98830_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/aar-forelopige
98830
Nær 100 milliardar kroner til omsorgstenester
statistikk
2013-07-01T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nær 100 milliardar kroner til omsorgstenester

Brutto driftsutgiftene til omsorgstenestene var 95 milliardar kroner i 2012, då er utgiftene til det nye samhandlingsområdet inkludert. Sjølv utan samhandlingsreforma, som vart innført 1. januar 2012, auka utgiftene med over 8 prosent frå 2011.

Pleie- og omsorg - nøkkeltal
20122011-20122009-2012
Brukarar av omsorgstenesterProsentvis endring
1Tallene er rettet 1. juli 2013 kl. 11.30.
I alt271 5301,01,9
Berre praktisk hjelp42 141-2,8-7,0
Berre heimesjukepleie73 3494,510,3
Både praktisk hjelp og heimesjukepleie63 230-0,50,9
Tidsavgrensa opphald i institusjon9 8987,73,1
Langtidsopphald i institusjon34 013-0,6-2,3
Andre tenester til heimebuande48 8991,32,9
 
Helse- og omsorgsinstitusjonar
Plassar141 7321,11,0
Delen private plassar9,6-1,9-7,4
Andel plasser i brukertilpasset enerom m/ eget bad/wc77,50,0
Legetimer pr. uke pr. beboer i sykehjem0,4310,326,5
 
Personell i omsorgstenestene
Årsverk131 179,951,86,2
Andel årsverk i brukerrettede tjenester m/ fagutdanning741,42,8
Andel legemeldt sykefravær av totalt antall kommunale årsverk i brukerrettet tj9,05,9..
 
Utgifter i omsorgstjenestene
Omsorgstjenestene90 207 9828,420,6
Samhandling5 177 501..

Det er ikkje grunn til å vente store endringar i til dømes tenestebruken i kommunane etter berre eitt år med samhandlingsreforma. Men, det er allereie ein tendens til meir bruk av tidsavgrensa opphald i institusjonane. Talet på bebuarar på tidsavgrensa opphald auka med 700 i løpet av 2012, medan talet på langtidsbebuarar gjekk ned med 200 i den same perioden.

I tillegg til at samhandlingsreforma kan påverka utviklinga, speler òg demografiske forhold inn på tenestebruken. Eldrebølgja er i startgropa, og talet på dei som er 67 år og eldre auka med nær 20 000. Ettersom fleire etterkrigskull kjem til – og vert eldre – vil stadig fleire trengje omsorgstenester. Det gjeld i første omgang ulike former for heimeteneste, supplert med tidsavgrensa plass på sjukeheimen.

Frå 2011 til 2012 auka talet på årsverk i omsorgstenesta med nær 2 prosent og enda på om lag 131 000 årsverk. Dette meir enn kompenserer for auken i talet på brukarar, slik at årsverk per brukar av omsorgstenesta går opp til 0,48. På den andre sida var auken i den eldre befolkninga så stor at årsverk per 1 000 innbyggjarar som er 67 år og eldre, gjekk ned frå 197 til 195. Delen med fagutdanning aukar jamt og er no på 74 prosent. Det legemelde sjukefråveret har auka noko, lik tendensen ein har sett på andre yrkesområde.

Talet på sjukeheimplassar auka med rundt 450 til nær 40 300, medan talet på aldersheimplassar ser ut til å flate ut på i overkant av 1 400. Delen private plassar held seg stabilt på rett under 10 prosent av totalen. Fleire av dei private plassane vert no drivne kommersielt, medan færre vert drivne av ideelle organisasjonar. Ein plass i institusjon kostar rundt 1 million kroner i året, eller i underkant av 3 000 i døgnet.