hjemla i Lov om helsetjenesten i kommunene (sjukeheim og buform med heildøgns pleie og omsorg) og Lov om sosiale tjenester (aldersheim, barnebustad og avlastningsinstitusjon/-bustad). Institusjonsbebuarane betaler etter forskrift for vederlag i institusjon.

Bustader til pleie- og omsorgsføremål for eldre og personar med nedsett funksjonsevne
Bustader til pleie- og omsorgsføremål for eldre og personar med nedsett funksjonsevne omfattar bueiningar som kommunane stiller til disposisjon for eldre og personar med nedsett funksjonsevne som treng hjelp, og som ikkje er rekna som institusjon. Det er her snakk om sjølvstendige bueiningar der bebuaren er leigetakar eller deleigar. Ein del av desse bueiningane har tenester knytt til seg, men desse er ikkje nødvendigvis tilgjengelege heile døgnet. Andre bueiningar har ikkje slik tilkopling, og bebuaren nyttar heimetenester på line med andre heimebuande. Mange av desse bueiningane er lagde til rette med tanke på bebuarar med nedsett funksjonsevne. Bueiningane kan ha fellesfunksjonar i ulik utstrekning, til dømes fellesareal (felles opphaldsrom) og felleshushald (tilbod om matservering). Kva desse butilboda vert kalla, kan variere, men dei kan omfatte bueiningar kalla trygdebustad, aldersbustad, omsorgsbustad (eventuelt servicebustader) og burettslag for eldre. I tillegg kjem bueiningar for utviklingshemma oppretta i samband med ansvarsreforma for denne gruppa (HVPU- reforma) som trådde i kraft i 1991.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Lågaste geografiske nivå er kommune og bydelar i Oslo.

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant

Bakgrunn

Føremål og historie

Pleie- og omsorgstenestene vart lagde under kommunalt totalansvar i 1988, då ansvaret for drifta av sjukeheimane vart ført over til kommunane. Til då hadde sjukeheimane vore del av dei fylkeskommunale helsetenestene, medan aldersheimane, heimetenestene og andre buformer høyrde til sosiale tenester. Desse sosiale tenestene låg innanfor området som kommunane hadde ansvaret for. Med overføringa fall trongen for å halde ved like det administrative skiljet i pleie- og omsorgstenestene på lokalt plan bort. Statistisk sentralbyrå tok i bruk felles skjema for alle institusjonar og buformer for eldre med tenester heile døgnet. Samstundes vart statistikken over heimetenestene nærare samordna med statistikken over institusjonane, og ein fekk ein felles rutine for innsamling og publisering av statistikken i 1989.

Eit par år før overføringa av ansvaret til kommunane fann stad, vart det statlege bidraget til finansieringa av helse- og sosialtenestene i kommunane lagt om frå øyremerka tilskot til generelle rammetilskot utan nokon form for rapportering av verksemda til dei sentrale styresmaktene. Følgjeleg vart tidlegare kjelder til informasjon om den lokale utviklinga avvikla. Dei sentrale styresmaktene har det overordna ansvaret for utviklinga og rammevilkåra og må føre tilsyn med lover, forskrifter og målsetjingar. Dei fekk difor behov for ny statistikk over desse tenestene.

Dette er bakgrunnen for den pleie- og omsorgsstatistikken som har vorte laga sidan 1989. To omsyn har stått sentralt i arbeidet. Dei sentrale styresmaktene har behov for informasjon, både for planlegging, og for kontroll og evaluering av den lokale verksemda. Kommunane er òg ei interessegruppe for statistikken. Dei ynskjer å kunne samanlikne pleie- og omsorgstenestene både på regionalt og nasjonalt nivå.

Statistikk over personell i pleie- og omsorgstenesta er frå og med 2003 henta frå SSB sin registerbaserte sysselsettingsstatistikk.

For å gi styresmaktene betre informasjon om verksemda og brukarane er det gjennom fleire år arbeidd med å utvikla eit system for individbasert statistikk over brukarar og søkjarar av kommunane sin pleie- og omsorgsteneste. Frå og med 2007-årgangen er statistikken om brukarane av pleie- og omsorgstenester basert på innsamling til IPLOS-registeret.

Statistikk over nokre kjenneteikn ved tenestene vert framleis henta inn gjennom summariske skjema (KOSTRA-skjema).

KOSTRA-systemet har og statistikk om utgiftene til pleie- og omsorgstenesta i kommunane, som hentast inn gjennom kommunerekneskapa.

Brukarar og bruksområde

Helsedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet, andre fagdepartement, kommunane, forskingsinstitutt og massemedia.

Samanheng med annan statistikk

Statistikken må sjåast i samanhang med statistikken for helsetenestene i kommunane.. Her finn ein mellom anna ei oversikt over dei årsverka i pleie og omsorgstenestene som vert utførte av lækjarar og fysioterapeutar.

Lovheimel

For summariske data (KOSTRA-skjema): Statistikklova §2.2 Lov om helsetjenesten i kommunene § 6-3 og Lov om sosiale tjenester § 2-5 For individdata (pseudonymt register for Indivibasert PLeie- og OmorgsStatistikk, IPLOS): Helseregisterlova (18. mai 2001 nr 24) § 9 jf IPLOS-forskriften (17. februar 2006 nr 204) § 2-1.

Statistisk sentralbyrå hentar inn og publiserer statistikk på vegne av Helsedirektoratet.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken er basert på registrering av pleie- og omsorgstenestene i alle kommunar, inkludert alle institusjonane for eldre og funksjonshemma, både private og kommunale, som fell under pleie og omsorg.

Datakjelder og utval

Pleie- og omsorgsstatistikken baserer seg på

  • årleg innsending av to ulike elektroniske spørjeskjema til alle kommunar og institusjonar for eldre og funksjonshemma via KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering)
  • årleg innsending av data om brukarar og søkjarar av pleie- og omsorgstenester på individnivå til IPLOS-registeret
  • SSB sin registerbaserte sysselsettingsstatistikk.

Statistikken omfattar alle kommunar, alle brukarar og søkjarar av pleie- og omsorgstenester og alle institusjonar for eldre og funksjonshemma definert i anten Lov om sosiale tjenester eller Lov om helsetjenesten i kommunene.

Datainnsamling, editering og beregninger

Kommunane fyller ut data på elektroniske skjema. To ulike skjema er i bruk. Det eine omfattar mellom anna opplysningar om organisering av omsorgstenestene, om kva for heimetenester som er tilgjengelege på ulike tider av døgnet, om dagsentret og om egenbetaling for praktisk bistand. Det andre er eit skjema til institusjonane, der dei mellom anna skal fylle ut talet på plassar totalt og for spesielle tilbod, talet på rom for ein bebuar/fleire bebuarar, talet på plassar disponerte av andre kommunar i institusjonen. Svarfristen for opplysningane er 1. februar kvart år.

Opplysningane om brukarar og søkjarar av kommunens pleie- og omsorgstenester vert løypande registrerte i kommunens fagsystem. Opplysningane som vert registrerte om den einskilde brukar er i hovudsak alder, kjønn, sivilstand, kva for tenester som er motteke, brukarens assistansebehov og diagnose. Tenestene registerast med vedtaksdato (start og slutt). For dei mest sentrale heimetenestene vert det registrert kor mange timar per veke brukaren er tildelt. For dei som har plass i institusjon vert institusjonens organisasjonsnummer registrert. Frå eiget fagsystem tar kommunane eit utrekk av dei opplysningane som er naudsynte for statistikken om personar som har motteke og/eller søkt om tenester i løpet av statistikkåret. Data vert først sende elektronisk til Skattedirektoratet som byttar ut fødselsnummer med pseudonym før data vert sende til SSB. På den måten sikrar ein brukaranes anonymitet samstundes som registeret vert personeintydig. Det er et viktig prinsipp for denne prosedyren at ingen av aktørane samstundes får tilgang på IPLOS data og fødselsnummer. Svarfristen for opplysningane er 15. februar kvart år.

Kontroll og revisjon av datamaterialet er basert på samanlikningar med tal frå året før, samt ei vurdering av dei relative tala som kjem fram for den einskilde kommunen. Dette kan til dømes vere talet på brukarar, årsverk eller tal for institusjonsplassar sett i forhold til talet på eldre i kommunen. I dei tilfella kor det er store avvik frå det eine året til det andre, vert dei som gjev oppgåva kontakta for ei nærare avklaring og mogleg retting. Nokre opplysningar let seg òg rette på grunnlag av andre data i oppgåva. I tillegg til dei nemnde kontrollane kjem kontrollar for å få eit logisk samsvar mellom opplysningane på dei ulike postane i skjema.

Kontroll av opplysningar i IPLOS-registeret omfattar i hovudsak logiske kontrollar, kontrollar av at alle opplysningar er utfylt, og konsistente i forhold til andre registrer i SSB. Ved feil må kommunane sende inn uttrekk på nytt.

Trass i eit omfattande arbeid med revisjon, vil det likevel kunne hefte feil eller manglar ved tal som vert presenterte.

Konfidensialitet

For området pleie og omsorg vil enkelte data om brukarar og søkjarar vera undertrykte (prikka ut) dersom færre enn fem brukarar ligg til grunn for berekninga.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken har vore endra fleire gonger, men alle sentrale variable kan verte gjeve frå 1991. Frå og med 2007 er IPLOS kjelde for statistikk over brukarar av pleie og omsorgstenestene i kommunane. Dette gjer at tal for brukarar av pleie og omsorgstenestene i 2007 ikkje kan samanliknast med tidlegare år.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Utvalsfeil
Fråfall: For alle kommunar og institusjonar som ikkje sender inn oppgåve vert tala frå året før lagt inn.

Ikkje-utvalsfeil
Registerfeil: Opplysningane som finst i registeret over institusjonar blir samanlikna med opplysningar frå Bedrifts- og foretaksregisteret (BOF).