54422_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/aar-forelopige
54422
Stabilt nivå på pleie- og omsorgstenestene
statistikk
2011-07-08T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabilt nivå på pleie- og omsorgstenestene

Talet på sjukeheimsplassar viser ein liten auke frå 2009 til 2010, mens talet på heimetenestemottakarar er tilnærma uendra.

Talet på plassar i institusjon auka med om lag 200. Det var nær 175 000 heimetenestemottakarar (brukarar som tek imot heimesjukepleie og praktisk bistand) i 2010. Sidan talet på årsverk innanfor pleie og omsorg hadde ein auke på i overkant av 2 prosent frå 2009, og fråveret sank noko, vart det litt meir tid til kvar brukar.

Fleire sjukeheimsplassar

Talet på plassar i aldersheimar går vidare ned, og talet på plassar i sjukeheimar går opp. Nedgangen i sjukeheimsplassar frå 2008 til 2009 var såleis ikkje normal. Auken i sjukeheimsplassar var større enn nedgangen i aldersheimplassar, slik at talet på plassar i institusjon i alt auka med om lag 200 til 41 300. Talet på bebuarar i institusjon gjekk ned med om lag 2 prosent. Dette kjem truleg av opprydding i kommunane sine register.

Kraftig auke i talet på dei eldste heimetenestemottakarane

Ser ein på aldersgrupper, er det ein liten auke for heimetenestemottakarar under 67 år, medan det har blitt færre mottakarar i alderen 67-89. For dei over 90 år er det ein kraftig auke, 8 prosent. Desse endringane har i stor grad si årsak i demografiske forhold, ikkje minst dei store fødselskulla rundt 1920 og dei låge fødselskulla frå ”dei harde trettiåra”.

Meir tid til kvar mottakar

Talet på årsverk innanfor pleie og omsorg var vel 126 000 ved utgangen av 2010, ein auke på om lag 2 prosent frå 2009. Samstundes gjekk fråveret (legemeldt sjukefråvere og fødselspermisjon) ned frå 11,6 til 11,2 prosent. Med tilnærma uendra tal på mottakarar av heimetenester, og nedgang i talet på bebuarar i institusjon, tyder dette alt i alt på at kvar einskild mottakar i gjennomsnitt fekk litt meir hjelp i 2010 enn i 2009. Direkte tid til mottakarar av heimesjukepleie og praktisk bistand har auka frå 7,5 til 7,7 timer.

Talet på mottakarar av brukarstyrt personleg assistanse har auka med rundt 5 prosent, til nær 2 700 mottakarar.

Ny versjon av IPLOS i 2009

I 2009 vart det innført ny versjon av Individbasert Pleie- og OmsorgsStatistikk (IPLOS). I samband med tilpassing av fagsystem til ny IPLOS-standard oppstod det ein del problem som fekk konsekvensar for 2009-statistikken. Dei fleste av desse problema er ordna ved innrapportering av 2010-data, men det er framleis knytt uvisse omkring resultata for 2009.

Frå og med 2009 vart registreringar i IPLOS av bebuarar i bustader lagt om, og i samband med dette vart det i 2010 gjennomført ein stor ryddejobb knytt til desse opplysningane. Bebuarar i kommunale bustader til andre føremål enn pleie og omsorg er no fjerna frå tala slik at resultata for 2010 ikkje er samanliknbare med tidlegare årgangar. I data frå 2009 har ein del kommunar truleg registrert bebuarar i bustader som brukarar på institusjonsopphald. Dette gjer at talet på brukarar registrerte med opphald i institusjon i 2009 er overestimerte.

Tabeller: