20382
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20382
Auke i produksjonen av fjørfe- og sauekjøt
statistikk
2003-04-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i produksjonen av fjørfe- og sauekjøt

261 000 tonn kjøt vart kontrollert i 2002, ein nedgang på 500 tonn i høve til 2001. Det vart registrert nedgang i produksjonen av svinekjøt, medan slakt av fjørfe og sau auka.

Endring av slaktemengda av ulike kjøtslag. 2001-2002. Prosent

Svinekjøt utgjorde 40 prosent, storfekjøt 33 prosent, fjørfekjøt 18 prosent og sauekjøt 10 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2002. Samanlikna med året før har det vore ein auke i slaktemengda av fjørfekjøt med 3 700 tonn, eller 8 prosent, og sauekjøt med 700 tonn, eller 3 prosent. For produksjon av svinekjøt har det vore ein nedgang på 4 prosent i høve til 2001, medan slakt av storfe var om lag den same som året før.

Slakt av kylling auka mest

45 900 tonn fjørfekjøt vart kontrollert i 2002. Av dette utgjorde kylling 82 prosent, kalkun 11 prosent og høns 6 prosent. Produksjon av kyllingkjøt auka med 10 prosent frå året før. I løpet av fem år har produksjonen auka med 44 prosent.

Mest slakt av sau om hausten

Om hausten er det slaktsesong for sau, og i 2002 vart 91 prosent av alt slakta i 3. og 4. kvartal. Det vart også slakta meir svin i 2. halvår enn i 1. halvår, medan slaktinga av fjørfe var størst i 2. og 4. kvartal.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB