20887_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20887
Færre sjukeheimsplassar
statistikk
2010-07-08T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre sjukeheimsplassar

Det var 69 færre sjukeheimsplassar i 2009 enn i 2008, viser pleie- og omsorgsstatistikken. Nedgangen er liten, men dette er første gongen SSB registrerer ein slik reduksjon.

Sjølv om det er viktig å understreka at tala er førebelse, er det likevel klart at ein del kommunar legg ned sjukeheimsplassar eller omdefinerar dei til kommunalt disponerte omsorgsbustader. Dette vert til ein viss grad reflektert i at talet på bebuarar i bustad med heildøgns bemanning har auka tilsvarande. Heildøgnstilbodet (talet på institusjonar og bustader med bemanning heile døgnet) vert dermed tilnærma uendra. I mange tilfelle er det berre delar av sjukeheimen som vert omgjord, ikkje heile. Ein del av nedgangen kan òg forklarast med omgjering til einerom og auka standard elles.

Medan rundt 80 kommunar hadde nedgang i talet på plassar, hadde 70 oppgang. Talet på plassar i aldersheimar held fram med å minska. No utgjer dei berre 4,4 prosent av institusjonsplassane totalt, medan dei i 1996 stod for heile 20 prosent. Den private delen av institusjonane viser ein liten auke, til 10,5 prosent.

Mottakarar av heietenester, etter alder. 1992-2009

Fleire mottakarar

Totalt auka talet på heimetenestemottakarar med 4 prosent frå 2008. Auken var jamt fordelt mellom dei som tek imot både praktisk bistand og heimesjukepleie, og dei som berre får heimesjukepleie. Talet på mottakarar av berre praktisk bistand hadde ein liten nedgang.

Framleis fleire yngre

Talet på yngre mottakarar av heimetenester, altså dei under 67 år, stig framleis. Frå 2008 til 2009 var auken på 9 prosent. Noko av veksten kan skuldast endra registreringspraksis i kommunane. Delen yngre mottakarar aukar i høve til både talet på heimetenestemottakarar og talet på innbyggjarar i same aldersgruppe. Om lag 38 prosent av mottakarane er no under 67 år. Dei yngre får dessutan langt meir hjelp enn dei eldre. I gjennomsnitt får dei yngre 13 timar per veke, mot litt over 4 timar for dei eldre. Til ein viss grad kjem forskjellen av at dei fleste eldre med høgt bistandsbehov bur på institusjon.

Meir midlar over til heimetenesta

Brutto driftsutgifter til pleie og omsorg kom på 75 milliardar kroner i 2009, ein auke på nær 6 prosent frå året før. Samstundes auka talet på årsverk med 2 prosent, til om lag 123 500. Både tal for utgifter og årsverk stadfestar at det er ein viss omfordeling av ressursar frå institusjon til heimeteneste.

Tabeller: