172324_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/aar-forelopige
172324
Stadig meir helsetenester i heimen
statistikk
2014-07-08T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)Helsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig meir helsetenester i heimen

Talet på dei som får berre praktisk bistand, blir redusert i same takt som talet på mottakarar av berre helsetenester i heimen aukar. Samstundes er talet på dei som får begge tenestene, ganske stabilt. Dermed held trenden frå tidlegare år fram.

Pleie- og omsorg - nøkkeltal
20132012 - 20132009 - 2013
Brukarar av omsorgstenesterProsentvis endring
I alt271 4060,01,9
Berre praktisk hjelp40 991-2,7-9,5
Berre heimesjukepleie75 0112,312,8
Både praktisk hjelp og heimesjukepleie63 8561,01,9
Tidsavgrensa opphald i institusjon9 082-8,3-5,4
Langtidsopphald i institusjon33 968-0,1-2,4
Andre tenester til heimebuande48 498-0,82,0
 
Helse- og omsorgsinstitusjonar
Plassar41 594-0,3
Delen private plassar10,26,6
Andel plasser i brukertilpasset enerom m/ eget bad/wc79,93,132,7
Legetimer pr. uke pr. beboer i sykehjem0,467,035,3
 
Personell i omsorgstenestene
Årsverk132 694,221,27,5
Andel årsverk i brukerrettede tjenester m/ fagutdanning740,02,8
Andel legemeldt sykefravær av totalt antall kommunale årsverk i brukerrettet tj8,6-4,4-9,5
 
Utgifter i omsorgstjenestene
Omsorgstjenestene94 456 0504,726
Samhandling5 486 8197.

Fordelte på alder viser KOSTRA-tala no færre brukarar med pleie- og omsorgstenester blant dei eldre. Til dømes har talet på mottakarar av heimetenester gått ned til 71 per 1 000 innbyggjarar i aldersgruppa 67-79 år, som er ein reduksjon på 3 prosent frå 2012 og 12 prosent frå 2009. Dette heng særleg saman med demografiske svingingar. Etter ein jamn auke frå dei små kulla oppvaksne i «dei harde trettiåra» blir det no stadig fleire pensjonistar som følgje av dei store barnekulla etter krigen. Ein får altså ei forskyving i samansettinga av aldersgruppa 67-79 år i retning av personar med mindre behov for bistand på grunn av alder. I gruppa 80-89 år har det i fleire år vore ein tilsvarande trend. Personar i dei eldste og pleietrengande store kulla på byrjinga av 1920-talet forsvinn ut av gruppa, anten ved at dei døyr, eller går inn i gruppa 90 år og over.

Nærmast uendra hovudtal

Dersom hovudtala for 2013 blir samanlikna med tilsvarande tal frå 2012, er det berre små endringar, på 1 prosent eller lågare. Tala på mottakarar av tenester var i 2013 på om lag 271 000, talet på plassar i institusjon utgjorde 41 600, og talet på årsverk i pleie og omsorgstenestene var 133 000. Utgiftene til omsorgstenesta auka med 4,7 prosent frå 2012, til totalt 94,5 milliardar. Denne auken er berre litt kraftigare enn prisstiginga for til dømes statlege helsetenester.

Betre romstandard

Det har i lang tid vore ei ynskja utvikling å erstatte aldersheimar med sjukeheimar eller tilbod i heimetenesta. Talet på plassar i aldersheimar har gått noko meir ned enn nettotalet på plassar i sjukeheimar har auka, slik at ein totalt får ein liten nedgang i talet på institusjonsplassar. Mange av aldersheimane og sjukeheimane som blei lagde ned i 2013, har blitt erstatta av nye sjukeheimar som har betre standard - det vil mellom anna seie tilpassa einerom med eige bad og wc. No er fire av fem plassar i slike rom.

På tenestesida har tida som er sett av til sjukeheimsarbeid for legane, auka med 7 prosent frå 2012 til 2013 og med 35 prosent dei siste fem åra. I 2013 utgjorde legetid på sjukeheim nær ein halvtime per veke per bebuar.

Tida som er sett av til arbeid på institusjonar for fysioterapeutar, har òg auka, til 23 minutt per veke per bebuar i 2013. Det er elles grunn til å nemne at verdien på desse indikatorane har auka dels som følgje av at talet på bebuarar har gått noko ned sidan 2012.

Tilnærma uendra bemanning

Av dei om lag 126 000 brukarretta årsverka som var registerte innanfor pleie og omsorg i 2013, hadde 74 prosent helsefagleg utdanning. Denne delen har berre auka svakt, frå 72 prosent i 2009. Tilsvaranda er personellinnsatsen per brukar nær eit halvt årsverk, berre litt høgare enn i 2009. Medan talet på tildelte timar per veke for helsetenester i heimen har lege konstant på 4,6 sidan 2009, har tildelt tid for praktisk bistand ifølgje KOSTRA auka for kvart år, til 8,3 timar per veke i 2013.

Meir til heimetenester enn institusjonstenester

I 2009 utgjorde institusjonstenester 48 prosent av totale utgifter i omsorgssektoren, medan heimetenester stod for 46,5 prosent. I 2013 var dette omvendt; 46 prosent av utgiftene var knytte til institusjon, medan 48,6 prosent gjekk til heimetenestene.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB